Under den franske revolusjonen, lenge før «Frihet, Likhet, Brorskap ble republikkenes motto, bekreftet denne plakaten at disse idealene var mer verdt enn livene våre

Alle politiske regime, same kva for type dei måtte vere, har ingen annan funksjon enn å verne sine undersåttar eller medborgarar mot angrep som dei ikkje greier verne seg sjølve mot. Til gjengjeld kan dei avgrense fridommane til innbyggarane sine, noko nokre regime - oftare enn andre - trur dei må gjere.

Briten Thomas Hobbes tolererte alle staten sine brotsverk, så lenge den verna sine undersåttar mot borgarkrigen dei hadde opplevd. Franskmannen Montesquieu braut med denne linja og fann opp mekanismar for kontroll av statsfornuften. Men han meinte, som alle byggherrane av moderne regime, at fridommar var demokratia sitt ultimate mål.

Under dødelege epidemiar har einskilde regime meint det var nødvendig å avgrense, eller til og med fjerne, fridommane til nokre av undersåttane sine. Det vart akseptert, inntil Covid-19-epidemien, at eit demokrati unntaksvis kunne avgrense fridommane til dei som var infiserte, eller mistenkte for å vere infiserte, for å verne dei friske. No er det akseptert at dei også kan avgrense fridommane til sistnemnde, eller til og med setje nesten heile folket i husarrest.

Denne nye standarden har aldri blitt debattert demokratisk. Den vart pålagt regjeringar i ein krisesituasjon og vart akseptert av undersåttane som det minste av to vonde. Med det har dei innført ei temporær endring av det politiske regimet, sidan det i eit demokrati er slik at politiske avgjerder berre er legitime dersom dei har blitt debatterte i folkeforsamlingar. Rivne med av oppsvinget sitt, jobbar desse regima – som inntil nyleg forbaud bruk av burka – no med utforming av obligatoriske verneklede. Og dessutan med mobil-appar som kan varsle innbyggarane når dei kjem i nærleiken av ein infisert person.

Dette er ikkje apokalyptisk fiksjon, men verkelegheita vi no lever i. Denne utviklinga er utelukkande basert på to informasjonskjelder. I følge professor Neil Ferguson i EU og Storbritannia og professor Anthony Fauci i USA, er Covid-19-epidemien venta å ta livet av minst 55 millionar menneske totalt, verda over. Så langt har det vore 170 000, færre enn ein trehundredel av venta.

Frykta for epidemiar er rotfesta i oss. Vi veit at til visse tider, på visse stader, har dei gjort ende på heile sivilisasjonar. Vi veit også at medisinske framsteg ikkje vil hjelpe oss i møtet med nye virus, nett fordi ein enno ikkje har fått studert dei. Men vi veit også at dei verste virusepidemiane, slik som kopparepidemien i Amerika, ikkje har greidd å øydelegge sivilisasjonar. Før-colombianske statar vart øydelagde berre fordi koppane hjelpte conquistadorane med det. Pest, slik som Den justinianske pesten på 500-talet eller Svartedauden på 1300-talet, er bakterielle sjukdommar som kan svekkast med hygienetiltak og nedkjempast med antibiotika.

I starten av dei moderne demokratia erklærte Benjamin Franklin, som var ein av grunnleggingsfedrane til USA og ein Voltaire-«bror»: «Dei som er villige til å gi opp essensiell fridom for å kjøpe seg litt mellombels tryggleik, fortener ikkje verken fridom eller tryggleik»; ein grunnsetning som utan tvil også gjeld for epidemiar.

Vi må merke oss dette: husarrest for ei frisk befolkning «til deira eige beste», er inkompatibelt med det demokratiske idealet. Det handlar ikkje om å jamre seg over visse tilbakeslag for demokratiet vårt, i møte med terrorisme til dømes. Desse gjekk berre ut over nokre av oss, og plaga ikkje så mange. Men det handlar om å sjå at vi nett har, i det minste mellombels, sett stopp for demokratiet samtidig i mange land. Ei avgjerd som påverkar oss alle og fengslar oss i heimane i ein ubestemt tidsperiode.

Å stille den gode president Macron – som vernar om helsa til sine medborgarar – opp imot den dårlege president Trump – som favoriserer økonomien – er berre tåkelegging. Den sørgelege sanninga er at vi nett gav opp først bruken av Fridommen vår, og like etter heile vår Fridom.

Det er verken ei økonomisk krise eller ein krig som fører til denne opphevinga. Covid-19 er ein mykje mindre dødeleg epidemi enn mange vi har hatt før. Hong Kong-influensaen i 1968 –70 tok livet av over ein million menneske, medan AIDS over ein periode på 40 år har drepe over 32 millionar. Desse virusa har ikkje endra noko på politisk plan. Det er derfor sannsynleg at vår politiske respons på den noverande epidemien speglar ei tidlegare utvikling.

Vidspreidd isolasjon har vore rettferdiggjort i alle land der det blir praktisert som respons på sårbarheita til sjukehussystemet. Sjølv om det skulle vere feil, viser bruken av dette argumentet openlyst at vi verdset Helsa vår som viktigare enn Fridommen vår, medan forfedrane våre alltid hevda at Livet deira var mindre viktig enn Fridommen deira.

Med suspenderinga av demokratiet på ubestemt tid, har vi gitt opp å følge i fotefara til heltane våre.

Oversettelse
Monica Sortland