"The two irreducible enemies: democrat Benny Gantz and fascist Benjamin Netanyahu"

Biden-administrasjonen heldt anden medan Israel responderte på angrepet til den palestinske Resistansen, inkludert Hamas, kjend som «Al-Aqsa-syndefloden» (7. oktober). Operasjon Iron Glaive starta med eit massivt bombardement av Gaza City i ein skala som mangla sidestykke nokon stad i verda, inkludert verdskrigane. Frå den 27. oktober og framover vart dette følgd opp med bakkeintervensjon, plyndring og tortur av tusentals sivile i Gaza. På fem månadar er 37 534 sivile døde eller sakna, inkludert 13 430 barn og 8900 kvinner, 364 medisinsk personell og 132 journalistar. [1].

I starten reagerte Washington med å urokkeleg støtte «Israels rett til å forsvare seg», og trua med å legge ned veto mot alle forslag til våpenkvile og forsyne Israel med så mange bomber som nødvendig for øydelegging av den palestinske enklaven. I deira auge var det utenkeleg å skulle li endå eit nederlag, etter dei i Syria og Ukraina. Men amerikanarane såg dei skrekkelege scenene på direkten på mobilane sine. Mange høgtståande tenestemenn i utanriksdepartementet skreiv og snakka om skamma dei kjende ved å støtte denne slakten. Petisjonar vart sette i omløp. Prominente figurar, både jødiske og muslimske, sa opp jobben.

Midt oppe i president-valkampen kunne ikkje Joe Bidens team lenger få meir blod på hendene. Dei byrja difor å legge press på det israelske krigskabinettet om å forhandle fram eit frislepp av gislane og slutte våpenkvile. Men koalisjonen til Benjamin Netanyahu nekta; dei spelte på traumene til israelarane og proklamerte at freden ikkje ville kome tilbake til Gaza før Hamas hadde blitt utrydda. Washington innsåg til sist at hendingane den 7. oktober berre var eit påskot for at Jabotinsky-følgarane skulle få gjere det dei alltid har villa: drive arabarane bort frå Palestina. Så Washington byrja insistere på at palestinarane hadde retten til å leve, at koloniseringa av landet deira var illegal ifølge Folkeretten, og at Israel/Palestina-spørsmålet skulle løysast med ei «to-stats-løysing» (og ikkje av den binasjonale staten det var snakk om i Resolusjon 181 av 1947).

«Dei revisjonistiske sionistane» (dvs. følgarane av Jabotinsky []) responderte med å organisere «Konferanse for Israels siger» [3] den 28. januar, 2024. Hovudattraksjonen var rabbi Uzi Sharbaf, som Israel hadde dømd til livstid i fengsel for sine rasistiske lovbrot mot arabarar, før han vart benåda av vennene sine. Sharbaf nølte ikkje med å erklære seg arving til Lehi og Stern-gruppa, som kjempa side om side med duce Benito Mussolini, mot dei allierte.

Bodskapen vart mottatt i Washington og London: denne vesle gruppa tenkte sette igjennom viljen sin overfor anglosaksarane, og dei ville ikkje nøle med å angripe dei dersom dei prøvde hindre etnisk utreinsking.

Det kvite hus innførte straks eit forbod mot å samle inn og overføre middel til dei [4]. Dette forbodet vart utvida til alle vestlege bankar med lova Foreign Account Tax Compliance Act (FATCA).

I tillegg signerte president Joe Biden den 8. februar eit Memorandum om vilkåra for overføring av US-amerikanske våpen [5]. Israel har tidsfrist til 25. mars til å skriftleg garantere at dei ikkje vil bryte Internasjonal humanitær lov (men ikkje Folkeretten sjølv) eller menneskerettane (slik USAs grunnlov forstår dei).

Parlamenta i Nederland og Storbritannia, for sin del, har byrja debattere moglegheitene for å stoppe våpenhandelen med Israel.

I Israel organiserte den jødiske demokratiske opposisjonen anti-sionistiske demonstrasjonar, der ikkje særleg mange møtte opp. Talarar framheva sviket til statsministeren, som utnytta sjokket den 7. oktober til å realisere sin koloniale draum, heller enn å redde gislane.

«Dei revisjonistiske sionistane» lanserte så ein medieoffensiv mot FN sitt hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten, UNRWA. Sidan 1949 har dette FN-organet sørga for utdanning, mat, helsevesen og sosiale tenester til 5.8 millionar statslause palestinarar i, Palestina Jordan, Libanon og Syria.Dei har eit årleg budsjett på over ein milliard dollar og over 30 000 tilsette. Allereie i 2018 stilte president Donald Trump spørsmål ved organets assistanse til palestinarar og suspenderte USA si finansiering av dei. Intensjonen hans var å tvinge dei palestinske fraksjonane tilbake til forhandlingsbordet. Fem år seinare er målet til «Dei revisjonistiske sionistane» heilt annleis. Med angrepet på UNRWA ville dei tvinge Jordan, Libanon og Syria til å deportere palestinske flyktningar óg. Dei anklaga 0,04% av UNRWA sin stab for å ha deltatt Operasjon Al-Aqsa-syndefloden og blokkerte bankkontoane deira i Israel. UNRWAs direktør Philippe Lazzarini frå Sveits suspenderte straks dei 12 anklaga tilsette og gav ordre om ei intern gransking.

Sjølvsagt fekk han aldri beviset som israelarane hevda dei hadde, men den eine donoren etter den andre, ført an av USA og EU, suspenderte finansieringa. I løpet av få dagar i Gaza, og veker i Jordan, Libanon og Syria,kollapsa hjelpesystemet til FN.

Då David Cameron, tidlegare statsminister og noverandeutanriksminister i Storbritannia, drog til Israel for å diskutere korleis ein skulle redde det som var att for palestinarane, samanlikna Amichai Chikli, Minister for Diasporaen, han med Neville Chamberlain som signerte München-avtalen med Adolf Hitler. "God dag til David Cameron, som ønsker å bringe ’fred i vår tid’ og gi nazistane, som utførte dei grufulle gjerningane den 7. oktober, ein premie i form av ein palestinsk stat som teikn på takksemd for mordet på babyar i krybbene sine, massevaldtekt og bortføring av mødre med barna sine,» erklærte han. Som under «Israels siger-konferansen», trua «Dei revisjonistiske sionistane» anglosaksarane.

Benjamin Netanyahus koalisjon for jødisk overherredøme byrja snakke om ein ny fase av «Jernsverd», denne gongen mot Rafah. Sivile som allereie hadde flykta frå Gaza, ville måtte flykte igjen. Men sidan Tzahal (IDF) hadde bygd ein veg som kuttar Gazastripa i to, ville dei ikkje kunne returnere til der dei kom frå. For å førebu seg på det verste, oppretta Egypt eit stort område på Sinai til å temporært huse folk frå Gazastripa, dersom fordriving verka uunngåeleg [6].

Medvitne om at dei berre kunne halde på makta i Tel Aviv takka vere 7. oktober-sjokket, vedtok «dei revisjonistiske sionistane» ei lov som sidestilte ytringar om «Al-Aqsa-syndefloden» med fornekting av nazistanes «endeløysing». Den forbaud granskingar av desse hendingane, med truslar om 5 års fengsel. Revisjonistar kunne difor halde fram med å tilskrive skulda for angrepet til Hamas aleine, sjølv om Islamsk Jihad og PFLP hadde deltatt. Dei kunne tolke det som ein anti-semittisk demonstrasjon, og jamstille det med ein gigantisk pogrom, og såleis fornekte målet om nasjonal frigjering.

Medvitne om at mange statar var kritiske til at dei skulle trekke tilbke støtta til UNRWA, fortsette dei revisjonistiske sionistane med angrepa sine mot FN-organet. Dei hevda at Hamas’ hovudkvarter var plassert i ein tunell under FN-organets hovudkvarter. Philippe Lazzarini uttrykte perpleksitet og minna om at Israel regelmessig kom for å ransake organet sine fasilitetar. Men Gilad Erdan, Israels permanente representant i FN, twitra: «Det er ikkje det at de ikkje veit, det er at de ikkje vil vite. Vi har vist fram terroristane sine tunellar under UNRWA-skular og levert bevis for at Hamas utnyttar UNRWA. Vi bad dykk utføre ei omfattande gjennomsøkning av alle UNRWA-fasilitetane i Gaza. Men ikkje berre nekta de, de valde og å grave hovudet ned i sanden. Ta ansvaret og gå av i dag. Kvar dag finn vi meir bevis for at Hamas=FN og vice-versa i Gaza. De kan ikkje stole på alt FN seier, eller alt som blir sagt om Gaza.

Dei jødiske suprematistane danna ein organisasjon, Tzav 9 (analogt med den generelle mobiliseringsordren «Tsav 8») for å hindre UNRWA i å halde fram med hjelpa til folket i Gaza. Dei utstasjonerte aktivistar ved dei to inngangspunkta til Gazastripa for å hindre lastebilar å passere. Samtidig vart ein UNRWA-lastebilsjåfør myrda i Gaza. Det tvinga FN-organet til å suspendere konvoiane sine. Desse vart seinare gjenopptatt, men då berre med israelsk eskorte. Det var då dei første angrepa frå sveltande massar fann stad. USAID-direktør Samantha Power annonserte at ho ville besøke området for å verifisere kva som skjedde. Washington antok at angrepa ikkje var spontane, men hemmeleg fremja av dei revisjonistiske sionistane. Først då fann massakren stad ved Naboulsi (south of Gaza City): ifølge IDF vart 112 menneske trampa til døde under ei utlevering av mathjelp. Dei israelske soldatane greidde berre å kome seg laus ved å bruke våpena sine. I realiteten vart 95% a offera drepne av kuler, ifølge helsepersonell og United Church of Christ. Washington kom med ei ytring som støtta Tel Avivs versjon av hendingsforløpet, men Haaretz skreiv: «Det er tvilsamt om det internasjonale samfunnet vil kjøpe desse forklaringane» [7].

.

Washington responderte med å gi Jordan og Frankrike løyve til å sleppe ned matforsyningar på Gazas strender, og deretter med å slutte seg til desse luftoperasjonane. I tillegg byrja dei bruke logistikken sin til å skape ei flytande øy som kunne brukast som landingsstad for internasjonal humanitær hjelp til Gaza (Gaza-kysten er for grunn til at store skip kan kome inn). Med det tar Pentagon opp ein idé som dagens utanriksminister Israel Katz la fram i 2017: Prinsippet om ein humanitær sjøkorridor frå Kypros er allereie avtalt. Den vil bli brukt av Dei sameinte arabiske emirata og EU.

Medan Israel anklaga, framleis utan prov, no 450 UNRWA-medarbeidarar for å vere medlemmar av Hamas, møtte UNRWA hundre sivile Gaza-folk som hadde blitt tatt til fange av IDF «for avhøyr», og lytta til det dei fortalde. FN-organet førebur no ein rapport om den systematiske torturen som desse vart utsette for. Heile verda har sett bilda av desse mennene som vart tvinga av israelske soldatar til å kle seg nakne for avhøyr. I forakt for anglo-saksarane , gjenopptok dei revisjonistiske sionistane sitt koloniseringsprosjekt. Dei gjekk inn i Gaza via grenseovergangen Eretz/Beit Hanoune for å bygge dei første bygga i ein ny busetnad, Nye Nisanit. Dei fekk reist to trebygg før dei vart stoppa av IDF.

36 redaktørar frå leiande anglosaksiske medium signerte eit brev frå Committee to Protect Journalists, der dei fordømde dødsfalla til medarbeidarane sine i Gaza, og minna den israelske regjeringa om ansvaret deira for å sørge for sikkerheita deira [8].

Men medan den israelske regjeringa let som om dei var overraska over desse dødsfalla, sa dei fleste medarbeidarane i Informasjonsdepartementet opp jobben sin. Minister Galit Distel-Etebaryan hadde allereie sagt opp den 12. oktober i protest mot den militære sensuren. No var krisa mykje alvorlegare: dei ansvarlege for desinformasjonen nekta å lyge vidare, når kløfta mellom narrativet deira og sanninga vart stadig breiare.

Benjamin Netanyahu si einaste innrømming var å oppheve forbodet om feiring av Ramadan i Al-Aqsa-moskéen. Etter at arabiske representantar i Knesset tok saka til kong Abdullah II av Jordan, som hadde eineansvaret for sikkerheita til Jerusalems muslimske heilage stad, autoriserte han til slutt desse samlingane for den første veka, med mogleg forlenging etter sju dagar.

Washington bestemde seg då for å radikalt endre sin politikk. Fram til då hadde dei vurdert det slik at dei ikkje hadde råd til å la Israel tape. Dei hadde difor støtta brotsverka deira. No, derimot, hadde dei ikkje råd til å la dei jødiske fascistane vinne. Det er viktig å forstå at Washington ikkje skifta meining då dei såg lidingane til folket i Gaza, eller på grunn av eit plutseleg utbrot av anti-fascisme, men på grunn av truslane frå «dei revisjonistiske sionistane». Standpunkta deira er utelukkande dikterte av ønsket om å oppretthalde dominansen sin over verda. Dei kunne ikkje førestille seg eit nytt nederlag for sine israelske allierte etter dei i Syria og Ukraina. Men dei kunne endå mindre førestille seg å tape for «dei reisjonistiske sionistane».

Biden-administrasjonen har difor invitert general Benny Gantz, den tidlegare alternative statsministeren og sidan 12. oktober Minister utan portefølje, til å kome til USA for konsultasjonar, trass motstand frå statsminister Benjamin Netanyahu. Det er ein slags motreaksjon på den måten sistnemnde vart invitert til å tale framfor Kongressen i 2015. USA er ivrig etter å vise at det er dei som har makta, og ingen andre.

USA kjenner seg tvinga til å reagere. Russland har invitert seksti palestinske politiske organisasjonar til Moskva og oppfordra dei til å sameine seg. Dei overbeviste Hamas til å godta PLO-pakta, dvs. å anerkjenne Staten Israel.

General Benny Gantz godtok ikkje denne invitasjonen for å søke hjelp utanifrå og styrte statsministeren. Han drog til Washington for å forvisse seg om at han enno kunne redde Israel og at hans allierte ikkje ville la han i stikka. Dei vart storleg overraska då han ikkje stod fram for dei som eit strategisk alternativ til Benjamin Netanyahu, men berre ein general som ikkje ville massakrere uskuldige menneske i hopetal.

Den 3. mars vart Benny Gantz tatt imot av visepresident Kamala Harris, som leverte ei kompromisslaus fordømming av massakren til Benjamin Netanyahus koalisjonsregjering. Den US-amerikanske pressa påpeika at den første talen hennar hadde blitt skriven i endå røffare tone. Det viktige her, er at ho spelte rolla som «den stygge politimannen» ("bad cop"), medan utanriksdepartementet og Pentagon tok rolla som «den snille politimannen» ("good cop"). Han møtte også utanriksminister Antony Blinken, som nesten salva han til Israels komande statsminister. Medan han var der, fekk han nyss om den brå avgangen til viseminister Victoria Nuland.

Ho er kjend i Europa for å ha ført oppsyn med styrtinga av Ukrainas valde president, Viktor Janukovitsj, i 2014. Ho hadde også ansvaret for å overtale Tysklands kanslar Angela Merkel og Frankrikes president François Hollande til å signere Minsk-avtalane som garantistar for fred i Ukraina. I dag veit vi at Vesten ikkje hadde nokon intensjon om å stoppe massakren på folket i Donbass; dei ville berre kjøpe seg tid til å ruste opp Ukraina militært.

Men Victoria Nuland er framfor alt kona til historikaren Robert Kagan, som leia Project for a New American Century (PNAC), der angrepa den 11. september 2021 vart annonsert som «Det nye Pearl Harbor» som atter skulle vekke «Det amerikanske imperiet» [9]. Begge er disiplar av filosofen Leo Strauss, som sjølv var disippel av Vladimir Jabotinsky og ein leiande figur i den nykonservative rørsla “Russia declares war on the Straussians”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 5 March 2022, www.voltairenet.org/article215855.html. Nummer 2 i Project for a New American Century var Elliott Abrams, mannen som i fjor finansierte Benjamin Netanyahus valkamp og statskupp [10].

I 2006, då som USAs ambassadør til NATO, stoppa Victoria Nuland den israelsk/libanesiske krigen og redda Israel frå tap mot Hizbollah. Ho kjenner difor Benjamin Netanyahu svært godt. Hennar avgang demonstrerer Biden-administrasjonen sitt ønske om å rydde i eige hus, medan dei gjer det same for Israel.

Den 6. mars hadde Benny Gantz ei mellomlanding i London på heimvegen. Han vart mottatt av sikkerheitsrådgivar Tim Barrow, statsminister Rishi Sunak og utanriksminister David Cameron. Han understreka at Israel hadde rett til å forsvare seg, men berre i samsvar med Folkeretten. For han var denne stoppen i London obligatorisk, sidan Hamas er den palestinske greina til Det muslimske brorskapet, eit politisk hemmeleg selskap som i løynd fekk løn av britiske MI6 og i fleire tiår var betrudd kong Charles III (då Prince of Wales).

Under sin Rikets tilstand-tale den 7. mars sa president Joe Biden, «Til Israels leiarar seier eg dette: Humanitær bistand kan ikkje vere ei sekundær sak eller eit pressmiddel under forhandlingar. Å verne om og redde sivile liv må vere ein prioritet. For framtida er den einaste verkelege løysinga på situasjonen ei to-stas-løysing. Eg seier dette som ein som lenge har vore alliert med Israel, og som den einaste amerikanske presidenten som har vitja Israel under krigstid. Men det finst ingen annan måte å garantere Israels sikkerheit og demokrati på. Det finst ingen annan måte å garantere palestinarane eit liv i fred og vyrdnad. Og det finst ingen annan måte å garantere fred mellom Israel og alle dei arabiske naboane, inkludert Saudi Arabia» [11].

Under Gaza-massakren byrja mange av leiarane i det større Midtausten som hadde vore sympatisk innstilte til Det muslimske brorskapet å stille spørsmål ved Hamas. Det var kanskje forståeleg at Brorskapet i islams namn hadde kjempa mot sovjetarane og sekularistane Muamar Gaddafi og Bashar al-Assad, men korleis kunne ein forklare at dei hadde sett i verk ein operasjon der berre eit muslimsk folk ville betale prisen? Først ut til å reagere var Tyrkias president Recep Tayyip Erdoğan, som tok ifrå Brorskapets øvste leiar, egyptaren Mahmud Huseyin, det tyrkiske statsborgarskapet han hadde gitt han to år før.

Dette betyr sjølvsagt ikkje at Recep Tayyip Erdoğan gir opp ideologien sin om politisk islam, men i staden at han prøver å skille den frå den anglosaksiske kolonialismen, slik broder Mahmoud Fathi hadde føreslått.

I 75 år har Vesten tvinga fram sin vilje på dei tidlegare koloniane sine i «det større Midtausten», enten via jihadistar eller direkte med hærstyrkane sine. Gjennom fire månadar med støtte til massakrane begått av dei jødiske fascistane i Jabotinsky-Netanyahu-gruppa, har Vesten mista sin prestisje. Same kva Israel sitt neste steg blir, med Benny Gantz og Yair Lapid heller enn Benjamin Netanyahu og Itamar Ben-Gvir, har Israels makt, som er basert på myten om at jødar er inkompatible med fascisme, kollapsa. Frå no av vil det bli mogleg å bringe fram i lyset alle dei brotsverka som denne vesle gruppa gjorde på vegner av CIA under Den kalde krigen, i Midtausten, Afrika og Latin-Amerika.

Oversettelse
Knut Lindtner
Derimot.no

[1Bombs and Humanitarian Aid from the USA in Gaza”, by Manlio Dinucci , Global Research , Voltaire Network, 11 March 2024.

[2"The veil is being torn: the hidden truths of Jabotinsky and Netanyahu”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 25 January 2024.

[3In Jerusalem, the "Conference for the Victory of Israel" threatens London and Washington”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 13 February 2024.

[8«Open letter on journalists in Gaza», Committee to Protect Journalists, February 29, 2024.

[9L’Effroyable imposture, suivie du Pentagate, Thierry Meyssan, éditions Demi-Lune.

[10Statskuppet til Straussianarane i Israel”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Knut Lindtner, Voltaire Network, 14 mars 2023.

[11State of the Union Address”, by Joseph R. Biden Jr. , Voltaire Network, 7 March 2024.