Oppfatninga av fakta varierer frå person til person. Her blir det same teiknet lese som «6» av ein og «9» av ein annan.

Etter Andre verdskrig vart den moderne folkeretten etablert med tanken om at ein skulle motverke «krigspropaganda» (FNs generalforsamlings resolusjon 110 av 3. november 1947 [1] og resolusjon 381 av 17. november, 1950 [2]). Internasjonale lovgivarar, dvs suverene statar, vart snart einige om at krig berre kunne stoppast ved å sikre « fri flyt av idéar» (resolusjon 819 av 11. desember 1954 [3]).
Men dei siste åra har vi vore vitne til eit uvanleg tilbakeslag som held oss unna andre sine tankar, eksponerer oss for krigspropaganda og fører oss inn i ein global konflikt.

Dette fenomenet oppstod med den private sensuren av USAs president på sosiale nettverk, og heldt fram med den offentlege sensuren av russiske medium i Vesten. No blir ikkje lenger andre sine tankar rekna som eit verktøy til å hindre krig, men i staden som ei gift som truar oss.

Vestlege statar opprettar organ til å «korrigere» informasjon dei ser på som forfalska (Fake News) [4]. NATO vurderer å opprette eit organ kalla Information Ramstein, som skal ha ansvar for å sensurere ikkje russisk informasjon, men russiske idéar innan dei 30 medlemsstatane til Den nord-atlantiske alliansen. [5].
Dette er ei komplett reversering av verdiane til Den nord-atlantiske alliansen, som vart grunnlagt rett etter Atlanterhavspakta, som inkorporerte president Franklin Roosevelts «fire fridommar». Den første av desse fridommane var ytringsfridommen.

Men før internett blanda seg inn, då USA og Sovjetunionen nett hadde garantert «fri sirkulasjon av idéar» med Helsinki-avtalane, var FN – og særleg byrået deira på dette området, UNESCO – bekymra for «informasjonsimperialisme». Vesten tekniske overlegenheit let dei tvinge sitt syn på fakta på utviklingslanda.

I 1976, under Nairobi-konferansen, reiste FN spørsmål om medias funksjon med tanke på «styrking av fred og internasjonal forstand, fremjing av menneskerettar og kampen mot rasisme, apartheid og krigshissing.»

Den tidlegare irske utanriksministeren og vinnar av Nobels fredspris Seán MacBride danna ein kommisjon med 16 medlemmar under UNESCO. Blant medlemmane var franskmannen Hubert Beuve-Mery (grunnleggaren av Le Monde), colombianaren Gabriel García Márquez (Nobelprisvinnar i litteratur) og kanadiaren Marshall McLuhan (kommunikasjonsteoretikar). USA var representert ved Elie Abel, den gong dekan ved Columbia University School of Journalism, og Russland ved direktøren for pressebyrået TASS, Sergei Losev. Berre den femte og siste delen av rapporten (Communication Tomorrow) var gjenstand for generell debatt. MacBride-kommisjonen diskuterte utkastet til andre delar, men hadde ingen ankepunkt. Det verka vere allmenn semje om rapporten, som kom ut i 1978.

Men med det at rapporten peika på at dei same kjensgjerningane kan oppfattast på ulikt vis, og at den opna for spørsmål kring media i nord og media i sør sine middel, opna den Pandoras boks. Samtidig vart UNESCO konfrontert med propagandaen til det sør-afrikanske apartheid-regimet og propagandaen til Israel, som fornektar muslimske og kristne kulturar. Til sist sette USA og Storbritannia punktum for debatten ved å trekke seg ut av UNESCO. I dag veit vi at det britiske imperiet hadde sikra sin intellektuelle dominans ved å opprette nye nyheitsbyrå. Whitehall stengde Information Research Department (IRD) rett før MacBride-rapporten vart publisert [6]. Men krigen mot Syria har vist at heile systemet har blitt heilt gjenoppbygd i ei anna form [7]. Vesten held fram med å forfalske informasjon ved kjelda.
På førti år har medielandskapet blitt omdanna: det har oppstått internasjonale TV-nyheitskanalar, internettsider og sosiale nettverk. Samstundes har det vore ein kolossal mediekonsentrasjon på hendene til nokre få eigarar. Men ingen av dei problema som vart omtalte i 1978 har endra seg. Tvert imot. Med den unipolare verda har dei blitt verre.

Journalist-yrket består i dag av å enten skrive rapportar for pressebyrå eller kontekstualisere nyhenda for media. Pressebyråa er saklege og utan kjelder, medan media tilbyr kommentarar og analysar av pressebyråmaterialet. Kontekstualisering krev ein god del historisk, økonomisk og anna kunnskap, noko dagens journalistar stort sett manglar. Kravet om ferske nyheiter i radio og TV gir dei ikkje tid til å lese bøker og, endå mindre, oppsøke arkiv, unntatt ved djubdereportasjar. Kommentarane og analysane har difor blitt betydeleg utarma.

Den dominante ideologien i Vesten, som tenderer mot å bli «global», har blitt til ein religion utan Gud. Der er no berre to leirar: den til Dei gode og den til dei fråfalne. Sanninga blir bestemt ved konsensus blant elitane, medan folket avviser den. All kritikk blir rekna som blasfemi. Det er ikkje lenger rom for debatt og dermed demokrati.

Den alternative pressa har blitt nett like fattig, for den set sin lit til dei same dataa som dei internasjonale media gjer: rapportane til pressebyråa. Det rekk å kontrollere AFP, Ap og Reuters for å tvinge på oss eit bestemt syn på fakta. Ein kan krydre med den eine eller andre tendensen – Republikansk eller Demokratisk, konservativ eller progressiv osb. – men det vil alltid vere den same retten.

Sidan angrepa den 11. september, 2001, har dei som har ytra kritikk mot den offisielle versjonen av hendingane blitt kalla «konspirasjonsteoretikarar». Sidan valet av Donald Trump til presidet, har dei som set seg opp imot pressebyråa sine data blitt skulda for å forvrenge røyndommen og finne på falske nyheiter. Sidan journalistane har forbydd seg å nemne tankane til «konspirasistar», dvs dissidentar, prøver dei å korrigere falske nyheiter med klarerte nyheiter.

Likevel har samtidig trua på versjonane til mainstream-media kollapsa. I USA har opinionsmålaren Gallup Institute målt tilliten til dei trykte media sidan 1973 og til kringkastingsmedia sidan 1993. Tilliten til aviser har falle frå 51 prosent til 16 prosent, og tilliten til radio og TV har falle frå 46 prosent til 11 prosent.

Den einaste løysinga er å auke talet på pressebyrå, dvs informasjonskjelder. Ikkje for å gjere dei mange, men ulike. Berre då vil dei skjøne at måten ei hending blir omtalt på bestemmer kva vi tenker om hendinga.

I dag presenterer dei tre ovannemnde pressebyråa t.d. konflikten i Ukraina som ein «russisk invasjon». Dei hevdar at Moskva ikkje har greidd å ta Kiev og styrte president Zelensky, men utfører krigsbrotsverk kvar dag. Dette er éin måte å sjå det på. Vi har ikkje midla til å publisere stadige oppdateringar, men vi publiserer kvar veke ein identisk bulletin [8]. Kriteria våre er ulike. Vi refererer til folkeretten, og ikkje til Vestlege «reglar». Derfor skildrar vi same konflikten som bruk av Sikkerheitsrådets resolusjon 2202, som slår fast eit «ansvar for å bekytte» dei undertrykte folkegruppene sidan 2014. Hendingane er dei same, men for nokre fører måten dei skildrar dei på til tanken at russarane tar feil, medan våre får dei til å tenke at den russiske posisjonen er legal. Sant å seie finst det også ein annan skilnad: vi tolkar fakta over tid. For oss og for Sikkerheitsrådet har det vore ein borgarkrig i Ukraina i åtte år, med 20 000 døde. Dei tre store pressebyråa let som dei ikkje ser det. For oss har «dei integrerte nasjonalistane» ei lang kriminell historie som har kosta 4 millionar av medborgarane deira livet. Dei Vestlege pressebyråa ignorerer også dette [9].
Denne skilnaden gjeld alle emne. Til dømes fortel dei største pressebyråa oss at Vesten har innført sanksjonar for å straffe Russland for invasjonen av Ukraina. Vi les ikkje hendingane på same måte. Igjen med referansar til folkeretten, og ikkje til Vestlege «reglar», slår vi fast at avgjerdene til anglo-saksarane og EU er brot på FN-pakta. Dei er ikkje «sanksjonar» sidaden økonomiske våpen i krigføringa mot Russland, på same måte som borger vart omringa i gamle dagar for å svelte ut dei som hadde tatt tilflukt der.

Kvar ulikskap i tolking av hendingar framprovoserer ein ny. Når vi t.d. påpeikar at dei Vestlege pseudo-sanksjonane ikkje er godkjende av Sikkerheitsrådet, blir vi fortalde ata det er heilt normalt sidan Russland har vetorett i Rådet. Dette er å gløyme korfor FN vart organisert på den måten dei vart. Føremålet deira er ikkje å seie kva som er rett, men å hindre krig. Det var akkurat det som let Rådet bruke resolusjon 2022 til å løyse borgarkrigen i Ukraina. Men Vesten, trass engasjementet til Tyskland og Frankrike, brukte det ikkje, og det tvang Russland til å intervenere.

Vi kunne halde fram i det uendelege med denne doble lesinga. Det som er viktig å hugse, er at presentasjonen av fakta radikalt endrar måten dei blir oppfatta på. Til slutt vil eg invitere deg til å grunnlegge nyheitsbyrå som skildrar fakta på sin eigen måte, og ikkje måten til leiarane våre. Det er på denne måten, og ikkje ved å skjønnmale feilaktig informasjon, at vi vil ta tilbake vår forstand.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Resolution 110 (II) of the General Assembly of the United Nations”, Voltaire Network, 3 November 1947.

[2Condemnation of propaganda against peace”, Voltaire Network, 17 November 1950.

[4The West renounces freedom of expression”, by Thierry Meyssan, Translation TheAltWorld, Voltaire Network, 10 November 2022.

[5"A ’Ministry of Truth’ soon to be created within NATO", Voltaire, international Newsletter, n°16, 25 November 2022.

[6Britain’s secret propaganda war, Paul Lashmar et James Oliver, Sutton Publishing, 1998. des documents sur les origines de l’IRD ont été déclassifiés : IRD. Origins and Establishment of the Foreign Office Information Research Department, 1946-48, Historians IRD, History Notes #9, August 1995.

[7The fabrication of the myth of the "Syrian revolution" by the United Kingdom”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 25 February 2020.

[8Voltaire, International Newsletter is a weekly newsletter published in six languages: German, English, Spanish, French, Italian and Dutch.

[9Who are the Ukrainian integral nationalists ?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 15 November 2022.