President Emmanuel Macron har nett medvite øydelagt sin konstitusjonelle autoritet

I mange veker har den eine enorme demonstrasjonen følgd den andre i Frankrike. Det er tomt for drivstoff på bensinstasjonane i mange område, og hundretals tonn søppel hopar seg opp i sentrum av store byar.

President Emmanuel Macron har greidd å innføre ein pensjonsreform. Teksten hans løyser ingen problem, men skapar mykje urettferd. Til dømes vil folk som byrja arbeide som 16-åringar ikkje kunne gå av med pensjon før dei har jobba fleire år enn dei som starta å jobbe då dei var 18. I eit land som elskar likheit for lova, burde ikkje denne teksten ha gått igjennom.

President Macron har medvite skapt ein fastlåst situasjon der ingen har nokon mogleg utgang. Regjeringa hans har i halvtanna år tatt imot alle fagforeiningane for å avvise alle deira framlegg til løysing. Han gjekk på massedemostrasjonar rundt om i landet, og særleg i mellomstore byar, utan å reagere. Så manipulerte han og venstrekoalisjonen NUPES timeplanen, slik at parlamentsmedlemmar ikkje kunne røyste på denne teksten ved første gjennomlesing, og til slutt misbrukte han ein unntaksparagraf i grunnlova til å presse teksten igjennom ved andre gjennomlesing.

For å få jobben gjort, bad han statsministeren, Elisabeth Borne, halde regjeringa overta parlamentets ansvar, ved bruk av grunnlovsparagraf 49-3. Denne paragrafen var av grunnlovsfedrene tiltenkt spesifikke krisesituasjonar som ikkje har noko med den noverande situasjonen å gjere. Utan tvil ville verken Charles De Gaulle eller Michel Debré ha aktivert den under slike omstende.

Ved slutten av avrøystinga mangla mistillitsforslaget berre 9 av 577 røyster til å få kasta regjeringa. Teksten, som aldri vart lagt fram til avrøysting i parlamentet, vart automatisk sett på som «vedtatt».

Dette kuppet føyer seg inn i ei lang rekke diktat som spenner frå tiltaka for undertrykking av «Dei gule vestane»-rørsla til innesperring av den friske befolkninga under Covid-19-epidemien, gjennom ei rekke dekret og misbruk av paragraf 49-3 (11 gongar på eitt og eit halvt år). Sjølv dei franskmennene som overtydde seg sjølve om at dei temporære innskrenkingane av fridommane deira var rettferdiggjorte, meiner no at nok er nok.

No er landet delt i to. På den eine sida ein liten tredel av befolkninga opplever ingen problem og vil at Emmanuel Macron skal la systemet halde fram med å arbeide til deira fordel. På den andre sida er dei over to tredelane som ikkje lenger berre er fiendtlege, men no også deler eit hat. Denne utviklinga av kollektive emosjonar og samhaldet det genererer, er noko nytt.

Etter sitt eige syn har presidenten vunne, sidan lova hans blir sett på som «vedtatt». Men i praksis tapte han, sidan han samla i hop alle fagforbunda og det som tel av populære politiske parti i felles front mot seg. Berre parliamentmedlemmar frå hans eige parti, Renaissance (ex-La République en Marche), støtta han, pluss nokre få andre som hevda å vere frå det tidlegare Gaullist-partiet, Les Républicains. 8-9 av 10 franskmenn er imot lovteksten, og er no overtydde om at den utøvande makta ikkje har noko med dei å gjere.

Republikken, i ordets rette forstand, er eit regime som set allmenninteressene over alt anna. Då presidenten splitta landet i slikt omfang, forrådde han det. Demokrati er ein type institusjon som gir folket røyst. Han forrådde også dette. Situasjonen er no blokkert, og landet har blitt uregjerleg. Ingen fleire viktige avgjerder kan takast i månadane, eller til og med åra, som kjem.

Berre ei kursendring til fordel for folket kan fjerne blokkeringa av dei demokratiske institusjonane. Grunnlova til Den femte republikken tilbyr fleire løysingar. Presidenten kan løyse opp parlamentet og utlyse parlamentsval. Men då ville partiet hans visseleg bli pulverisert. Han kunne også utlyse ei folkerøysting, men han ville utan tvil ha tapt også denne. Derfor kjem han ikkje til å gjere anna enn å stenge seg inne i Élysée-palasset for å feste .

Pensjonsreformen markerer det feilslåtte i Macron-metoden: presidenten lova å stille seg over skillet mellom høgre og venstre, men han viste berre at han ikkje kunne gjere verken den eine eller andre sida nøgde.

Kommentatorane undrar seg over korfor Emmanuel Macron frivillig plasserte seg i denne fella. Kva var han ute etter? Det finst ikkje noko politisk svar på desse spørsmåla. Kanskje eit økonomisk svar: han vil forskottere finansierte pensjonar ved å sabotere etterbetalt pensjon. Kanskje eit psykologisk svar: han er likegyldig overfor andres lagnad og likar å sjokkere dei (under hans første val merka eg meg den sosiopatiske åtferda hans). Om vi følger denne hypotesen, vil han ikkje finne pusterom før han har fullstendig miskreditert grunnlova frå 1958 og oppnådd visse om at han vil bli den siste presidenten av Den femte republikken.

Det politiske sjølvmordet til Emmanuel Macron og begjæret hans etter å sjå landet kollapse med han, maskerer ei veldig djup krise. Det er ikkje tilfeldig at franskmennene fleire gongar på rad har vald inn ein amerikansk agent som sjef for landet: Nicolas Sarkozy, som øydela Frankrikes uavhengigheit og braut resultatet av folkerøystinga om den europeiske grunnlova ved å vedta same tekst via parlamentariske kanalar; deretter ein småborgar, François Hollande, som gjorde republikkens presidentskap om til vaudeville; og til sist ein investeringsbankmann som har gjort Elysée-palasset om til ein mottakshall for cocktail-selskap for amerikanske multi-milliardærar. Fire gongar (dei gjenvalde Emmanuel Macron) tok franskmennene ansvaret for denne nedstigninga til helvete. Dei var overbeviste om at landet deira ikkje trengte ein stor personlegdom, berre små reformar som skulle reparerast.

No må dei slite med mat- og energiinflasjon på 20 til 30%. I meir enn halvparten av landet finst det ikkje lenger tilgjengeleg lege, og sjukehusa stenger naudetatane sine. Framfor alt merkar alle at ingenting går som det skal: utdanningsgraden har kollapsa dramatisk, politiet greier ikkje lenger å halde orden, rettsvesenet manglar middel til å gjere noko før det har gått to år, hæren er ute av stand til å respondere på høgintensitetskrig. Problema er så mange at ein ikkje veit kor ein skal ta fatt.

Franskmennene byrjar innsjå at offentlege tenester ikkje kan reparerast med bøting og småflikking, men lyt omskapast heilt i tråd med dei nye realitetane: digitaliseringa av produksjonsmidla og globaliseringa av handelen. Somme seier krisa starta i 2007, då parlamentet stemde over ein tekst som hadde blitt forkasta i ei folkerøysting; eller, ifølge andre, i 2005, med opprøra i dei parisiske forstadane; viss det ikkje var i 1990, med Frankrikes deltaking i USA sin krig i Golfen. Uansett finn ikkje landet seg i det den politiske klassen har blitt, og endå mindre i politikken den fører.

Emmanuel Macron, som vart vald på løftet om modernisering av landet, framstår i dag som den som blokkerer ein slik tranformasjon, som hindrar framveksten av eit nytt samfunn.

Franskmennene, som i 1789 tok initiativet til å styrte det gamle regimet og skape eit nytt og moderne samfunn, håpar å ta eit nytt initiativ til å skape ei ny verd. Dei er vagt klare over at Afrika er i ferd med å frigjere seg frå dominansen til den franske regjeringa, og at Russland og Kina samstundes reorganiserer dei internasjonale relasjonane, men dei er svært lite informerte om desse emna.

Det er veldig overraskande å observere tørsten deira etter eit nytt paradigme og frykta deira for å bli slynga ut i ein valdeleg revolusjon. For å løyse denne krisa, hadde det vore nok at den politiske klassen deira lytta til dei, slik kong Ludvig XVI gjorde heilt i starten av revolusjonen. Men vi er vitne til ein dialog mellom dauve. Under alle forhandlingane om pensjonsreformen innrømde ikkje regjeringa noko som helst til fagforeiningane. På den andre sida har regjeringa mangedobla endringsforslaga med parlamentarikarane, og forvandla dialogen med folket til ein intern debatt i den politiske klassen. Denne haldninga har lukka alle dører til fredeleg utgang.

Franskmennene har allereie merka tomrommet i «dei store debattane» og andre «medborgarmøte». President Macron har allereie brukt dette. Franskmennene deltok, men forslaga deira forsvann i ein byråkratisk labyrint. Derfor vil det ikkje vere mogleg å gjenta denne sjarmoffensiven.

I månadane og åra som kjem, kan ingenting endrast. Regjeringa vil ikkje lenger klare å få parlamentet til å vedta ein tekst, og uansett vil ikkje tenestemennene lenger lyde. Dei vil legge problematiske dokument i botnen av store bunkar og bere rundt på dei. Franskmennene vil ikkje lenger kunne protestere utan å bli råka av brutal undertrykking, slik ein allereie har sett i tilfellet med Dei gule vestane.

Europavalet i 2024 og lokalvala i 2026 blir ein sjanse til å isolere Élysée-verten litt til før han går av i 2027. Sjølvsagt med mindre han innrømmer at den einaste måten å få landet til å fungere igjen, er at Macron går av.

Oversettelse
Monica Sortland