Foto tatt frå eit israelsk bombefly.

Som alle krigar, er også krigen mellom staten Israel og det palestinske folket gjenstand for ein mediekrig. Den palestinske Resistansen treng ikkje fortelle historia om uretten den kjempar mot: ein treng berre sjå for å skjøne. Dei vel å forherlige ein eller annan del av motstandskampen. Israel må på den andre sida overtyde folk om sine gode hensikter, noko som ikkje er ei lett oppgåve, etter tre kvart hundreår med brot på Folkeretten.

FØR ANGREPET

Sidan angrepet til Den palestinske resistansen den 7. oktober, 2023, har Israel tatt i bruk alle sine ressursar for å få oss til å tru at angrepet vart utført av Hamas-jihadistar; og at Israel ikkje visste noko om førebuingane.

Hamas si rolle

Men dette angrepet vart utført av alle dei palestinske fraksjonane, unntatt Fatah [1]. Fram til nyleg definerte Hamas seg som "den palestinske greina av Det muslimske brorskapet", som det står i alle dokumenta deira. I den forma kjempa dei imot dei sekulære i Yasser Arafats Fatah og George Habash sitt PFLP, og deretter mot dei til president Bashar al-Assads Syriske arabiske republikk. I hans auge var dei alle "fiendar av Gud". Hamas var finansiert av Israel, og i Syria var krigarane deira kontrollerte av offiserar frå Mossad og NATO. Men etter at Brorskapet feila i Egypt og dei tapte i Syria, vart Hamas delt i éin seksjon som var lojal mot Det muslimske brorskapet, leidd av Khaled Mechaal og framleis innstilt på å opprette eit globalt kalifat, og éin som atter konsentrerte seg om frigjeringa av Palestina. Sistnemnde har på Irans initiativ fornya sine band med Syria, og leiaren deira, Khalil Hayya, vart tatt imot i Damaskus av president Bashar al-Assad. Dei fornya også banda sine med libanesiske Hizbollah, og deltok på møte med desse og andre delar av Den palestinske resistansen.

Syrias president, Bashar el-Assad, mottar Khalil Hayya i Damaskus den 19. oktober, 2022.

Alle komponentane av Den palestinske resistansen hadde blitt samde om å gjennomføre ein "neveslagsoperasjon" for å kidnappe israelske sivile og soldatar og kunne utveksle dei med palestinske sivile og soldatar som sit fengsla i Israel. Datoen 7. oktober var det Hamas aleine som bestemde, og dei andre palestinske fraksjonane vart informerte berre nokre timar på førehand. Av den grunn deltok fleire frå Hamas enn frå marxistane i PFLP og medlemmane av Resistansaksen (som er forbunden med Iran), Islamsk jihad.

Hizbollahs generalsekretær Hassan Nasrallah tok imot Hamas’ nummer to, Saleh el-Arouri og leiaren for Islamsk jihad, Ziad el-Nakhala.

Den opne løyndommen til 7. oktober-operasjonen

Operasjonen hadde blitt planlagd under eit koordineringsmøte i Beirut i mai. Den libanesiske pressa skreiv om det. Men sjølv om prinsipp, mål og modus operandi var fastslått, var det ingen som visste når det skulle skje.

Dei egyptiske etterretningstenestene var først ute med å slå alarm. Dei støttar Den palestinske resistansen, men kjempar mot Hamas utan å skille mellom dei to retningane i organisasjonen. Dei uroa seg ikkje over at Den palestinske resistansen kunne sigre, men over Det muslimske brorskapet.

Ministeren for dei hemmelege tenestene, Kamal Abbas, åtvara personleg sine israelske motpartar [2].

Obert Yigal Carmon, direktør for Middle East Media Research Institute (Memri), åtvara personleg venen sin, statsminister Benjamin Netanyahu, om at noko var på gang. Men ifølge Carmon lytta ikkje Netanyahu [3].

Central Intelligence Agency (CIA) har skrive to rapportar om førebuingane til angrepet. Ifølge New York Times, vart rapport nummer to, datert den 5. oktober, sendt til styresmaktene i Israel. Ifølge Corriere della Sera, kalla direktøren for Shin Bet (kontraetterretning) deretter inn dei sentrale direktørane for alle sikkerheitstenestene til eit møte den 7. klokka 8 på morgonen.

Men Israel hadde tid til å flytte den ekstraordinære rave-festen direkte til grensa mot Gaza og gi ein fridag til dei styrkane som hadde ansvaret med å beskytte den [4].

I dag er mange av gislanes familiar overtydde om at Benjamin Netanyahu let det skje, slik at det kunne rettferdiggjere operasjonen hans mot folket i Gaza.

ETTER ANGREPET

Sidan 7. oktober har Israel prøvd hardt å få oss til å tru at:
 heile Den palestinske resistansen ikkje er anna enn ein gjeng med jihadistar;
 folk som støttar palestinarane er antisemittar.

IDF sin video-montasje

Dei israelske forsvarsstyrkane (IDF) har produsert ein video-montasje der dei brukar angriparane sine videoopptak, opptak frå overvakingskamera og sine eigne filmopptak. Føremålet med montasjen er å overtyde folk om at Den palestinske resistansen er ein gjeng med antisemittiske barbarar. Vi ser utolelege scener av ein familie der faren blir myrda rett framfor barna sine. Vi ser ein jihadist som prøver å kappe hovudet av eit lik med ein spade. Men ingen valdtekter, ingen lemleisting. Vi ser også brende kroppar, som sjåaren trur har blitt brende av motstandskjemparane. I røynda var dei mål for luft-til-bakke-missila til den israelske hæren som hadde kome for å arrestere angriparane."Hannibal-direktivet" stipulerer at soldatar må drepe "terroristar" utan omsyn til utilsikta israelske tap av menneskeliv.

Denne montasjen vart sett av medlemmar av Knesset, deretter av US Congress, før den vart vist i parlamenta i dei ulike NATO-medlemslanda. Berre det belgiske parlamentet nekta å sjå denne propagandaen utan ekstern ekspertise. Filmen vart også vist fram til utvalde journalistar i ulike hovudstadar.

Dei israelske styresmaktene har ikkje vist vanlege folk anna enn dei 10 minutta i videoen under. Dei seier at dei av respekt for offera ikkje vil gjere heile videoen offentleg tilgjengeleg. Men korfor skulle eit redusert publikum vere meir respektfullt? Eigentleg handlar det om å hindre spesialistar i å eksponere bedraget ved å spørje, offer for offer, kven det var som drap han eller ho.

Demonstrasjonar mot antisemittisme

For å vinne Vestens folkeopinion over på si side og sette massakren dei gjer i Gaza i perspektiv, oppmodar Israel til støttedemonstrasjonar over heile Vesten. Sidan det ville ha vore umogleg å mønstre støtte for ein armé som praktiserer folkemord på direktesendt tv, føreslår Mossad demonstrasjonar mot antisemittismen som Hamas viser.

Men Hamas er gjennomsyra av ideologien til Det muslimske brorskapet. Dei er sunni-suprematistar. Lenge kjempa dei primært mot sjiittande og drusiske muslimar. Dei var verkeleg antisemittiske, men på same måten som dei og var imot alle andre muslimske trusretningar og alle andre religionar, verken meir eller mindre. Mossad har derfor iblant brukt eit anna argument: arabiske immigrantar støttar Hamas og er derfor antisemittiske. Europeiske statar bør gripe inn med tiltak for å forsvare sine jødiske befolkningsgrupper.

Washington-demonstrasjonen var derfor framfor alt imot det påståtte barbariet til Hamas, medan Paris-evenementet fokuserte på kampen mot antisemittisme. Men ingen av dei fekk fullt hus. Den i Washington vart boikotta av mange jødiske foreiningar. Berre 200 000 deltok, dei fleste av dei kristne sionistar. Folk kom meir for å høyre fjernsynsevangelisten John Hagee enn å sjå presidenten av staten Israel, Isaac Herzog. Den i Paris vart opna av statsministeren og alle hennar forgjengarar og presidenten av Konstitusjonsrådet og hans forgjengarar. Men berre nokre titals tusen stod bak dei. To som merka seg ut som fråverande, var utanriksminister Roland Dumas (også eks-president av Konstitusjonsrådet) og Dominique de Villepin (også eks-statsminister). Dei har utmerka seg som motstandarar av imperialismen, og såleis mot regjeringane til USA og Israel.

I fleire tiår har Israel anklaga antisemittar for å skjule seg bak ein fasade av anti-sionisme. Litt etter litt har dei smelta ihop dei to omgrepa. Men europeisk antisemittisme er ei form for framandfrykt som starta under det romerske imperiet, heldt fram under den katolske kyrkja og tok steget vidare under Nazismen. Den består i å gi jødane kollektivt skulda for oppstand, for å ha drept Kristus eller for å øydelegge den ariske rasen. Antisionisme, på den andre sida, er det politiske synspunktet at jødisk nasjonalisme ikkje burde tene eit kolonialistisk prosjekt. I dag er dei fleste amerikanske jødar anitsionistar, medan majoriteten av europeiske jødar er sionistar.

Den franske senatoren Stéphane Le Rudulier (Republikanar) har nett lagt på bordet eit lovforslag om å auke straffa sor å fornærme eller oppelde til hat eller vald mot Staten Israel. Bortsett frå det faktum at det er vanskeleg å skjøne korfor desse lovbrota skulle vere verre i dette tilfellet enn andre, bør ein hugse på verda i 1975 vart skaka opp av ein debatt om sionismens natur. Organisasjonen for afrikansk einskap (OAU) hevda at "rasistregimet i okkuperte Palestina rasistregima i Zimbabwe og South Africa har sams imperialistisk opphav, at dei dannar ein heilskap og har den same rasistiske strukturen, og at dei er naturleg forbundne i sin politikk, som er designa for å undertrykke vyrdnaden og integriteten til mennesket". Likeeins har Organsasjonen av alliansefrie nasjonar har kalla sionismen "ein trussel mot fred og sikkerheit i verda" og bede alle land opponere mot denne rasistiske og imperialistiske ideologien. Og til sist har FNs Generalforsamling adoptert ein resolusjon som kallar sionismen for "ein type rasisme og rasediskriminering" [5].

Men FN-resolusjonen vart oppheva i 1991, for å hjelpe Israel å implementere resolusjonane frå Madrid-konferansen om Palestina. Dei to andre tekstane er framleis i kraft, og sidan Israel ikkje har implementert verken avgjerdene frå Madrid eller andre internasjonale tekstar om Palestina, har spørsmålet om å gjeninnføre resolusjon 3379 vore oppe mange gongar.

ISCENESETTINGA PÅ AL-SHIFA-HOSPITALET

Det var med dette som bakteppe at IDF iscenesette oppdaginga av Hamas’ militære HQ, under Gazas største sjukehus. Ein PR-tenestemann fortalde oss at det hadde blitt funne våpen på staden og at det var husa gislar i ein underjordisk bunker under sjukehuset.

Medan folk debatterer om dette beviset er truverdig eller ikkje, så gløymer dei historia til dette sjukehuset. Det vart bygd av Israel i 1983 [6]. IDF har alle planane. Mossad installerte Hamas i kjellaren der då dei kjempa mot Fatah. Seinare vart sjukehuset ein møteplass for Hamas-tenestemenn og utlandske journalistar. Men alt dette gjer det ikkje til eit arsenal eller eit militært hovudkvarter.

I denne episoden av den israelsk-palestinske krigen har IDF anklaga Hamas for å grave tunnelar under sjukehuset. Dei tok først ei avgjerd om å øydelegge det med penetrerande bomber for å nå ned i djupet. Men etter formaningar frå Verdshelseorganisasjonen (WHO), måtte IDF innrømme at målet deira ikkje legitimerte ei total øydelegging av eit sjukehus. Altså trekte dei evakueringsordren og omringa sjukehuset. 2300 menneske – pasientar, helsepersonell og flyktningar – overgav seg til den israelske arméen, som omsynslaust ransaka dei.

Det var først to dagar etter angrepet at IDF hevda dei hadde oppdaga det militære hovudkvarteret til Hamas under Al-Shifa-hospitalet. I realiteten viser bilda dei sleppte tydeleg at ein brønn nær sjukehuset førte til galleri, men ikkje til noko rom som kunne brukast til hovudkvarter

Skytinga, straumbrotet og ransakinga av sjukehuset forårsaka mange dødsfall, så IDF frakta inn eit dusin kuvøser som ikkje kan fungere, nettopp på grunn av straumbrotet, som Reuters og BBC har rapportert om. Men Mossad tener eit nyttig føremål, for BBC har orsaka for sjåarane sine for at dei ikkje har rapportert om kuvøse-donasjonane og at der var hebraisk-arabiske tolkra til stades.

Oversettelse
Monica Sortland

[1« La censure militaire israélienne vous cache la vérité », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 17 octobre 2023.

[4"C.I.A. Reports Contained General Warnings of Potential Gaza Flare-up", Julian Barnes, Adam Entous, Edward Wong & Adam Goldman, New York Times, November 13, 2023.

[5« Résolution 3379 de l’Assemblée générale de l’ONU », ONU (Assemblée générale) , Réseau Voltaire, 10 novembre 1975.

[6«Top Secret Hamas Command Bunker in Gaza Revealed», The Tablet, July 9, 2014.