President Biden, equal to himself, could not remember Scott Morrison’s first name when he staged the AUKUS pact.

Kunngjeringa til pakta mellom Australia, Storbitannia og USA (A-UK-US) [1] kom som eit jordskjelv i indo-Stillehavsregionen.

Det herskar ikkje tvil om at Washington førebur seg på ein langvarig militær konfrontasjon med Kina.

Fram til no har Vestens styrkeutplasseringar for å isolere Kina politisk og militært involvert USA, Storbritannia, Frankrike og Tyskland. I dag er europearane utelatne. Og i morgon vil området vere kontrollert av Quad+ (kvartetten ’Quadrilateral Security Dialogue’ med USA, Australia, Japan og India pluss Storbritannia). Washington førebur ein krig om eitt eller to tiår.

Sjølv om Frankrike og Tyskland ikkje har blitt konsulterte om denne strategien eller åtvara om den offentlege kunngjeringa (men andre land, som t.d. Indonesia, har blitt åtvara), skal den nye handlingsplanen avdukast i Washington neste veke.ad been warned, such as Indonesia), the new device should be staged next week in Washington.

Sjølv om det er logisk at London og Washinton bør stole meir på Canberra enn Paris, sidan Australia er medlem av «Five Eyes» og Frankrike ikkje er det, set Japans, og særleg Indias, entré inn i spelet punktum for ein lang periode med uvisse. Meir problematisk er den rolla som er gitt til Tyskland, som kan bli tatt opp i "Five Eyes" [2], men ikkje i Quad, dvs. telekommunikasjonsspionasje, men ikkje militær aksjon.

Admiral John Aquilino, sjef for USA sine styrkar i Indo-Stillehavet.

SKAKA ALLIANSAR

Denne nye situasjonen tvingar kvar allianse til å posisjonere seg på ny.

A-NZ-US, som knytte saman Australia, New Zealand og USA, har ikkje vore operativ sidan 1985 og er definitivt gravlagd. New Zealand hadde stadfesta sin politikk på kjernefysisk nedrustning, og har såleis nekta skip som er væpna med atomvåpen eller drivne av atomkraft tilgjenge til sine hamner. Sidan Pentagon nektar å avsløre desse «detaljane», så har ikkje eit einaste US-amerikansk krigsskip vitja landet sidan den tid. Framtidige australske ubåtar skal også haldast ute.

EU har enno ikkje reagert. Kommisjonspresident Ursula von der Leyen, som heldt ein Unionens-tilstand-tale [3] same dag som AUKUS-pakta vart annonsert, er paralysert. Ho dreiv og snakka om den nye strategien i Indo-Stillehavsområdet då Brexit-britane drog bort teppet under beina på ho. Ikkje berre er EU ikkje ei militærmakt, men dei av medlemmane som er det, vil ikkje lenger ha noko dei skulle ha sagt.

NATO seier ikkje eit ord. Dei hadde ambisjonar om å ekspandere i Indo-Stillehavet og innser at dei ikkje vil få bli med på spelet.

ASEAN har heller ikkje reagert, men indonesarane, som husar ASEAN sitt generalsekretariat, har allereie uttrykt at dei er skuffa. Samanslutninga av søraust-asiatiske nasjonar (Association of Southeast Asian Nations, ASEAN) vart danna under Den kalde krigen, som óg ANZUS og EU, for å halde den kommunistiske blokka tilbake, men den har seinare utvikla seg. I motsetning til EU, som har blitt eit overnasjonalt byråkrati, går ASEAN – inspirert av ideologien til NAM [Non-Aligned Movement som består av 120 statar som ikkje er formelt allierte med nokon av supermaktene, mrk.] – inn for å danne eit breitt frihandelsområde som inkluderer Kina. Utan å stusse fordømde mange indonesiske intellektuelle AUKUS si torpedering av denne fredsdraumen.

Kina og Russia, anglo-saksarane sine utpeikte hovudfiendar, har enno ikkje reagert. I motsetning til Vesten, snakkar dei aldri om intensjonane sine, berre om avgjerdene dei allereie har tatt og implementert. Kina har, for sin del, uttrykt indignasjon over den anglo-saksiske mentaliteten med danning av dei breiaste og mektigaste alliansane mogleg, utan omsyn til dei einskilde spelarane sin innvikla natur. Dette er ikkje eit kommunikasjonsknep: kinesarane ser på alle som likemenn med sine eigne særtrekk. Då til dømes president Xi reiste rundt for å møte dei europeiske leiarane, brukte han meir tid i Monaco enn i nokre av EU-landa. Dagen etter kunngjeringa til AUKUS sende Kina ein formell søknad om å bli med i Comprehensive and Progressive Agreement on Trans-Pacific Partnership (CPTPP), etterfølgaren til partnarskapsavtalen TPP som president Obama la fram [og Trump skrota, mrk.]. Samanfallet til dei to hendingane er offisielt reint tilfeldig. I praksis tilbyr Beijing økonomisk samhandel til alle, medan Washington tilbyr krig.

DET KJERNEFYSISKE SKRØMTET

Fram til no, og sannsynlegvis framleis, meiner USA at det å ha atomdrivne skip raskt opnar vegen til konstruksjon av atombomber. Av den grunn har dei tilbydd kjernefysisk framdriftsteknologi berre til sine britiske allierte. Derfor – kva enn australarane seier – førebur bygginga av atomdrivne ubåtar Australia til å tre inn i atommaktsklubben. Krigen mot Kina vil bli ein atomkrig. [4]

Frå denne synsstaden er det ei ganske spesiell bragd at Japan gjekk inn i Quad’en, etter Hiroshima- og Nagasaki-traumene.

Fram til nyleg hadde berre dei fem permanente medlemmane av FNs Tryggingsråd atomdrivne ubåtar. India har blitt den sjette og Australia er venta å bli den sjuande.

Ettersom USA ikkje lenger kan halde på sin retorikk om to bruksmåtar for kjernefysisk teknologi, så kan dei ikkje lenger påstå at iransk atomforkning har militære hensikter. Dette bør bane vegen for ope samarbeid mellom Washington og Teheran, noko Israel straks føresa [5].

NEDGRADERINGA AV EUROPEARANE

Første tapar i denne nye arkitekturen er Frankrike. Landet har mista sin status som ei global makt, sjølv om dei framleis held på sitt permanente sete i FNs Tryggingsråd.

Paris sitt tilbakeslag kunne ein føreseie etter at armeane deira vart plasserte under USAs kommando i NATOs Integrated Command i 2009. No greier dei ikkje lenger forsvare heile det franske territoriet, men sender ut styrkar for å forsvare US-amerikanske interesser i Afrika. Faktisk har USA enno ikkje greidd å utplassere AfriCom på det svarte kontinentet, så dei bruker franske bakkestyrkar som dei støttar med luftovervakingssystemet sitt.

Paris reagerte... med å avlyse ein galla på ambassaden sin i USA. Frankrikes Departement for Europa og utlandssaker bad om ei snarleg forklaring frå utanriksdepartementet i timane før AUKUS-kunngjeringa. Til sist kom dei fram til at Australia med vitande og vilje hadde halde hemmeleg dette prosjektet som USA hadde initiert. Dei kalla difor tilbake sine ambassadørar i Canberra og Washington. Frankrike bestemte seg for å gå offentleg ut med saka om hundreårets kontrakt som Australia kansellerte. Denne $90 milliardar-avtalen er ikkje så stor samanlikna med det som står på spel og det dei har tapt.

Paris er ekstra rysta fordi dei hadde trudd at dei hadde etablert eit privilegert forhold til London. Det var på gang hemmelege forhandlingar om å flytte basen for dei britiske atomdrivne ubåtane (Trident) til Frankrike i tilfelle Skottland skulle lausrive seg frå Storbritannia [6].

Frankrike kan trøyste seg med at nedgraderinga av dei skjer i ein kontekst der stort sett alle europearar blir nedgraderte. Det faktum at det kanskje ikkje vil gå så gale med Tyskland, er tilfeldig: Berlin har berre fått lov å vere ei økonomisk makt, og aldri sidan Andre verdskrig å vere ei global politisk makt.

Frankrike er ikkje berre ein europeisk storby. Landet er også ein konstellasjon av territorium over heile verda, noko som gir dei verdas nest største maritime domene (etter USA). I regionen Indo-Stillehavet rår dei over Reunion og Mayotte, Ny-Caledonia og Fransk Polynesia, Wallis og Futuna og Dei franske sørterritoria (TAAF). I desse territoria bur det til samans 1,6 millionar med fransk statsborgarskap.

Så Frankrike er faktisk ei makt i Indo-Stillehavet. I den samanhengen har dei tilbydd å hjelpe sine partnarar i EU med å halde dei utanfor den strategiske rivaliseringa mellom USA og Kina. Frankrike er medlem av Kommisjonen for Det indiske hav, deltar på toppmøta til ASEANs forsvarsministrar, i ASEANS politi- og etterretnings-koordinasjon (ASEANAPOL), og dei er venta å snart bli med i det regionale samarbeidet mot piratverksemd (Regional Cooperation Against Piracy, RECAAP). Til sist planla Frankrike, som skal overta presidentsetet i Europarådet under første halvdel av 2022, å bruke røtene sine i Indo-Stillehavet til å utfordre EU.

Sidan 2015 har den kinesiske armeen øvd på å ta presidentpalasset i Taiwan, som dei har bygd ein replika av.

Sidan 2015 har den kinesiske armeen øvd på å ta presidentpalasset i Taiwan, som dei har bygd ein replika av.

TAIWAN, STRIDENS EPLE

Alle veit småøyene i Stillehavet som Kina har gjort krav på ikkje vil bli gjenstand for ein framtidig krig. Det er fordi ingen av dei andre landa som óg gjer krav på dei ønskar det, og historia har vist at Beijing sine krav er rettmessige. For Taiwan er det heilt noko anna.

Vi hugsar at Mao Tse-Tung greidde å samle Kina ved å den eine etter den andre av krigsherrar som hadde splitta territoriet. Han tok også tilbake Tibet, som hadde rive seg laus og alliert seg med Chiang Kai-shek og Vesten. Men han leid nederlag med Formosa, der Chiang busette seg. Regimet hans utvikla seg. Det gjekk frå eit omsynslaust diktatur til eit slags demokrati med namn Taiwan.

AUKUS-pakta verkar vere utforma for å kome Taiwan til hjelp dersom Kina skulle prøve å ta dei tilbake med makt. General Sir James Hockenhull, sjef for militæretterretninga Her Majesty’s Military Intelligence, har stadfesta at britiske militære har rekruttert asiatiske agentar. Tidlegare statsminister Theresa May utløyste ein skandale då ho spurde Underhuset om pakta kom til å gå til krig dersom Kina skulle prøve å ta tilbake Taiwan.

Theresa May spurde i Underhuset: trudde dei ikkje at dei kunne gjere gode forretningar på franskmennene sin bekostning, utan å merke at dei forplikta seg til ein krig mot Kina?

På G7-toppmøtet i Carbis Bay i juni vart Taiwan pådytta Japan si urokkelege støtte. Men det var under dette toppmøtet at Joe Biden, Scott Morrison og Boris Johnson i kulissane forsegla prinsippa for pakta.

For å svare på spørsmålet til Theresa May, måtte vi hatt heile teksten til denne pakta, inkludert dei hemmelege tillegga, om der er nokre. Men akkurat no har vi ikkje ein gong ein bit av dokumentet. Vi må nøye oss med pressemeldingane.

I høgda veit vi at AUKUS handlar om eit svært breitt samarbeid innan våpensektoren. Målet er ikkje berre å forsyne Australia med atomdrivne ubåtar, men også å utstyre dei med Tomahawk- og Hornet-missilar, og å involvere dei i forskning på hypersoniske missilar (som kan konkurrere med russiske atomrakettar).

Oversettelse
Monica Sortland

Lat oss styrke Voltaire Network

I 27 år har Voltaire Network drive kampanjar for tankefridom, like rettar og våpenbrorskap. No, omsett til mange språk, har vi blitt ei kjelde for analysar av internasjonale relasjonar, brukt av mange diplomatar, militære, akademikarar og journalistar i verda.

Vi er ikkje berre journalistar, men også, og framfor alt, engasjerte medborgarar som forsvarer FNs menneskerettar og dei 10 prinsippa som den ikkje-allierte rørsla NAM la fram i Bandung. Vi promoterer ikkje nokon ideologi eller eit verdssyn, men vi søker å utvikle lesarane våre si evne til kritisk tenkning. Vi set refleksjon over tru, argument over overbevisning.

Vi får gjort ein god del arbeid trass i materielle problem og sikkerheitsvanskar. Vi omorganiserte nettstaden vår i juli og august, slik at den skulle bli lesbar frå smarttelefonar og mykje raskare.

Vi treng finansiell støtte frå dykk. Delta med

 å gjere ein donasjon på 25 euro
 making a donation of 50 euros
 making a donation of 100 euros
 eller ved ei månadleg betaling på 10 euro.

Viss du er tospråkleg og fransktalande, kan du også hjelpe oss med å omsette artiklar. For å gjere det, skriv til oss her.

Det er på grunn av dykkar oppmuntring at vi kan halde det gåande.

[1Biden, Morrison & Johnson Announcing the Creation of AUKUS”, by Boris Johnson, Joseph R. Biden Jr., Scott Morrison, Voltaire Network, 15 September 2021.

[2"Five Eyes" about to become "Nine Eyes"”, Voltaire Network, 6 September 2021.

[3State of the European Union Speech 2021”, by Ursula von der Leyen, Voltaire Network, 15 September 2021.

[4Joe Biden - atom-trollmannens læregutt”, av Manlio Dinucci, Oversettelse Væringen, Il Manifesto (Italia) , Voltaire Network, 28 septembre 2021.

[5Israel admits merits of US diplomacy vis-à-vis Iran”, Voltaire Network, 15 September 2021.

[6«UK draws up plan to shift Trident subs abroad if Scotland secedes», Sebastain Payne & Hellen Warren, Financial Times, September 2, 2021.