Denne artikkelen er ein oppfølgar til:
"Midtausten frir seg frå Vesten," 22. mars, 2023.

I møte med framstega til forkjemparane for ei multipolar verd, har forsvararane av den amerikanske imperialismen reagert raskt. Vi skal her analysere to operasjonar: forvandlinga av den europeiske fellesmarknaden til ein militær struktur og omdanninga av aksen frå Andre verdskrig. Sistnemnde aspekt bringer ein ny aktør inn i spelet: Japan.

I det franske parlamentet allierte Charles De Gaulle seg med Kommunistane for å slå Det europeiske forsvarsfellesskapet, EFF (la Communauté européenne de Défense, CED).

FORVANDLINGA TIL DEN EUROPEISKE UNION

I 1949 oppretta USA og Storbritannia atlanterhavspakt-organisasjonen NATO. Dei tok inn Canada og dei statane dei hadde frigjort i vest-Europa. For dei var det ikkje eit spørsmål om å forsvare seg, men om å førebu eit angrep på Sovjetunionen. Sovjetunionen svara med å opprette Warszawapakta.

I 1950, då Korea-krigen starta, planla USA å utvide konflikten til Den tyske demokratiske republikken (DDR, kjent som Aust-Tyskland). Til det laut dei gjenoppruste Forbundsrepublikken Tyskland (kjent som Vest-Tyskland), trass i at Frankrike, Belgia og Luxemburg tok til motmæle. Dei føreslo difor at ein skulle opprette eit Europeisk forsvarsfellesskap (European Defence Community, EDC), men feila i møte med motstand frå Gaullistane og dei franske kommunistane.

Samtidig hjelpte dei til med å gjenoppbygge vest-Europa med Marshall-planen. Denne planen inneheldt mange hemmelege klausular, inkludert danninga av ein europeisk fellesmarknad. Washington hadde ønske om å både dominere vest-Europa økonomisk og hindre politisk innverknad frå kommunistane og «den sovjetiske imperialismen». Det europeiske økonomiske fellesskapet (EEC) – og seinare Den europeiske unionen (EU) – dannar den sivile sida av den US-amerikanske sjetongen, med NATO på den militære sida. Europakommisjonen er ikkje ein administrasjon som består av stats- og regjeringssjefane i unionen, men grensesnittet mellom desse og NATO. Dei europeiske normene for ikkje berre væpning og byggeverksemd, men og for utstyr, klede, mat osb., er etablerte av NATO-tenestene, først i Luxembourg, deretter i Belgia. Dei vart overførte til Kommisjonen, og er i dag godkjende av Europa-parlamentet.

I 1989, då Sovjetunionen fell ihop, såg den franske presidenten, François Mitterrand, og den tyske kanslaren, Helmut Kohl, føre seg at dei kunne fri vest-Europa frå USAs overformynderi og bli i stand til å konkurrere med Washington. Forhandlingar om ein slik traktat fann stad samtidig med den firparta okkupasjonen av Tyskland (12. september 1990), gjenforeininga av dei to Tysklanda (3. oktober 1990) og oppløysinga av Warszawa-pakta (1. juli 1991). Washington aksepterte Maastricht-traktaten så lenge den anerkjende USAs militære dominans. Vest-europearane godtok dette prinsippet.

Men Washington stolte ikkje på paret Mitterrand/Kohl og kravde i siste liten at EU skulle inkludere alle dei tidlegare medlemmane av Warszawa-pakta, og til og med dei nye, uavhengige statane som hadde oppstått frå den tidlegare Sovjetunionen. Desse statane delte ikkje ambisjonane til Maastricht-forhandlarane. Dei var faktisk heller mistenksame mot dei. Dei ønska fri seg frå både tysk og russisk påverknad. Dei stolte berre på «den amerikanske paraplyen» for forsvaret sitt.

I 2003 drog Washington nytte av at EU hadde spansk presidentskap (sosialisten Felipe González) og høgrepresentant for den felles utanriks- og sikkerheitspolitikken (Javier Solana), og fekk vedtatt «den europeiske sikkerheitsstrategien», etter modell av den nasjonale sikkerheitsstrategien til USAs president George W. Bush. Høgrepresentant Federica Mogherini reviderte dokumentet i 2016.

Emmanuel Macron via Frankrikes presidentskap i EU til å få rekonstruert det europeiske forsvarsfellesskapet (EDC) under dekke av EUs «strategiske kompass». Denne gongen blir ikkje prosjektet sendt til dei nasjonale parlamenta. Det er ei avgjerd som stats- og regjeringssjefane har tatt på eige hand, aldri diskutert og lagt fram for velgarane.

I 2022, under Ukraina-krigen, kjende USA atter behovet – slik dei gjorde i Korea-krigen – for å gjenoppruste Tyskland militært mot Russland (etterfølgaren til Samveldet av Sosialistiske Sovjet-republikkar, SSSR). Så dei omdannar EU, med varsemd denne gongen. Under presidentskapet til franskmannen Emmanuel Macron føreslo dei eit «strategisk kompass». Dette vart vedtatt ein månad etter den russiske intervensjonen i Ukraina. Medlemmane av EU reagerte med sjokk, for dei veit enno ikkje nøyaktig om dei er saman for å samarbeide eller for å bli integrerte («den konstruktive tvetydigheita», som Henry Kissinger uttrykte det).

I mars 2023 organiserte EUs noverande høgrepresentanten for utanriks- og sikkerheitspolitikk, Josep Borrell, det første «Robert Schumann Forum for sikkerheit og forsvar». Eit stort tal forsvars- og utanriksministrar frå EU-medlemslanda deltar. I tillegg til dei ikkje-EU europeiske statane som er pro USA, er mange andre representerte på ministernivå, slike som Angola, Ghana, Mosambik, Niger, Nigeria, Rwanda, Senegal, Somalia, Egypt, Chile, Peru, Georgia, Indonesia og Japan. I tillegg til NATO, er og ASEAN, Golf-samarbeidsrådet og Den afrikanske unionen representerte. Framfor alt sender Den arabiske liga sin generalsekretær.

Det uttalte føremålet med dette forumet er å forsvare «multilateralisme og ein regelbasert internasjonal orden»; ein elegant måte å avvise det russisk/kinesiske prosjektet for ei «multipolar verd basert på Folkeretten».

Takka vere Covid-epidemien har EU allereie utstyrt seg med fullmakter på helseområdet som ikkje var fastesette i traktaten. Eg forklarte i starten av denne epidemien at tiltaket om innesperring av friske folk mangla historisk presedens. Det vart utpønska, etter førespurnad frå den tidlegare sjefen for Gilead Sciences og tidlegare forsvarsminister Donald Rumsfeld, av dr. Richard Hatchett, som vart direktør for CEPI (Coalition for Epidemic Preparedness Innovations) og, som sådan, initiativtakaren til dette tiltaket globalt [1]. Ifølge hans hemmelegstempla rapport frå 2005, som vi dessverre berre kjenner utifrå reaksjonane den framprovoserte, var innesperring av friske sivilistar i heimane sine meint å lette identifiseringa av flyttbare arbeidsplassar, stenge ned industri for konsumprodukt i Vesten, og konsentrere arbeidskrafta i forsvarsindustrien. Vi er enno ikkje heilt der, men EU – etter å ha gripe folkehelsefullmakter som traktaten ikkje føresåg, utan å vekke indignasjon – tolkar no tekstane slik at dei blir ei militærmakt.

Josep Borrell på Robert Schumann Forum on Security and Defense

Førre veke, under Schuman Forum, presenterte Josep Borrell sin første rapport om implementeringa av «det strategiske kompasset». Idéen er å «poole» dei nasjonale arméane, inkludert etterretningstenestene, i ein ande av integrasjon, heller enn av samarbeid. Emmanuel Macron sitt prosjekt gravlegg no prosjektet til Charles De Gaulle og dei franske Kommunistane. «Europe of Defence», «Forsvars-Europa», framstår no som eit slagord som ikkje berre skal gjere EU-medlemmane sine operative styrkar underordna Supreme Allied Commander Europe (SACEUR), no US General Christopher G. Cavoli, men i tillegg ta kontroll over alle finansieringsavgjerder som før har vore dei nasjonale parlamenta sitt ansvar, og til og med avgjerder om væpning og organisering som før var nasjonale regjeringsorgan sitt ansvar. Såleis organiserer unionen ein felles armé utan å vite kven som skal styre den.

GJENOPPBYGGINGA AV NAZI/JAPAN-AKSEN

Når vi tenker på Andre verdskrig, tenker vi i Europa på 1939 og 1945. Dette er absolutt feil. Krigen starta i 1931, etter at japanske generalar angreip kinesiske soldatar i Mandsjuria. Dette var det første overtrampet frå den sivile makta Japan, ved den militaristiske fraksjonen, som vart forsterka nokre månadar seinare med avrettinga av den sivile statsministeren av ei gruppe militær-menn. På få år vart Japan forvandla til ei militaristisk og ekspansjonistisk makt. Denne krigen slutta ikkje med Den raude armés frigjering av Mandsjuria i 1945. Faktisk brukte USA to atombomber for å hindre at Japan overgav seg til SSSR, og forsikre seg om at ei overgiving berre skulle skje til USAs eigne generalar.Dei heldt fram med kampane fram til 1946 fordi mange japanarar nekta å overgi seg til USA, som ikkje hadde kriga mykje i Stillehavet fram til då. Andre verdskrig varte frå 1931 til 1946. Om vi gjer slike tidfestingsfeil, er det fordi krigen til aksen Roma/Berlin/Tokyo («tremaktspakta») ikkje vart global før Ungarn, Slovakia, Bulgaria og slutta seg til.

Grunnlaget for aksen var ikkje dei ulike interessene til aksemedlemmane, men deira dyrking av styrke. For å gjenopprette det i dag, må vi sameine dei som deler denne kulten.

Yoshio Kodama, den første gudfaren til yakuza, spelte ei viktig rolle innan japansk militarisme. Etter Andre verdskrig vart han fengsla, og profitterte deretter på endringa i USAs politikk. Han grunnla Det liberale partiet som Shinzo Abe og Fumio Kishida oppstod frå. Kodama styrte, under radaren, mange CIA-operasjonar i landet sitt. Han var medlem av World Anti-Communist League medan Slava Stetsko (som skreiv lovutkastet til paragraf 16 i den ukrainske grunnlova) var president.

Då USA okkuperte Japan i 1946, var første tanke å reinse bort alle militaristiske element frå landet. Men då Korea-krigen braut ut, bestemte USA seg for å bruke Japan til å kjempe mot kommunismen. Dei avslutta rettssakene som var i gang og rehabiliterte 55 000 høgare tenestemenn. Dei implementerte Dodge-planen, tilsvarande Marshall-planen i Europa. Ein av dei som hadde nytte av denne politikkendringa, var Hayato Ikeda, som vart statsminister og gjenoppretta landets økonomi. Med CIAs hjelp grunnla han Det liberal-demokratiske partiet. Det var i dette partiet at statsminister Shinzo Abe (2012-20) og etterfølgaren hans Fumio Kishida (2020-) hadde framgang.

Sistnemnde drog nyleg på eit overraskande besøk til Ukraina. Han er den første asiatiske regjeringssjefen som vitjar landet sidan starten av krigen. Han vitja ei massegrav i Butsja og uttrykte sine kondolansar til familiane til offera for «russiske overgrep». Dei fleste analytikarar tolkar turen som ei førebuing til det komande G7-toppmøtet i Japan. Om ikkje det går mykje lenger enn det.

Den 21. mars 2023 dannar Fumio Kishida og Volodymyr Zelensky ein allianse mot Russland og Kina. Dei forsterkar forholdet som Yoshio Kodama og Slava Stetsko først oppretta.

I sitt sluttkommuniké legg Fumio Kishida og Volodymyr Zelensky vekt på «udelelegheita til den euro-atlantiske og indo-stillehavske sikkerheita» og «viktigheita av fred og stabilitet i Taiwan-sundet». For dei handlar det ikkje berre om å forsvare Ukraina mot Russland, men også Japan frå Kina. Dette kommunikéet legg grunnlaget for ein ny allianse mellom etterfølgarane av nazistane som er dei ukrainske «integrerte nasjonalistane» [2] og etterfølgarane av Shōwa-nasjonalismen. Dagens Ukraina er den einaste staten i verd som har ei uttalt rasistisk grunnlov. Vedtatt i 1996 og revidert i 1920, slår den fast i paragraf 16 at «å bevare det ukrainske folkets genetiske arv er statens ansvar.» Enka etter den ukrainske nazi-statsministeren, Jaroslav Stetsko, skreiv denne paragrafen.

I kontrast til dette, avviser den japanske grunnlova krig i sin paragraf 9. Men Shinzo Abe og Fumio Kishida har starta ein kamp for å oppheve denne. Blant anna gjer den det umogleg å overføre dødeleg forsvarsutstyr, så hr. Kishima tilbaud kring $7.1 milliardar i humanitær og finansiell støtte til Kiev (Kyiv). Når det gjeld ikkje-dødeleg militærutstyr, kunne han denne veka berre love leveranse på ei sending til ein verdi av $30 millionar.

Denne gjenmilitariseringa av Japan blir støtta av USA, som allereie har skifta side med støtta si til Ukraina. USA sin ambassadør til Tokyo, Rahm Emmanuel, tvitra: «Statsminister Kishida gjer eit historisk besøk til Ukraina for å forsvare det ukrainske folket og promotere dei universelle verdiane som er forankra i FN-pakta ... Omlag 900 kilometer unna tar eit anna og farlegare partnarskap form i Moskva» (han refererer til Putin/Xi-toppmøtet).

Talsmann for Kinas utanriksdepartement Wang Weibin sa derimot at han med tanke på statsministerens besøk «håpar Japen vil presse på for å få til ei avspenning av situasjonen, ikkje omvendt.» Russland, for sin del, sende to strategiske bombefly som sirkla over Japanhavet i omlag sju timar.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Covid-19 and The Red Dawn Emails”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 28 April 2020.

[2Who are the Ukrainian integral nationalists ?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 15 November 2022.