Den 9. mai var det på Den raude plass i Moskva parade for 79-årsdagen for sigeren over nazi-Tyskland i Den store patriotiske krigen 1941-1945. Meir enn 9000 soldatar deltok, med 75 våpensystem, inkludert atomrakettar på mobile utskytingsramper. Hovudstraumsmedia skildra paraden som ein truande maktdemonstrasjon mot Europa og heile Vesten, og strauk ut den historiske signifikansen og alt som førte til krigen som no føregår i Europa.

Framfor alt må vi hugse historia. Sovjetunionen vart angripen og invadert i 1941 av Nazi-Tyskland med 201 divisjonar med 5,5 millionar soldatar – tilsvarande 75% av alle tyske troppar – 3500 stridsvogner og 5000 fly, pluss 37 divisjonar frå satellitt-land (inkludert Italia).

SSSR hadde bede dei allierte – Storbritannia og USA – om å opne ein ny front i Europa, men dei trenerte; dei ville at nazi-makta skulle svekke Sovjetunionen slik at dei kunne kome i ein dominerande posisjon på slutten av krigen. Den nye fronten vart opna med den anglo-amerikanske invasjonen av Normandie i 1944, då Den raude armé og sovjetiske partisanar hadde sigra over dei tyske troppane og gitt det avgjerande slaget mot nazi-Tyskland. Prisen som Sovjetunionen betalte, var svært høg: rundt 27 millionar døde, meir enn halvparten av dei sivile, meir enn 15% av befolkninga (samanlikna med 0,3% av USA under heile Andre verdskrig); rundt 5 millionar deporterte til Tyskland; meir enn 1700 større byar, 70 000 bygder og landsbyar øydelagde; 30 000 fabrikkar øydelagde.

I dagens krig i Europa er Russland ikkje berre i konfrontasjon med styrkane til Kiev, trente og kommanderte av ei politisk-militær gruppe med klart nazi-preg, men også med det USA-styrte NATO som brukar desse styrkane og utstyrer dei med våpen som har kapasitet til å angripe Russland. Dette visast mest direkte av Moskva si utstilling av våpen som USA, Storbritannia, Tyskland og andre NATO-medlemsstatar har forsynt Kiev med. Medan dei ukrainske styrkane lir tunge tap, sender Atlanterhavsalliansen militærstyrkar til Ukraina for å tene dei, og samtidig trappar dei opp den kjernefysiske komponenten av militærøvingane sine i Europa. Som svar organiserer Russland øvingar med taktiske kjernefysiske våpen og åtvarer om at dei i si militære planlegging vil ta omsyn til at US-amerikanske atomvåpen kan bli utplasserte i Polen. Det europeiske scenariet er knytt til Midtausten-scenariet. Denne episoden tar opp mykje viktig informasjon om dette sambandet som er skjult av mainstream.

Kort samandrag av Grandangolos kritiske blikk på internasjonal presse på fredag den 10. mai, 2024 på den italienske TV-kanalen Byoblu

Oversettelse
Monica Sortland