Den 22. september, 2023, 16 dagar før Den palestinske resistansen angreip, heldt Benjamin Netanyahu ein tale i FN i New York. Han viste fram eit kart over "Den nye Midtausten" der Israel hadde absorbert dei palestinske territoria.

Vi reagerer på angrepet på Israel den 7. oktober og massakren på palestinske sivile i Gaza på grunnlag av den informasjonen som er tilgjengeleg for oss. Men vi anar at den offisielle versjonen om Israels regjering og Hamas er ei løgn.

Sju store spørsmål manglar framleis svar:

1. Korleis greidde Hamas å grave ut og bygge 500 kilometer med tunellar 30 meter under bakken utan å vekke mistanke?

• Tunell-boreutstyr kan brukast både sivilt og militært. Det blir ikkje produsert i Gaza, og det kan ikkje fraktast inn dit utan at Israels administrasjon samtykker og medverkar.

• Den utgravne jorda (1 million m3) vart ikkje oppdaga av overvakinga av luftrommet. Sjølv om det skulle ha blitt spreidd på mange forskjellige plassar og blanda med jorda frå andre byggeplassar, er det umogleg at dei israelske etterretningstenestene ikkje har oppdaga noko i løpet av tjue år.

• Tunell-ventilasjonsutstyr blir ikkje rekna for å vere militært utstyr. Det kan bringast inn til Gaza, men den store mengda som måtte til, burde ha vekt meksemd.

• Den armerte betongen dei trengde til å forsterke tunellveggane, blir ikkje produsert i Gaza. Den blir heller ikkje rekna som militært utstyr, men dei store mengdene burde ha vekt merksemd.

2. Korleis kunne Hamas samle eit slikt arsenal?

Hamas, den palestinske greina til Det muslimske brorskapet, har svære mengder rakettar og handvåpen til disposisjon. Hamas kan ha laga delar av rakettane sjølve, men dei har greidd å importere tusentals handvåpen til Gaza, hovudsakleg frå Ukraina, trass i kraftig israelsk overvaking. Dette verkar vere umogleg utan medverknad frå den israelske administrasjonen.

3. Korfor avviste Benjamin Netanyahu alle som åtvara han?

• Egypts etterretningsminister, Kamel Abbas, ringde han personleg for å åtvare om eit stort Hamas-angrep.

• Venen hans, oberst Yigal Carmon, direktør for Memri, åtvara han personleg om eit stort Hamas-angrep.

• CIA sende Israel to etterretningsrapportar som åtvara om eit stort Hamas-angrep.

• Forsvarsminister Yoav Galland fekk sparken i juli fordi han åtvara regjeringa om "den perfekte stormen" som Hamas førebudde.

4. Korfor demobiliserte Benjamin Netanyahu sikkerheitsstyrkane på kvelden den 6. oktober?

Statsministeren hadde autorisert sikkerheitsstyrkane å tre av under heilagdagane Sim’hat Torah og Shemini Atzeret. På det tidspunktet angrepet skjedde, var det difor ikkje tilgjengeleg personell til å monitorere sikkerheitsgjerdet rundt Gaza.

5. Korfor var sikkerheitsvaktene bundne opp i Shin Bet sitt hovudkvarter denne morgonen?

Direktøren for kontraetterretninga (Shin Bet), Ronen Bar, hadde kalla inn sjefane for alle sikkerheitstenestene til møte klokka 8 på morgonen den 7. oktober, for å vurdere den andre CIA-rapporten som åtvara om førebuingane til ein stor Hamas-operasjon.

Men angrepet starta klokka 6.30 same dag. Sikkerheitsfolka reagerte ikkje før klokka 11. Kva gjorde dei på under dette lange møtet?

6. Kven trigga "Hannibal-direktivet" på denne måten, og korfor?

• Då sikkerheitsstyrkane byrja reagere, fekk IDF ordre om å bruke "Hannibal-direktivet". Dette seier at fiendar ikkje må få lov til å ta isrealske soldatar som gissel, ikkje ein gong om det skulle innebere å drepe dei. Ei israelsk politietterforsking stadfester at Israels luftvåpen bomba folkemengda som flykta frå musikkfestivalen Supernova Rave Party. Ein betydeleg del av dei som vart drepne den 7. oktober vart altså ikkje offer for Hamas, men for ein israelsk strategi.

• I teorien gjeld "Hannibal-direktivet" berre soldatar. Kven tok avgjerda om å bombe ei folkemengd med sivile israelarar, og korfor?

Det er i dag ikkje mogleg å seie sikkert kven som vart drepne av angriparane og kven som vart drepne av sine eigne militærstyrkar.

7. Korfor truar Vestlege styrkar Israel?

Pentagon har plassert ut to marinegrupper, rundt USS Gerald Ford og USS Eisenhower, og ein kryssarrakett-ubåt, USS Florida. Haaretz nemnde til og med eit tredje hangarskip. Allierte av USA (Saudi-Arabia, Canada, Spania, Frankrike, Italia) har installert bombefly i regionen.

Desse styrkane er ikkje stilte opp for å true Tyrkia, Qatar eller Iran, som Vest-pressa anklagar for å vere involverte i Hamas-angrepet, men utanfor kysten av Israel, i Beirut og Hamat. Dei omringar Israel. Og berre Israel.

KVA LIGG BAK DESSE MYSTERIA?

Openbert er den versjonen som både Hamas og Israel forsvarer falsk. Vi må sjå etter andre forklaringar viss vi vil unngå å bli manipulerte av den eine eller andre parten.

La oss legge fram ein hypotese. Vi kan ikkje seie om den er rett, men den samsvarer i alle fall med fakta, noko som ikkje stemmer for versjonen som alle deler i dag. Så den er betre enn dén. Den er openbert ekstremt sjokkerande, men berre den som kan svare på dei føregåande 7 spørsmåla kan avvise den.

Denne tolkinga er basert på ein analyse av dei komplekse strukturane til Hamas, der fotfolket ikkje veit kva leiarane deira pønskar på. Her er den :

Heile operasjonen til Hamas og Israel er leidd av amerikanarane, kanskje i regi av straussianaren Eliott Abrams [1] og hans Vandenberg Coalition (Tankesmie som erstatta Project for a New American Century). Det muslimske brorskapet og dei revisjonistiske sionistane, som tilsynelatande fører ein brutal krig mot kvarandre, er i realiteten samarbeidspartnarar på bekostning av Hamas sine fotsoldatar, det palestinske folket og israelske soldatar. Her er planen deira: Hamas blir presentert som den einaste effektive resistansstyrken mot undertrykkinga av palestinarane, men dei lar Israel likvidere håpet om ein palestinsk stat, medan Det muslimske brorskapet, krona med offert til palestinarane, tar makta i den arabiske verda.

Leiarane av dei militære og politiske greinene av Hamas er begge underordna leiaren for Det muslimske brorskapet i Gaza, Mahmoud Al-Zahar, etterføgaren til Sheikh Ahmed Yassin, men ingen snakkar om han. Etter hans meining vil Brorskapet bli den store vinnaren av "Flood of Al-Aqsa", sjølv om Gaza skulle leggast i grus og palestinarane bli fordrivne frå landet sitt.

Mahmoud Al-Zahar, leiaren for den palestinske greina til Det muslimske brorskapet, dvs. Hamas. Autoriteten hans er anerkjend av både dei politiske og militante greinene av organisasjonen. I desember 2022, erklærte han: "Den jødiske staten er berre første mål. Heile planeten vil snart kome under vårt styre".

Hamas er no delt i to fraksjonar. Den første, leidd av Ismaël Haniyeh, følger linja til Brorskapet. Dei har ikkje som mål verken å frigjere Palestina frå Israels okkupasjon eller å grunnlegge ein palestinsk stat, men er dedikert til å bygge eit Kalifat over alle landa i Midtausten. Den andre, leidd av Khalil Hayya, har forlatt ideologien til Brorskapet, og kjempar for å få stoppa israelarane si undertrykking av det palestinske folket.

Det muslimske brorskapet er eit politisk hemmeleg selskap, organisert av britiske etterretningstenester etter modell av United Grand Lodge of England [2]. Det vart gradvis overtatt av CIA, til den grad at det er representert i USAs National Security Council. Etter at dei islamistiske regima kollapsa under Den arabiske våren, vart Det muslimske brorskapet splitta i to strøymingar. London-fronten, leidd av Ibrahim Munir (som døydde for eit år sidan) føreslo ein veg ut av krisa ved å forlate den politiske arenaen og sikre lauslatinga av fangar i Egypt. Istanbul-fronten, leidd midlertidig av Mahmoud Hussein, kjempar tvert imot for å ikkje endre noko og halde fram kampen for å få etablert eit kalifat. Ei tredje gruppe gjekk for ein mellomting, å oppgi politikken heilt til fangane har blitt sleppte fri, for så å gjenoppta den etterpå.

Møte i US National Security Council, 13. juni, 2013 i Det kvite hus. Vi kjenner igjen Gayle Smith (nummer to frå høgre) og bror Rashad Hussain (nummer fire frå venstre). National Security Advisor Tom Donilon var og på møtet, men er ikkje med på bildet. Framfor alt kjenner vi att representanten for Det muslimske brorskapet og varamann for Youssef al-Qaradâwî, Sheikh Abdallah Bin Bayyah (nummer to frå venstre, med turban).
Kjelde: Det muslimske brorskapet

Det muslimske brorskapet kjempar for å ta makta i alle arabiske statar, slik dei gjorde i Egypt i 2012-13.

Ein bør hugse på at Mohamed Morsi, tvert imot det mange i Vesten trur, aldri vart demokratisk vald til president for Egypt; dét var general Ahmed Chafik. Men etter at Brorskapet trua med å drepe medlemmar av Valkommisjonen og familiane deira, erklærte sistnemnde etter 13 dagars motstand at Morsi var valvinnaren, trass i resultata i valurnene. Seinare, i 2013, marsjerte 40 millionar egyptarar mot han og bad militæret fri dei frå Det muslimske brorskapet. General Abdel Fatah Al-Sissi gjorde akkurat det.

I dag er Muslimbrørne i maktposisjon berre i Tripolitania (vest-Libya), der NATO gav dei makta. Dei er berre velkomne i Qatar og Tyrkia (som ikkje er ein arabisk stat). Dei er forbodne i dei fleste arabiske statar, inkludert Saudi-Arabia (der dei prøvde å styrte monarken i 2013) og Dei Foreinte arabiske emirata (UAE, jfr krisa mellom Qatar og dei andre golf-statane). Og framfor alt i Syria (der dei prøvde å styrte regjeringa i 1982, og førte krig mot frå 2011 til 2016, side om side med NATO og Israel). Dei er i ferd med å gjere det same i Tunisia (som dei styrte i eit tiår).

Viss den eigentlege hensikten med denne massakren ikkje er statusen til Palestina, men herredøme over arabiske statar, kan vi vente ei bølge av regimeskifte i Nidtausten, kvar gong til fordel for Det muslimske brorskapet – kort sagt ein slags ny "Arabisk vår" [3].

Som under Den arabiske våren, er dei britiske tenestene også her ansvarlege for Brorskapets kommunikasjon. Vi hugsar korleis dei promoterte bror Abdelhakim Belhaj i Libya [4] eller dei storslagne logoane dei designa for hærskaren av jihadist-grupper i Syria. Lekkasjar frå det britiske utanriksdepartementet har stadfesta alt dette. Denne gongen har dei skapt ein ny karakter, Abu Obeida, talsmann for kamporganisasjonen i Gaza. Denne mannen, som inntil nyleg var ukjend, har brått blitt ei stjerne i den muslimske verda, der plakatar av han sel unna som varmt kveitebrød. Han er veltrent i talekunst, og taklar symbol enklare enn nokon sunni-leiar nokon gong har gjort.

Arabiske regjeringar går difor fram med varsemd; dei støttar danninga av ein palestinsk stat medan dei held Hamas på armlengds avstand. For Hamas gjer alt for å gjere danninga av ein palestinsk stat umogleg.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Statskuppet til Straussianarane i Israel”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Knut Lindtner, Voltaire Network, 14 mars 2023.

[2Les Before Our Very Eyes, Fake Wars and Big Lies: From 9/11 to Donald Trump, Thierry Meyssan, Progressive Press. Denne delen av boka er tilgjengeleg på nettstaden vår i seks delar (på engelsk).

[3« Comment le projet de « Printemps arabe » se superpose à la « doctrine Cebrowski » », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 24 décembre 2021.

[4How Al Qaeda men came to power in Libya”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 7 September 2011.