Den internasjonale domstolen, presidert av Joan Donoghue, som tidlegare jobba for USAs utanriksdepartement, har kome med ei rådgjerd i saka mellom Sør-Afrika og Israel. Ikkje overraskande tok retten nøyaktig same standpunkt som USA: Israel må gjere alt dei kan for å hindre folkemord medan dei krigar mot Hamas.

FOLKERETTEN ER FRAMLEIS I SIN BARNDOM

Domstolen er FNs kime til internasjonal justis. Den tok over for Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie, som vart oppretta av Folkeforbundet i 1922. Systemet er berre eit hundreår gamalt. Føremålet er å sikre at alle medlemsstatane overheld det dei har forplikta seg til. Men sidan 1942 har anglosaksarane, som anerkjende domstolen i 1945, prøvd å omgå bruken av Folkeretten, og i staden etablere sitt eige overherredøme over verda. Då dei signerte Atlanterhavspakta (til NATO), hevda britanes statsminister Winston Churchill og USAs president Franklin D. Roosevelt, i namnet til sine statar, at berre dei burde avgjere disputtar mellom statar i etterkrigsverda. Dette var den opphavelege årsaka til Den kalde krigen og dagens konfliktar.

Tvert imot den oppfatninga vi har av Den internasjonale domstolen, er den altså ingen fullvaksen domstol, men heller ei slagmark der det anglosaksiske, unipolare prosjektet for verdsdominans konfronterer det multipolare prosjektet til dei fleste andre statar. Det er innanfor desse rammene vi bør tolke avgjerda om Gaza-massakren.

Det einaste pressmiddelet domstolen har mot regjeringar, er ikkje militærmakt, men folkeopinionen i kvart land. Inga regjering godtar idéen om å bli presentert for folket sitt som ein kriminell. Det er derfor spesielt viktig å forstå domstolens rådgjerder.

DOMMARAR MÅ SEIE KVA SOM ER RETT, MEN DEI ER IKKJE UAVHENGIGE NOK

Domstolens femten permanente dommarar er nominerte av sine eigne regjeringar og valde av alle. Dei må begrunne avgjerdene sine juridisk. Men avgjerdene gjenspeglar generelt deira nasjonale fordommar. Det hender svært sjeldan at ein dommar kjem med fellande dom mot regjeringa som har vald han eller ho. Det bli i tillegg utnemnd to ekstradommarar av dei to partane i konflikten. Dei kjem for å forsvare landet sitt, og søker etter argument som støttar landets sak.

Eg hugsar og at korrupsjonen til dei internasjonale dommarane var notorisk då eg rådgav Muamar Gaddafi. I amband med ein dom om legaliteten til NATO sin krig mot folket hans, gav den libyske leiaren ordre om å kompensere «gåver» til dei internasjonale dommarane med tilbod om tilsvarande gåver.

I saka som no går, var det berre to dommarar som røysta imot alle eller nokre av rettens avgjerder.

Sjølvsagt ad hoc-dommaren som representerer Israel, Aharon Barak. Han var med, saman med den revisjonistiske sionisten Menachem Begin, då Camp David-avtalen vart forhandla fram. Då han var president for høgsterett, tolka han dei grunnleggande lovene på ein slik måte at det gav han sjølv retten til å sensurere Knesset; eit ikkje truverdig system som det israelske demokratiet vart bygd på, og som Benjamin Netanyahu prøver å styrte. I domsavgjerdene sine forsvarte han systematisk interessene til Israel mot palestinarane og forbaud sistnemnde å sende inn klage på skadar som IDF har påført dei. Ifølge han kan ein ikkje lage omelett utan å knuse egg, og ei gransking av desse tilfella ville tvinge IDF til å avsløre konfidensielle detaljar om sine operasjonar. Dessutan var det også han som autoriserte bygginga av «separasjonsmuren» som ICJ erklærte illegal.

Han gjekk imot fire av dei seks provisoriske rådgjerdene. Han gjekk imot det generelle påbodet om å gjere alt for å unngå folkemord, påbodet om å ta vare på bevis for potensielle folkemordshandlingar, og påbodet om at Israel skal rapportere inn om metodane sine. Han gjekk og imot alle innskrenkingar av handlingsrommet til IDF. På den andre sida gjekk han med på at Israel bør hindre politikarane sine i å be om folkemord, og at dei bør gi palestinarane humanitær støtte.

Den andre dommaren som sette seg opp imot retten, var Julia Sebutinde frå Uganda. For ho er den israelsk/palestinske konflikten politisk, og kan difor ikkje dømmast av ein juridisk domstol. Sidan handlingane som Israel angiveleg har gjort, etter hennar syn ikkje var gjort med folkemordshensikt, så hadde Sør-Afrika ikkje demonstrert at dei provisoriske rådgjerdene var nødvendige. Og til sist: ettersom Hamas ikkje er ein part i rettsprosessen, så vil det vere urealistisk å påføre grenser for den eine av krigspartane, men ikkje for den andre.

Først av alt er det ingen som har bede domstolen felle dom om den israelsk/palestinske konflikten, og Folkeretten har ingenting med politikk å gjere. For det andre unngjekk Sør-Afrika å skulde Israel for å ha folkemordshensikter, men dei siterte tilstrekkeleg mange folkemords-utsegner frå israelske leiarar til å be om provisoriske tiltak – eit argument som den israelske dommaren vurderte som gyldig. Og sist, men ikkje minst: at Hamas ikkje er til stades under rettsprosedyrane, kan ikkje autorisere Israel til å tillate folkemord.

Julia Sebutinde sitt standpunkt sår tvil om hennar tidlegare stillingar ved Spesialdomstolen for Sierra Leone. Adonia Ayebare, Ugandas permanente representant i FN, sa: «Dommar Sebutinde si avgjerd i Den internasjonale domstolen representerer ikkje standpunktet til Ugandas regjering på situasjonen i Palestina [...] Ho har allereie røysta imot Ugandas klage med omsyn til Den demokratiske republikken Kongo (DRC)».

Det faktum at dommar Sebutindes argumentasjon er dunkel, og at ho er på kant med si eiga regjering, antyder at ho har blitt korrumpert.

Domstolen kom ikkje med avgjerder i dei andre krava til Sør-Afrika, som ikkje kunne handsamast som hastesaker, men utelukkande om «sjølve saka»: skadeerstatning til palestinske offer og at Israel skulle fordømme individ som er skuldige i folkemord. Framfor alt sa domstolen ikkje at «den israelske staten må straks suspendere sine militæroperasjonar i og mot Gaza».

Avgjerda er i samsvar med den i Gambia vs. Myanmar. Den påbyr dei same provisoriske rådgjerdene som dei som vart brukte til å stoppe folkemordet på rohinga-folket. Men den kan ikkje samanliknast med saka Ukraina vs. Den russiske føderasjonen, ettersom sistnemnde ikkje handlar om eit russisk folkemord på ukrainarar, men om at Russland brukar argumentet om at Ukraina utfører eit folkemord mot si eiga russisk-språklege befolkning.

DEN PROVISORISKE RÅDGJERDA FØREGRIP IKKJE DOMMEN I SAKA

Domstolens påbod er bindande, ikkje berre for Israel og Sør-Afrika, men også for dei 151 andre statane som har signert Folkemordskonvensjonen. Kvart land er forplikta til å ta sine forholdsreglar. Nokre kan tolke det som rettferdiggjering av våpenembargo eller forby sine innbyggarar med dobbelt statsborgarskap å delta i denne potensielle folkemordskrigen.

Algerie har allereie bede om møte i Sikkerheitsrådet den 31. januar, slik at dei kan få oppklart rådgjerdas bindande verknadar. Det er naturlegvis usannsynleg at rådet vil true Israel med militær intervensjon, men det kan til dømes avgjere at det skal innførast våpenembargo.

Rådgjerda vil uansett bli sitert framfor andre domstolar i samsvar med anglosaksisk lov. Til dømes er det allereie ei sak i distriktsretten til nord-California mellom Defense for Children International og Joe Biden, Antony Blinken og Lloyd Austin, og ei anna i London mellom Global Legal Action Network og den britiske regjeringa. Begge er basert på prinsippet om at å forsyne Israel med våpen på dette tidspunktet, er å delta i massakren i Gaza. Dei har no ein sjanse til å lykkast.

Rådgjerda kan også bli tatt til Den internasjonale straffedomstolen (ICC), som ein kan be dømme visse israelske leiarar. Fleire statar har allereie tatt fatt på saka.

Elles er rådgjerda berre midlertidig før ICJ kjem med sin endelege dom. Men vi må ikkje drøyme: domstolen kan vike unna og erklære seg inkompetent. I så fall vil det aldri kome nokon dom i saka, og rådgjerdene vil bli ugyldige.

Dette er det mest sannsynlege utfallet. Men domstolen har allereie avvist argumentet om at Sør-Afrikas tidlegare tilnærmingar ikkje gav Israel tid nok til å svare. Domstolen kan likevel flisespikke rundt «hensikten om å gjere folkemord». Dersom dei dømmer anklagen grunnlaus, kan massakren halde fram.

Vi må ikkje nære illusjonar om Den internasjonale domstolen. Den representerer eit stort steg framover mot internasjonal folkerett, men er enno eit langt stykke unna.

Oversettelse
Monica Sortland