Konfrontert med bølga av regimeskifte i fransk-talande Afrika, er media i Frankrike i sjokk. Dei greier ikkje forklare korfor Frankrike blir avvist..

Det gamle refrenget om utbytting av koloniar, overbeviser ikkje. Til dømes utbyttar Paris Nigers uran, ikkje til marknadspris, men til ein latterleg låg pris. Men kuppmakarane har aldri brukt dette argumentet. Dei snakkar om heilt andre ting. Skuldingane om russisk manipulasjon er ikkje lenger truverdige. Først fordi Russland ikkje ser ut til å stå bak kuppmakarane i Mali, Guinea, Burkina-Faso, Niger eller Gabon, men framfor alt fordi vondskapen starta lenge før dei kom dit. Russland kom til Afrika først etter sigeren sin i Syria, i 2016, medan problemet oppstod seinast i 2010, om ikkje 2001.

Som alltid: det som gjer situasjonen uforståeleg, er at ein gløymer korleis den oppstod.

Etter angrepa den 11. september, 2001, gav USA vasallen sin Frankrike er spesiell rolle i Afrika. Målsetninga var å oppretthalde den gamle ordenen der mens ein venta på at USAs Afrika-kommando AfriCom skulle etablere seg og Pentagon utvide øydelegginga si av politiske institusjonar til det mørke kontinentet, ei øydelegging dei allereie var i gang med i «det større Midtausten» [1] Gradvis gav Republikansk politikk meir plass til stammepolitikk. Eitt synspunkt var at det var ei frigjering frå tungtvegande, fransk bistand; eit anna sa det var eit formidabelt tilbakesteg.

I 2010 tok den franske presidenten, Nicolas Sarkozy, truleg etter råd frå Washington, initiativ til å løyse konflikten på Elfenbeinskysten. Landet var midt oppe i ein stammekonflikt, og ein operasjon som først vart leidd av ECOWAS, og deretter av søskenbarnet til Barack Obama [2] Kenyas statsminister Raila Odinga, prøvde å forhandle om avgangen til den ivorianske presidenten, Laurent Gbagbo. Problemet deira var ikkje Gbagbos autoritaritære regime, men det faktum at han hadde forvandla seg frå ein underdanig CIA-agent til ein forsvarar av nasjonen sin. Etter presidentvalet intervenerte Paris militært for å arrestere Gbagbo – for å stoppe folkemord, sa dei – og erstatte han med Alassane Ouattara, ein gamal ven av Frankrikes herskande klasse. Laurent Gbagbo vart deretter stilt for retten i Den internasjonale straffedomstolen (ICC), som etter ei langtrekt rettssak kom fram til at han aldri hadde begått folkemord, og at Frankrike difor ikkje hadde rett til å gripe inn militært.

I 2011 engasjerte president Nicolas Sarkozy, etter råd frå Washington, Frankrike i Libya. Igjen var det offisielle målet å stoppe ein diktators folkemord mot sitt eige folk. For å gjere skuldinga truverdig, organiserte CIA, som stod bak Frankrike, falske vitnemål framfor Menneskerettsrådet i Geneve. I New York autoriserte FNs Sikkerheitsråd stormaktene til å intervenere for å stoppe massakren som ikkje eksisterte. Russlands president Dmitry Medvedev vende det blinde auget til. USAs president Barack Obama ville ha AfriCom til å endeleg starte operasjonar i Afrika, der dei enno ikkje var, ettersom dei framleis var stasjonerte i Tyskland.

Men i siste sekund nekta kommandanten for AfriCom å kjempe mot Muamar Gaddafi saman med jihadistane som hadde kjempa mot kameratane hans i Irak (USAs militær har enno ikkje innrømd CIA sitt dobbeltspel med å støtte jihadistane i kampen mot Russland, ofte til ulempe for Vesten). Barack Obama appellerte difor til NATO, og gløymde at han før hadde lova å ikkje mobilisere organisasjonen mot noko land i sør. Muamar Gaddafi vart torturert og lynsja, og Libya vart lemleista. Men Libyske arabiske Jamahariya, som ikkje i det heile tatt var eit diktatur, men eit regime som var inspirert av dei franske sosialistane på 1800-talet og Pariserkommunen, var den einaste afrikanske krafta som prøvde å sameine arabarar og svarte.

Gaddafiville frigjere kontinentet slik han hadde frigjort sine landsmenn frå Vestens kolonialisme. Han førebudde til og med, saman med direktøren for Det internasjonale pengefondet (IMF), Dominique Strauss-Kahn, å teste ut ein felles valuta for fleire afrikanske statar. Fallet hans vekte fiendane hans. Svarte vart igjen massakrerte av arabarar, sjølv om dei var libyske statsborgarar, og reduserte til slaveri, under dei kjenslekalde auga til Vestens sigersherrar. Dei fattige afrikanske statane som hadde vore økonomisk støtta av Libya, kollapsa. Først Mali [3]. Arabiske jihadistar som NATO hadde gitt makta i Tripoli, støtta visse tuaregar mot svarte generelt. Problemet spreidde seg gradvis til heile Sahel-Afrika.

Uten å ha lært noko av desse brotsverka, organiserte Frankrikes president François Hollande eit nytt regimeskifte i Mali. I mars 2012, då president Amadou Toumani Touré snart hadde sete ut perioden sin, og ikkje ville stille til gjenval, vart han styrta av ei gruppe USA-trente offiserar som ikkje forstod korfor dei gjorde som dei gjorde. Dei avbraut valkampanjen som var i gang, og utnemnde Dioncounda Traore til «overgangspresident». Dette taskenspelartrikset vart godtatt av ECOWAS... som no var styrt av Alassane Ouattara. Ikkje overraskande bad overgangspresident Dioncounda Traore Frankrike om hjelp til å bekjempe jihadistane som angreip han. Tanken til Paris var å stasjonere troppar i Mali, slik at dei kunne angripe Algerie, det eigentlege målet, bakanifrå. Dette var «Operasjon Serval». Dei algerske generalane var fullt klare over at dei var neste på lista, og dei slo hardt ned på jihadistane som hadde tatt gislar i gasskomplekset ved In Amenas. Det var ei åtvaring til Frankrike mot å intervenere mot folket deira.

Ikkje noko problem! Frankrike omorganiserte styrkane sine, og kalla det «Operasjon Barkhane». Den franske arméen vart stilt til disposisjon for sin amerikanske overherre. Alt var organisert av AfriCom, som framleis var stasjonerte i Tyskland. Franske troppar, no med støtte frå medlemmar av Den europeiske unionen (Danmark, Spania, Estland, Storbrittania, Sverige og Den tsjekkiske republikken), øydela måla dei hadde fått frå AfriCom. I denne tidlegare franske regionen hadde det franske militæret god kontakt med lokalbefolkninga, medan amerikanarane hadde ein språkbarriere.

På dette stadiet kan ein først observere at Operajon Barkhane, uansett resultat, ikkje var legitim. Rett nok handla det offisielt om Vesten som skulle få kontroll over jihadistane, men sahelarar forstår at det er dette same Vesten som skapte jihadistane i regionen då dei øydela Libya. Og det er ikkje alt.

Planlegginga av Sahel-krigen, den 11. mai, 2022, i Marokko tende bølga av statskupp i fransk-talande afrikanske land. Berre Marokko er ikkje i direkte fare, sidan dei skal vere vert for USA sine troppar.

La oss ta eit steg tilbake. La oss hugse at alt dette starta med Pentagon si avgjerd om å øydelegge afrikanske politiske strukturar med AfriCom, nett slik dei hadde byrja øydelegge «det større Midtausten» sine med CentCom. Den 11. mai 2022 samlet den amerikanske understatssekretæren for politiske saker, straussianaren Victoria Nuland, dei 85 statane som deltar i koalisjonen mot IS i Marokko. Ho kunngjorde neste steg i programmet: jihadistane bygger seg opp att i Sahel. Dei har våpen, som offisielt skulle til Ukraina. Snart vil heile regionen vere eit einaste stort inferno [4]. I november stadfesta Nigerias president Muhammadu Buhari den massive straumen av US-amerikanske våpen til jihadistar i Sahel og Tsjadsjøbassenget, opprinneleg tiltenkt Ukraina.

Det var denne eksistensielle risikoen som gjorde at soldatane i Mali, Burkina-Faso og Niger tok makta for å forsvare sine innbyggarar.

Det er viktig å forstå at afrikanske leiarar i fleire år har klaga på Frankrike si støtte til jihadistane dei liksom skal bekjempe. Poenget er ikkje å skulde på det franske militæret, men på rolla som landets hemmelege tenester speler når dei arbeider for USA.

Heilt sidan starten av Operasjon Serval, har syriske jihadistar klaga på at Frankrike svikta dei til fordel for deira saheliske motpartar. Og president François Hollande laut halde tilbake sine troppar til dei qatarske instruktørane til dei maliske jihadistane trekte seg tilbake. Russlands utanriksminister Sergei Lavrov diskuterte saka med sin franske motpart Laurent Fabius, som svara med ein latter: «Det er vår realpolitikk!»

Ein fristad av al-Qaida-militærleirar vart oppretta mellom byane Ghat (nær den algerske grensa) og Sabbah (nær Niger) i Fezzan-ørkenen sør-vest i Libya. Ifølge den svært seriøse Canard enchaîné, vart desse jihadistiske akademia organiserte av dei britiske og franske hemmelege tenestene.

Choguel Kokalla Maïgas intervju med RIA-Novosti

For tre år sidan, den 8. oktober, 2021, gav Malis statsminister, Choguel Kokalla Maïga, eit intervju til RIA Novosti [5] som har blitt breitt spreidd og kommentert i regionen, men ikkje i Frankrike, der ingen andre enn våre lesarar kjenner til det.

Ifølge Yaou Sangaré Bakar, Nigers minister for utanrikssaker, samarbeid og nigerarar i utlandet, som skreiv til FNs Sikkerheitsråd (Ref. S/2023/636), sleppte franske agentar sist månad fri terroristar som hadde sete i fengsel. Dei vart samla opp i ein dal i landsbyen Fitili (28 km nordvest for Yatakala), der det vart halde eit planleggingsmøte med mål om å angripe militære stillingar i tre-landsgrenseområdet. Seksten terroristleiarar vart tatt i tre operasjonar, inkludert to i Niger og ein i Mali.

Brevet til Yaou Sangaré Bakar’ reiser elles viktige spørsmål om rolla til ECOWAS [6], spørsmål som ikkje er nye, og som har blitt reist sidan regimeskiftet på Elfenbeinskysten. Denne internasjonale institusjonen har nett lagt sanksjonar på Niger og mobilisert troppar for å gjenopprette den konstitusjonelle ordenen. Men statuttane til ECOWAS autoriserer ikkje innføring av slike sanksjonar, like lite som FN-pakta autoriserer dei til å utøve militærmakt mot sine medlemmar.

For Guinea and Gabon er det noko annleis. Dei er ikkje Tsjadsjø- eller Sahel-statar. Dei er enno ikkje trua. Militæra deira gjorde først og fremst opprør mot autoritære regime, mot Alpha Condé i Guinea og Ali Bongo i Gabon. Begge nekta å gi opp makta, sjølv om folket ønska det. Men kuppmakarane i begge landa var raskt ute med å skulde på det franske militære nærværet. Rett og slett fordi dei trygt kan føreseie at den franske arméen ikkje kjem til å forsvare interessene til gabonesarane, eller sjølv franskmennene, men berre Washington sine.

Krig blir førebudd fleire år på førehand. I dag overfører USA våpen i skuggane av konflikten i Ukraina. I morgon vil det vere for seint.

Mot dette bakteppet, overraskar det å høyre Frankrikes president Emmanuel Macron preike om forsvar av den konstitusjonelle ordenen. På den eine sida fordi alle desse statane er i overhengande fare, og på den andre fordi han sjølv, ved å stille den franske arméen til disposisjon for USA-leiarane sine ambisjonar, har svike sin eigen Konstitusjon.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen”, av Thierry Meyssan , Oversettelse Monica Sortland, Voltaire Network, 30 mai 2021.

[2« L’expérience politique africaine de Barack Obama », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 9 mars 2013.

[3War against Libya: an economic catastrophe for Africa and Europe”, by Thierry Meyssan , Voltaire Network, 4 July 2011.

[4Ein ny krig blir førebudd til etter nederlaget mot Russland”, av Thierry Meyssan , Oversettelse Knut Lindtner, Voltaire Network, 26 mai 2022.

[6Voltaire, International Newsletter - N°51 - 8 September 2023.