Rabbi Uzi Sharbaf, i 1984 dømd til livstid i fengsel, talar til tusentals jødiske suprematistar.

ISRAEL VICTORY CONFERENCE

For to veker sidan vart det halde eit høgtidssamt, stjernespekka arrangement i Jerusalems International Convention Center. Det bar tittelen «Conference for Israel’s Victory - settlements bring security: returning to the Gaza Strip and northern Samaria». 12 ministrar, inkludert statsminister Benjamin Netanyahu, deltok.

Men ikkje ein einaste politisk figur, ikkje ein gong sikkerheitsminister Itamar Ben Gvir, fekk så frenetiske ovasjonar som rabbi Uzi Sharbaf fekk. Han er no ein sentral figur i den israelske debatten, sjølv om han er relativt ukjend i utlandet. Det at han var til stades på arrangementet, vekka eit håp blant deltakarane om å gjere godt att det dei ser som «synda» ved tilbaketrekkinga av dei jødiske busetnadane frå Gaza i 2005.

Under dei følgande timane erklærte Yaakov Margi (Shas), minister for velferd og sosialsaker, at kollegaane hans burde ha «tenkt» før dei gjekk inn i dette sirkuset.

Opposisjonsleiaren Yair Lapid klaga på at Benjamin Netanyahu, «som ein gong stod i sentrum for den nasjonale leiren, let seg trekke av ekstremistane,» og la til at statsministeren «har nådd botnen».

General Benny Gantz erklærte at konferansen var «ei fornerming mot det israelske samfunnet i krigstid. Den underminerer legitimiteten vår i verda og forsøka på å skape eit rammeverk for returen til gislane våre.» Han kommenterte deltakinga til statsministeren: «Den som dansar og splittar bestemmer ikkje, og den som er taus og let seg dra med er ingen leiar».

På eit av bannera stod det: «Berre ei overføring [av palestinarar ut frå Gaza] kan gi fred.» Medan eit kart viser dei neste israelske byane i Gaza.

Neste dag, som om han frykta at ein gamal demon skulle kome tilbake, signerte president Joe Biden eit dekret som forbaud visse ekstremistar å kome inn i USA, og framfor alt forbaud det all pengeinnsamling og -overføring til rabbi Uzi Sharbaf sine menn. Desse sanksjonane gjeld ikkje berre innanfor USA, men også alle utlandske bankar med interesser i USA, det vil seie stort sett heile Vesten [1].

Biden-administrasjonen, som til no diskret har støtta massakren i Gaza ved forsyning av artilleriammunisjon og andre våpen, ser seg plutseleg om etter ein veg ut av krisa. Utanriksminister Antony Blinken gav seg i veg på ein ny tur til regionens hovudstadar, denne gongen med forslag.

Korfor provoserte rabbi Uzi Sharbaf fram slike reaksjonar? For å forstå det, må vi sjå tilbake til 1922. Innanfor den sionistiske rørsla finst det faktisk ei endå meir fanatisk gruppering som ikkje nølar med å angripe anglosaksarane.

«STERN-GJENGEN»

Dei «Revisjonistiske sionistane» er følgarane til Vladimir Ze’ev Jabotinsky, ein ukrainsk fascist som i 1922 danna ein allianse med dei ukrainske «integrale nasjonalistane» til Symon Petlioura og Dmitro Dontsov mot sovjetarane. Under denne alliansen massakrerte «nasjonalistane» ikkje berre ukrainske anarkistar og ukraiinske kommunistar, men også titusentals ukrainske jødar. For å sleppe å forklare seg om dette, trekte Jabotinsky seg frå stillinga som leiar for World Zionist Organization og grunnla Alliance of Revisionist Zionists. I Italia, med hjep frå duce Benito Mussolini, oppretta han den paramilitære, fascistiske gruppa Betar.

På slutten av Andre verdskrig følgde dei «revisjonistiske sionistane» sin fascistiske draum, no utan støtta til deira italienske motpartar. Dei tok avstand frå den jødiske kommunale militsen i Palestina, Hagana, og danna sin eigen, Irgun [2].

I eit brev til New York Times samanlikna Albert Einstein, Hannah Arendt og andre jødiske personlegdommar Irgun med fascistiske og nazistiske grupperingar [3].

Seinare vart Irgun opphav til Lehi (også kjend som «Stern-gruppa», eller for bitisk politi som «Stern-gjengen» [4]). Stern-gruppa var direkte knytt til den polske fascist-regjeringa (Avraham Stern deltok i den første versjonen av «Madagaskar-planen». Stern vart arrestert av britane sman med leiarane for gruppa hans i starten av Andre verdskrig, men sleppt fri då den polske regjeringa reetablerte seg i eksil i London. Lehi gjenopptok kontakten med dei italienske fascistane, og føreslo for nazistane at dei skulle hjelpe dei med å utvise europeiske jødar til Palestina. Etter litt nøling, nekta nazistane. Under dei to første åra av krigen utførte Lehi fleire angrep mot britane og mot venstreorienterte jødar. Avraham Stern vart skoten og drept av ein CID-etterforskar i februar 1942. Frå då av vart Lehi omorganisert av Yitzhak Shamir, som drap rivalane sine og seinare vart statsminister i Israel på 1980-talet.

I 1944 gjenopptok Lehi angrepa sine på britane. Dei var nære på å avlive britane høgkommissær i Palestina, Harold MacMichael, og dei klarte å drepe koloniministeren, Lord Moyne.

Stern-gjengen drap britiske politiske og militære autoritetar i angrepet på hovudkvarteret deira i King David Hotel.

David Ben Gurion, som heldt seg lojal mot britane, starta ein Haganah-kampanje for å stoppe aksjonane til Irgun og Lehi. Mange av medlemmane deira vart arresterte. Men i 1945 organiserte Ben-Gurion i løynd ei forsoning med Dei revisjonistiske sionistane. Dette samarbeidet, «Rørsla for det hebraiske opprøret», viste seg å bli kortvarig. Lehi organiserte angrepet på sekretariatet til den britiske regjeringa for Palestina under mandatperioden og militærkommandoen deira, som begge oppheldt seg på King David Hotel. 91 døydde og 46 vart skadde. Lehi stoppa ikkje sin terrorist-aktivitet med arrestasjonen av Yitzhak Shamir. Tvert imot utvida dei aktivitetane sine til London, fram til britane trekte seg ut av Palestina. Deretter gjekk dei laus på arabarane, med massakren i Deir Yassin, ein landsby der minst 120 palestinske sivile vart drepne.

Då den unilaterale proklamasjonen av den hebraiske staten fann stad, vart Irgun og Lehi til sist inkorporerte i Dei israelske forsvarsstyrkane (IDF). Då FN sende den svenske greven Folke Bernadotte for å avgjere dei geografiske grensene mellom den jødiske staten og den arabiske staten, organiserte Yitzhak Shamir drapet på FN-utsendingen [5]. I same attentat vart også oberstløytnant André Sérot frå FNs «blå hjelmar» drept, og han vart erstatta av Pierre Gaïsset (bestefaren til forfattaren av denne artikkelen). Mordaren av FN-utsendingen – Yehoshua Cohen, ein veteran frå Lehi – vart seinare livvakt for den pensjonerte israelske statsministeren David Ben Gurion. «Dei revisjonistiske sionistane» skifta namn og stifta eit nytt parti, Hérout, med Menachem Begin som leiar.

I 1952 grunnla Yehoshua Cohen Sde Boker-kibbutz’en. Då statsminister David ben Gurion året etter slutta seg til kibbutz’en, vart Yehoshua Cohen livvakten hans.

Rabbi Uzi Sharbaf, stjerna på Konferansen for Israels siger.

«DEN JØDISKE UNDERGRUNNEN»

Etter dette mistar ein spora av Stern-gruppa. Men etter «Seksdagarskrigen» utvikla «Dei trufaste» (Gush Emunim) idéen om at Yahweh hadde gitt heile Palestina til jødane. Dei hadde ikkje berre rett til å okkupere, men plikt, slik at profesien kunne bli oppfylt. Denne rørsla utvikla seg rundt rabbi Zvi Yehouda Kook. Han underviste at sjølv om dei første, sekulære israelarane hadde starta arberidet, var det berre dei religiøse som visste kva retning det skulle ta og fullføre det.

Det var i denne konteksten at Yehuda Etzion, son av ein gjengmedlem, gjenskapte Stern-gruppa. Han brukte same logo: ein knyttneve med to fingrar opp. Gruppas nye namn var «Den jødiske undergrunnen». Etter Camp David-avtalane, signerte i 1978 av ex-Muslimbror Anwar Sadat og sonist-revisjonisten Menachem Begin, organiserte Stern-gruppa seg formelt. Den opponerte mot tilbakeleveringa av Sinai frå Israel til Egypt. Den danna to celler. Den første, leia av Yehuda Etzion sjølv, skulle øydelegge Klippedomen i midten av Al-Aqsa-moskéen, for å gjenoppbygge tempelet i Jerusalem. Den andre skulle spreie terror blant anti-koloniale arabarar.

Rabbi Uzi Sharbaf var leiaren for «Den jødiske undergrunnen». Han vart i 1984 dømd til livstid i fengsel for medverknad i ei rekke dødelege angrep på palestinarar. Han vart diskret sleppt fri i 1991 av to revisjonistiske sionistar, president Chaim Herzog og statsminister Yitzhak Shamir.

Hans nærvær og den storslagne velkomsten han fekk frå tusentals aktivistar, vekker frykt for ein tilbakekomst av sionistisk terrorisme mot anglosaksarar. Washingtons reaksjon viser at det dei tolererer når arabarar er offera, må fordømmast når dei sjølve er trua.

ترجمة
Monica Sortland

[2Irgun: Revisionist Zionism, 1931-1948, Gerry van Tonder, Pen & Sword Military (2019).

[4The Stern Gang. Ideology, Politics and Terror, 1940-1949, Joseph Heller, Routledge (1995).

[5Bernadotte in Palestine, 1948: A Study in Contemporary Humanitarian Knight, Amitzur Ilan, Macmillan (1989).