Då Dei foreinte nasjonane vart danna, heldt dei idealet om likskap mellom folk og nasjonar høgt. Men allereie frå dei første månadane av organisasjonens eksistens, støtta Washington og London Israel mot det palestinske folket. Deretter saboterte Washington Sikkerheitsrådet, då dei gav setet til Formosa [Taiwan] i staden for Kina, og dermed provoserte fram ein boikott frå Sovjetunionen. I dag er det eit stort fleital av FNs medlemsland som fordømmer USAs dominans over institusjonen. Samtidig jobbar BRICS for å få FN vendt tilbake til Folkerettens rekker.
På eitt år har FNs generalforsamling endra seg grunnleggande: i oktober 2022 fordømde 143 statar, leidde av Washington, Russlands "illegale annekteringar" i Ukraina, medan 153 statar i desember 2023 bad om ei snarleg humanitær våpenkvile i Gaza, mot Washingtons tilråding.
Tidlegare kunne Washington true mange statar og tvinge dei til å gå med på, og ta til seg, Washington sine reglar. I dag er dei mindre skremmande.
• Sjølvsagt kan US Special Operations Command (USSoCom) utføre hemmelege militæroperasjonar kor som helst i verda, og når som helst drepe "ein utlandsk" statsleiar, men slike inngrep ser ut til å bli mindre og mindre sannsynlege i store land.
• Sjølvsagt kan finansdepartementet forby handel med ein særskild stat, og dermed øydelegge den motvillige statens økonomi, eller til og med svelte befolkninga der. Men Russland og Kina tilbyr no ein måte å bryte denne økonomiske kringsettinga på.
• Sjølvsagt kan det gigantiske overvakingsmaskineriet til "Five Eyes" (Australia, Canada, USA, New Zealand, UK) avsløre ugjerningane til motvillige leiarar, men nokre leiarar er ærlege, og kan difor ikkje pressast til å gjennomføre tiltak som er til skade for folket sitt.
Sett frå dette perspektivet, er lista over statar som røysta mot våpenkvile i Gaza opplysande. I tillegg til USA og Israel, inkluderer den ei rekke regime med overraskande eigenskapar:
• Austerrike
Karl Nehammer underviser i politisk kommunikasjon. Han er så god på det at han greier å få gjennomslag for nesten kva det skulle vere av politiske avgjerder. Som karrieremilitær har han arbeidd med Washington som etterretningsoffiser-trenar. I dag er han kanslar av denne tidlegare nøytrale staten.
• Guatemala
Italiensk-guatemalske president Alejandro Giammattei er representaten til ei lita gruppe kapitalistar. Han kjempar energisk mot dei som kjempar mot korrupsjon: fengslar statsadvokatar, leiarar for menneskerettsorganisasjonar og gravejournalistar. Som lojal alliert av USA, er han det einaste latinamerikanske statsoverhovudet som har besøkt Kiev og Taiwan.
• Liberia
Landet blir framleis styrt av fotballspelar og songar George Weah. Den valde presidenten, Joseph Boakai, har enno ikkje blitt sett inn i embetet. Utan politisk erfaring som han er, har Weah vald Jewel Taylor, kona til forbrytaren mot menneskeslekta Charles Taylor, til visepresident
• Mikronesia
Mikronesia var okkupert av USA før president Ronal Reagan godtok uavhengigheita. Men dei er i dag under forvaltning, då forsvaret deira er avhengig av Pentagon.
• Nauru
Nauru er eit lite land med færre enn 10 000 innbyggarar, og har berre vore uavhengig frå Det britiske imperiet sidan 1968. Alle i FN veit at "President" David Adeang er opportunistisk og korrupt. Det er alltid mogleg for dei som betaler å skaffe seg ei positiv røyst frå dette landet.
• Papua Ny-Guinea
Papua Ny-Guinea har berre vore uavhengig frå Det britiske imperiet sidan 1975. For sju månadar sidan signerte statsminister James Marape ein avtale som autoriserer USA å bruke territoriet hans som framskote støttepunkt i Stillehavet. USA har full tilgang til alle landets hamner og flyplassar i byte mot ulike investeringar. Då Marape flytta landets ambassade i Israel frå Tel Aviv til Jerusalem, erklærte han: "For oss som kallar oss kristne, kan vi ikkje fullt ut respektere Gud med mindre vi anerkjenner at Jerusalem er den universelle hovudstaden til Israels folk og nasjonen Israel".
• Paraguay
Paraguays president, Santiago Peña, prøver å fornye landets institusjonar og hyllar samtidig det anti-kommunistiske diktaturet til general Alfredo Stroessner.
• Den tsjekkiske republikken
Du blir kanskje overraska over å sjå endå ein medlem av EU på denne lista. Det er fordi du gjekk glipp av valet av den nye presidenten, general Petr Pavel, ein personleg ven av USAs ambassadør i Praha. Han vart utdanna i USA og Storbritannia og vart leiar for NATOs militærkomité. Han var tidlegare kollaboratør med dei sovjetiske okkupantane, men har skrive heilt om biografien sin og forvandla seg til ein moderne mann av Vesten, men bruker makta si til å tilpasse landet sitt til Washington.
Tjuetre andre statar avstod frå å røyste. Desse er Washingtons allierte, ikkje berre marionettar, slik dei ovanfor nemnde. Uansett har Vesten ikkje lenger majoriteten (97 røyster). Ein treng ikkje lenger ta omsyn til G7.
Og korleis kan ein oversjå situasjonen i Japan. Der er det no i gang ei juridisk etterforskning som har fått fram i lyset den utbreidde korrupsjonen til den politiske klassen Mellom 2018 og 2022 vart minst $500 millionar betalt til 99 medlemmar av parlamentet frå Det liberaldemokratiske partiet, som har sete med makta kontinuerleg i 67 år (med unntak av to mellomspel på til saman 4 år). Det som blir presentert som eit "godt demokrati", er i realiteten ingenting anna enn eit show som maskerer eit mafia-system.
Korleis kan G7 hevde dei står for og forsvarer noble verdiar?
BRICS, som utvider med nye medlemmar den 1. januar, 2024, representerer no meir enn halvparten av menneskeslekta. Deia arbeider for ei multipolar verd. Etter deira syn, og i motsetning til Vestlege mareritt (Thukydides-fella), er det ikkje eit spørsmål om å erstatte USA med ein Kina/Russland-duopol, men om å forlate Vestens reglar og returnere til Folkeretten. Viss du ikkje skjønar kva eg snakkar om, så les artikkelen min om dette emnet: "Hvilken internasjonal orden?" [1]. Dei fleste av oss er ikkje klare over at medlemmane av "det internasjonale storsamfunnet" (dvs. Washington of vasallane deira) ikkje lenger respekterer signaturane sine og bryt pliktene sine, heilt frå Resolution 181 [2], som skulle føre til opprettinga av ein palestinsk stat, eller meir nyleg med Resolution 2202, som skulle hindre krigen i Ukraina. Dei ignorerer det faktum at dei såkalte "sanksjonane" deira er krigsvåpen og bryt med prinsippa i FN-pakta.
Utviklinga til Dei foreinte nasjonane (FN) si generalforsamling set dei i same situasjon som Folkeforbundet i 1939. Medan presidenten av USA, Woodrow Wilson, grunnleggande endra det opprinnelege prosjektet til Folkeforbundet ved å avvise likskap mellom nasjonar, anerkjenner FN denne likskapen i teorien, men ikkje i praksis, slik handsaminga av Palestina-spørsmålet viser. I begge tilfella handlar det om å oppretthalde den angloamerikanske dominansen i verda, enten utanfor Folkeforbundet (som Washington nekta å slutte seg til etter å ha modifisert statuttane der) eller innanifrå FN (som Washington slutta seg til, men utan å nokon gong repektere statuttane deira). Dette reiser spørsmålet: vil BRICS lykkast med å reformere FN og bringe dei tilbake til sine prinsipp, eller vil dei mislykkast i å oppretthalde freden?
Med dette i bakhovudet har generalforsamlinga ikkje nøydd seg med å kreve ei umiddelbar humanitær våpenkvile i Gaza [3]. Dei byrja med å vedta ei rekke resolusjonar som krev gjennomføring av Resolusjon 181, som i mangel på å bli gjennomført har ført til det kaoset vi no ser. Særleg krev dei at Israel skal kompensere for den tapte eigedommen til palestinarane dei fordreiv for syttifem år sidan [4].
[1] “Hvilken internasjonal orden?”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Monica Sortland, Voltaire Network, 9 novembre 2023.
[2] « Résolution 181 (II) de l’Assemblée générale des Nations Unies », ONU (Assemblée générale) , Réseau Voltaire, 29 novembre 1947.
[3] “Protection of civilians and upholding legal and humanitarian obligations”, Voltaire Network, 7 December 2023.
[4] “Palestine refugees’ properties and their revenues”, Voltaire Network, 7 December 2023.