Den 15. mai, 2024, vart Slovakias statsminister Robert Fico evakuert av livvaktene sine etter å ha blitt alvorleg skadd.

Medan EU førebur seg på å omdanne seg til ein einskild stat, tar unionen eit steg i autortær retning.

VALET TIL PARLAMENT OG KOMMISJONSPRESIDENT ER ALLEREIE AVGJORT

Parlamentsvalet blir medvite gjort uoversiktleg. Det finst enno ingen politiske parti på europeisk nivå, trass i at dei har blitt snakka om i femti år og inkludert i avtalane, men berre europeiske koalisjonar av nasjonale parti, noko som slett ikkje er same sak. Desse koalisjonane presenterer kvar sin toppkandidat, ein «listetopp» som ikkje er kandidat til parlamentet og heller ikkje finst på noka nasjonal liste. Fem av dei vil debattere sitt kandidatur til Europa-kommisjonspresident på europeiske tv-skjermar. Dei er:
• Walter Baier, European Left ;
• Sandro Gozi, Renewing Europe Now;
• Ursula von der Leyen, European People’s Party;
• Terry Reintke, European Greens;
• Nicolas Schmit, Party of European Socialists.

Gruppa "Identity and Democracy" var ikkje inviterte til dette showet. Det er fordi dei fem tidlegare gruppene har ei spesiell førestilling av omgrepet demokrati. Dei meiner at Identity and Democracy ikkje speler same spelet som dei gjer, og nektar difor å debattere med dei.

Debatten vil ikkje ta plass i studio, men i storesalen til parlamentet., med imponerande dekor. Parlamentspresidenten, Roberta Metsola, utnytta at representantane var midt i ein valkamp til å gi produsentane tilgang til lokala utan å informere parlamentarikarane. Mange ville elles hatt ting dei ville ha sagt.

Showet vil føregå på engelsk. Det er ein annan av unionens finessar: kvar medlemsstat har rett til å be om at offisielle dokument skal omsettast til det språket dei vil. Unionen har difor 23 offisielle språk for 27 medlemsstatar, d.v.s. 552 moglege språkkombinasjonar. Men ingen stat har bede om at engelsk skal vere eit av unionens språk. Malta. t.d., som har gjort engelsk til eitt av sine to hovudspråk, ville heller bruke maltesisk i Brussel. Likevel har engelsk blitt unionens 24. språk, og det einaste som er felles for alle. Dette har sjølvsagt ingenting å gjere med det faktum at EU ikkje er eit europeisk prosjekt, men eit anglosaksisk.

Denne debatten er elles lite viktig, sidan alle veit at Kommisjonspresidenten truleg vil bli vald frå utanfor denne krinsen: det blir truleg bankmannen Mario Draghi [1]. Det er ikkje umogleg, for i 2019 deltok ikkje Ursula von der Leyen i denne debatten, og ho vart likevel president for Kommisjonen.

Mario Draghi er kanskje 76 år gamal, men han var tidlegare sjef for Den europeiske sentralbanken. I denne rolla gjorde han alt for å gjere euroen irreversibel. Han greidde å redde euroen frå gjeldskrisa på 2010-talet. Heller enn å løyse problem, forstørra han kløfta mellom medlemsstatanes økonomi. Slik dei ser det, burde han reknast som inkompetent, men det er ikkje slik investeringsbankfolka ser han, ein klasse han lenge har tilhøyrd (han var Goldman Sachs’ nummer to i Europa).

Belgiske (Brussel), tyske (Mönchengladbach) og europeiske korrupsjonsgranskingar av Ursula von der Leyen stadfester utan tvil [2] at institusjonane lyt kvitte seg med ho. Parlamentarikarar som har blitt tatt på fersken har diskret blitt plasserte på sidelinja, inkludert visepresident Eva Kaili. Ein lyt bevare inntrykket av at unionens administrasjon er ærleg og tener sine «borgarar» (sic); eit inntrykk, for i realiteten finst det verken europeiske folk eller borgarar, noko fråveret av europeiske parti viser.

EU HAR ALLEREIE TATT SINE VAL

Unionen, som er ein politisk struktur som går langt utover den opprinnelege «fellesmarknaden», står overfor mange eksterne utfordringar:

• dei har signert fleire frihandelsavtalar med statar eller blokker som ikkje respekterer deira interne reglar. Balansert konkurranse, som var etablert via eit komplekst subsidiesystem, er difor ikkje lenger garantert sidan det ikkje finst eit samanliknbart finansielt system i global skala [3].

• I staden for å knyte handelsforholda til tredjeland til respekten for sine interne reglar, har unionen knytt dei til respekt for menneskerettar. Men to handelspartnarar utgjer eit alvorleg problem som EU ikkje reagerer på.

 76 år har Israel unnlate å følge FN-resolusjonane om dei. Dei har nett starta etnisk utreinsking i Palestina og massakrert rundt 50 000 sivile og skadd rundt 100 000 fleire.

 Ukraina, som har ei eksplisitt rasistisk grunnlov, har gjennomført to statskupp (2004 og 2014). Dei har seinare vald ein president, men perioden hans går ut i dag, den 21. mai, 2024. Det har ikkje blitt utlyst nytt val og elleve opposisjonsparti har blitt forbodne.

Dei siste vekene har ikkje EU endra eit einaste komma av frihandelsavtalane som vart signerte i strid med unionens interne reglar. Dei meiner visst ein kan vente til problemet løyser seg sjølv, sidan dei berørte jordbruksområda vil forsvinne i løpet av få år.

Dei har kunngjort si støtte til ei løysing for Palestina, men held fram med å støtte det udemokratiske regimet til Volodymyr Zelensky.

• På det første punktet verkar EU ivrige etter å anerkjenne Palestina som fullverdig medlem av Dei foreinte nasjonane (FN). Dei understrekar at dei ikkje støtter planen til FNs spesialutsending, grev Folke Bernadotte (myrda i 1949), men refererer til planen til den koloniale kommisjonen leidd av William Peel: det bør vere to separate statar, og ikkje ein bi-nasjonal stat der jødar og arabarar har like rettar.

• Når det gjeld Ukraina, held EU fram med å ignorere Minsk-avtalane som FNs Sikkerheitsråd godkjende med Resolusjon 2202, og ansvaret for å forsvare som ligg implisitt i desse. Ikkje berre unnlet dei å gratulere Russland med å stoppe massakren på russisk-språklege i Donbas-regionen, men dei held fram med skuldingane om at Russland har invadert nabolandet sitt.

Når det gjeld forsvars- og utanrikspolitikk, er EU sine standpunkt nøyaktig like dei til G7, som dei deltar i. Ikkje i ei einaste sak skiller dei seg, ikkje ein gong med nyansar. EU er derfor no utstyrt med ein våpenindustri og koordinerer kvart land slik at dei kontinuerleg leverer våpen til den ukrainske regjeringa. Fram til 2022 (den russiske hærens spesialoperasjon i Ukraina) blanda EU seg ikkje inn i forsvarsspørsmål. Faktisk stipulerer dei europeiske traktatane at det ikkje er ein del av ansvaret deira. Forsvaret av unionens territorium avheng ikkje av medlemsstatane, men av NATO, enten dei er medlemmar eller ikkje.

Men på permanent basis har Atlanterhavsalliansen definert interoperabiltetsstandardar for medlemmane sine. Desse gav dei til Europakommisjonen, som så fekk Europaparlamentet til å vedta dei. Dei vart deretter overførte til nasjonale lover av alle dei 27 medlemsstatane. Dette var standardar for alt frå samansetninga av ei sjokoladeplate (det er ei sjokoladeplate i rasjonen til alliansens soldatar) til breidda på hovudvegar (slik at US-amerikanske stridsvogner kan bruke dei).

Kommisjonen hadde ingen vanskar med å ta opp våpenspørsmål. Den hadde allereie gjort det for medisinar under Covid-epidemien. Legg merke til at spreiinga av desse medisinane ikkje har bevist sin nytte mot Covid-19. Men det er ikkje poenget. Dette var ikkje nokon katastrofal epidemi, men eit påskott til ei mobiliseringsøving der kvar makt fekk vise kva den kunne oppnå. Utifrå dette sysnpunktet beviste Kommisjonen at den kunne ta tak i eit emne som ikkje fall under eige ansvarsområde, og til og med inngå gigantiske avtalar på vegner av medlemmane utan å avsløre løyndommane i forhandlingane.

Når EU har blitt éin stat bør Kommisjonen vise den same dugleiken og meir, sidan handlingane deira ikkje lenger vil bli hindra av dei 27 medlemslanda. Dei vil ha forsvunne. Etter denne samanslåinga vil nok bankmannen Mario Draghi kunne oppnå «stordriftsfordelar». Til dømes blir det ikkje lenger nødvendig å sløse bort pengar på ambassadar for kvar medlemsstat, ettersom det vil rekke med eit einskild nettverk for den eine staten. Fordelane til éin vil bli fordelane til alle. Til dømes vil Frankrikes permanente sete i Sikkerheitsrådet tilfalle Unionen. Den franske atombomba vil bli overført til unionens forsvarsdepartement. Nøytrale statar som Austerrike vil så uansett ha forsvunne.

Det som stemmer for politikken, stemmer også for økonomien. Mario Draghi har lenge snakka varmt for ei omorganisering av EU-økonomien etter sovjetiske linjer: kvar region med sine spesialitetar. Det var med dette i tankane at EU slutta dei første frihandelsavtalane som eg snakka om i starten av denne artikkelen. Medan storfelandbruk vil halde fram som spesialitet i Polen, har Nederland tatt leiinga i å autoritært stoppe landbrukarane sine, og det blir ikkje lenge til Frankrike eignar talenta sine til andre oppgåver.

ELIMINERING AV HINDER

Det verkelege hinderet for danninga av ein einskildstat kan berre kome frå dei medlemsstatane som nektar å forsvinne. Det ligg i Rådet for stats- og regjeringssjefar.

To diametralt motsette og uforsonlege synspunkt står imot kvarandre. Dei to ekstremane er i det tidlegare Tsjekkoslovakia: i litt over eit år no har Den tsjekkiske republikken vore styrt av general Petr Pavel, tidlegare sjef for NATOs militærkomité. Agendaen hans er den til G7 (stadfesting av ei verd styrt av reglar [4], isolering av Russia, støtte til ukrainske fundamentalistiske nasjonalistar, førebuing til konfrontasjon med Kina). Robert Fico, på den andre sida, har styrt Slovakia, i seks månadar. Alliansen han bygger på inkluderer visse nostalgiske supporterar av fader Jozef Tiso, som etablerte eit nasjonal-katolsk regime beskytta av nazistane under Andre verdskrig. Meir seriøst har den sin base blant tilhengarar av uavhengigheit frå SSSR, som ikkje anerkjente Václav Havel, CIA-agenten som tok makta under ein fargerevolusjon, «fløyelsrevolusjonen». Som tidlegare kommunist, skiller Robert Fico mellom Russland og tidlegare SSSR. Han forsvarer ei verd organisert rundt prinsippa til Folkeretten (og ikkje G7 sine «reglar»). Han støtta Sikkerheitsrådets Resolusjon 2202 og dermed Russlands intervensjon i Ukraina. Han er den einaste EU-leiaren som har halde på dette standpunktet (Viktor Orbáns Ungarn unngår å ta opp emnet).

For nokre dagar sidan vart problemet løyst: den 15. mai, 2024, fyrte ein person fem skot mot han frå kort hald. Robert Fico vart straks evakuert (fotoet). Hean har allereie blitt operert to gongar, og livet hans er ikkje lenger i fare. Debatten han leidde i Rådet vart avbroten. Den er ikkje venta å bli gjenopptatt.

Historia om EU er allereie skriven. Det fantastiske ved dette prosjektet er at etterkvart som det utfaldar seg, oppdagar vi korfor Brussel har innført reglar og faktorar som verka meiningslause då dei vart vedtatt, men som no gir meining.

Den groteske toppkandidat-debatten, på engelsk og i ei grandios setting, men der ingenting står på spel, har spelt rolla si: underhalde folkemassane medan dei som tel avgjer framtida deira i skuggane.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Paris 2024 og Berlin 1936 i den umoglege imperiedraumens teneste”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Monica Sortland, Voltaire Network, 2 mai 2024.

[2Von Der Leyen-saken”, Oversettelse Ingunn Kvil Gamst, Voltaire Network, 9 avril 2024.

[3EU i konflikt med bøndene”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Monica Sortland, Voltaire Network, 1er mars 2024.

[4Hvilken internasjonal orden?”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Monica Sortland, Voltaire Network, 9 novembre 2023.