Benny Gantz drog til London for å møte National Security Advisor Tim Barrow. Til hans overrasking insisterte statsministeren, Rishi Sunak, på å snakke med han, for å fortelle han at det ikkje var aktuelt å la Israel bli ein stat som alle andre. Det britiske koloni-prosjektet står enno i vegen for freden.

USA, som hadde planlagt å provosere fram tidlege val i Israel og påverke dei slik at general Benny Gantz skulle bli vald, vart skuffa [1].

Då Gantz vart invitert til Washington, viste han seg mindre føyeleg enn forventa: sjølv om han skilde seg frå Benjamin Netanyahu sine "revisjonistiske sionistar" med det at han anerkjende arabarane sin rett til å leve på jorda si, var han bestemd på at “Hamas” skulle utryddast frå Gaza. Men det historiske Hamas er ikkje anna enn den palestinske greina av Det muslimske brorskapet, eit instrument for britisk dominans.

Ein bør hugse på at Hamas i 2017 offisielt trekte seg ut av Det muslimske brorskapet, men at deira viktigaste leiarar framleis er medlemmar og implementerer organisasjonens langsiktige strategi. Under krigen mot Syria, kriga Hamas side om side med Nato og Israel mot Den syriske arabiske republikken.

Den Hamas-fraksjonen som braut med Brorskapet, inngjekk fred med Syria. current, which broke with the Brotherhood, made peace with Syria den 19. oktober, 2022. President Bashar el-Assad tok imot leiaren deira, Khalil Hayya, i Damaskus. På den andre sida nektar han framleis å møte Det muslimske brorskapet representert av Khaled Mechal.

Sidan starten av Operasjon Jernsverd, har Israel jakta på og drepe Hamas-medlemmar som har slutta seg til den palestinske resistansen, og spart dei som enno var medlemmar av Brorskapen. I Beirut, til dømes, myrda den israelske generalstaben Saleh al-Arouri [2], nestleiar av den politiske greina til Hamas. Han hadde blitt utvist frå Qatar på grunn av sin opposisjon mot Det muslimske brorskapet.

General Benny Gantz gjorde ei mellomlanding i London på heimvegen til Israel. Det er kjent at det var han sjølv som tok initiativ til dette stoppet, og at statsminister Benjamin Netanyahu gjorde alt i si makt for å sikre at han ikkje fekk diplomatisk immunitet i Storbritannia, med fare for å bli arrestert der medskuld i brotsverk mot menneskeslekta [3]. Benny Gantz sa uansett dei same tinga i London som han hadde sagt i Washington: han framstod som ivrig etter å stoppe massakren i Gaza og halde fram med operasjonen mot Hamas. Han overraska samtalepartnarane med å seie at han – like mykje som dei gjorde – frykta truslane som rabbi Uzi Sharbaf kom med under "Konferansen for Israels siger" [4], men at han også ville bekjempe Det muslimske brorskapet

Same kva dei seier, så kontrollerer britane framleis Brorskapet. Det såg vi under krigane mot Libya og Syria. Dei tok kontroll over kommunikasjonen til denne hemmelege organisasjonen og alle militsgruppene deira. I visse fall har dei forsynt dei med våpen og etterretning.

Så anglo-saksarane er tilbake der dei starta: i 1915, i Lord Herbert Samuel sitt memorandum om The Future of Palestine (dvs. før Lord Balfour’s Declaration), ville dei støtte ein uavhengig jødisk stat i Palestina, men ikkje så mykje at staten vart sterk nok til å forsvare seg sjølv. Etterpå braut følgarane til Volodymyr Jabotinsky – som var alliert med Benito Mussoloni, og derfor ein "fascist" i ordets rette forstand – med London og prøvde å følge sitt kolonialistiske prosjekt, på same måten som Cecil Rhodes gjorde i Rhodesia litt seinare. Britane vart tvinga, saman med amerikanarane, til å resirkulere sine fiendar under Den kalde krigen. I dag, 75 år seinare, er situasjonen den same: Israel er ikkje sterk nok til å på eiga hand forsvare seg, men anglo-saksarane nektar å sanksjonere massakren på arabarane i Palestina i fullt dagslys. Viss dei væpnar Israel, får dei blod på hendene; viss dei ikkje gjer det, mistar dei det som er att av Det britiske imperiet [5].

I motsetning til det folk flest trur, har Det muslimske brorskapet aldri prøvd verken å grunnlegge ein palestinsk stat uavhengig av ein jødisk stat – slik lord William Peels kolonikommisjon føreslo, kjend som "to-statsløysinga" – eller ein palestinsk stat konføderert med ein jødisk stat innanfor ein binasjonal stat (slik FN føreslo). Skilnaden mellom desse to prosjekta, er at det førstnemnde sikrar likeverd mellom arabarar blant arabarar og mellom jødar blant jødar, medan sistnemnde handlar om likeverd mellom alle menneske, enten dei er arabarar eller jødar.

I brevet sitt til den (pro-britiske) egyptiske statsministeren, Mustafa el-Nahhas Pasha, bad Hassan el-Banna, grunnleggaren av Det muslimske brorskapet, han om å førebu "gjenopprettinga av Kalifatet, i samsvar med einskapen som islam krev.". Under si første tid kunngjorde Hamas i sitt charter at dei ville bygge ein stat for muslimar (Kalifatet). Men i 2017, då deler av grasrota deira tok avstand frå Det muslimske brorskapet, som nyleg hadde tapt i Syria, vedtok dei eit charter som var pro ein uavhengig palestinsk stat (av typen to-statsløysinga til Peel-kommisjonen). Den siste Hamas-pamfletten, Our narrative... Operation Al-Aqsa Flood [6], markerer likevel eit steg tilbake, då den presenterer dei åtte krava til det historiske Hamas. Den slår fast at Hamas er imot den israelske okkupasjonen, men ikkje støttar ein palestinsk stat, sidan Brorskapets mål er å gjenopprette Kalifatet, dvs. ein overnasjonal stat for alle muslimar.

Israel, for sin del, er og i ein håplaus situasjon. Dei veit ikkje lenger kva dei skal gjere. Krigskabinettet (dvs. både Benjamin Netanyahus jødiske suprematistar og Benny Gantz’ demokratar) har til hensikt å øydelegge Hamas, også i Rafah. Men alle ekspertar, inkludert tidlegare Shin Bet- og Mossad-sjefar, er einige om at problemet ikkje er ein spesiell organisasjon, men heller den politiske situasjonen som fyrer opp under Resistansen. Sjølv om Hamas skulle bli totalt øydelagt, ville den politiske situasjonen berre oppmode til danninga av eit nytt motstandsnettverk, utan garantiar for at eit nytt 7. oktober ikkje ville skje.

Dei "revisjonistiske sionistane" har heller ikkjke gitt opp planen sin om å kaste arabarane ut av Palestina ("eit land utan eit folk, for eit folk utan eit land"). Sett frå deira synspunkt kan det at Pentagon skal skape ei flytande øy utanfor Gaza-kysten under dei komande to månadane gi nytt liv til denne planen. Folkefronten for Palestinas frigjering (PFLP), derimot, kritiserer øyprosjektet, då dei meiner at landingsstaden for bistand lett kan gjerast om til ein mellomlandingsstad for eksilantar (landflyktige eller landsfordrivne). I starten av krisa kunngjorde presidenten for Europa-kommisjonen, Ursula von der Leyen, i Kairo, at EU var klar for å motta ein million Gaza-folk. Afrikanske statar vart kontakta av Benjamin Netanyahus kabinett. Pressa siterte Tsjad, Rwanda og Kongo, som alle tre har fornekta dette.

Med ei slik vending ville grenseovergangen Rafah, mellom Palestina og Egypt, miste sin nytteverdi [7]. Israel ville utnytte situasjonen til å ekskludere Egypt frå alle politiske avgjerder. Kairo har lenge nekta å la Gaza-folk gå i eksil i Egypt, og først førre månad sette dei opp ein leir til å ta imot ein million av dei [8].

USA si innblanding tvang faktisk Israel til å stoppe si etniske utreinsking av Gaza og gå med på å sleppe gjennom humanitær bistand. Dette er eit kjempesteg framover. Men Washington har ikkje lagt til rette for fred. Dét ville kreve at ein fjerna både dei jødiske fascistane og det britiske koloniprosjektet i Palestina.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Starten på slutten for den jødiske fascismen”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Knut Lindtner, Voltaire Network, 16 mars 2024.

[2“0001 Substituting a West/Axis of Resistance conflict for that of Israel/Hamas”, Voltaire, international news, N°68-69 - January 12, 2024.

[4In Jerusalem, the "Conference for the Victory of Israel" threatens London and Washington”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 13 February 2024.

[5Who is the Enemy?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 4 August 2014.

[6Our narrative… Operation Al-Aqsa Flood, Hamas, Februray 2024.

[7«Rwanda, Congo deny talks with Israel to welcome Palestinian migrants», James Tasamb, Anadolu Agency, January 6, 2024.