Atlantistene koordinerte sin krigs-propaganda slik det fremkommer gjennom løgnene til George Bush jr. og Tony Blair.

Torsdag den 15. desember, 2022, gav kandidaten Donald Trump sin første valkampstale. Han erklærte at han ville prioritere gjenopprettinga av ytringsfridommen i USA då avsløringane til Elon Musk (Twitter Files) og til America First Legal Foundation slo fast at all informasjon er manipulert.

Ein kan tru kva ein vil om herr Trump, særleg sidan han etter valsigeren i 2016 vart gjenstand for ein global svertekampanje som hindra oss i å gjere gode vurderingar av tiltaka hans, men vi må innrømme at han etter 9/11 har stilt dei rette spørsmåla.

"Om vi ikkje har ytringsfridom, har vi ikkje eit fritt land. Så enkelt er det," sa han i starten av videoen sin. "Viss denne mest fundamentale retten får lov til å gå til grunne, så vil resten av rettane og fridommane våre falle som dominobrikker. Ein etter ein vil dei gå under.”

Han gjentok at det er nødvendig å skille mellom
• plattformane sin rett til innhaldsimmunitet dersom dei avgrensar seg til berre vidareformidling, og
• ansvaret deira dersom dei tar seg fridommen til å evaluere eller sensurere innhaldet. I så fall bør dei rettsforfølgast på same måte som forfattarane av meldingane dei spreier.

"Dei siste vekene har eksplosive rapportar stadfesta at ei skummel gruppe av djupstatsbyråkratar, Silicon Valley-tyrannar, venstrevridde aktivistar og forderva korporative nyheitskanalar har konspirert om å manipulere og sette munnkorg på det amerikanske folket," sa Trump.

"Dei har kollaborert om å undertrykke livsviktig informasjon om alt frå val til folkehelse ... Sensurkartellet må demonterast og øydeleggast, og det må skje straks," heldt han fram.

1- 11. SEPTEMBER, 2001

I Vesten starta den gjennomgripande løgna med narrativet om angrepa den 11. september, 2001 i USA [1].Allereie dei første minutta peika media ut den skuldige, utan nærare gransking og utan at nokon hadde tatt på seg skulda for udåden. Seinare same dag fortalde ein BBC-journalist at Tårn 7 nett hadde kollapsa, medan tårnet framleis var synleg i bakgrunnen i fleire minutt.

Den dagen fanst det journalistar som sakleg og kritisk skildra det dei såg, men det var berre éin mann som våga seie på TV at det styresmaktene sa var feil. Det var eigedomsutviklaren Donald Trump, som sa at dei første to tårna ikkje kunne ha kollapsa på grunn av flya som hadde krasja inn i dei. Han visste godt kva han sa, for blant sine tilsette hadde han dei same arkitektane som hadde konstruert World Trade Center.

Donald Trump 11. september 2001

Donald Trump var klok nok til å forklare at styresmaktene måtte ha nasjonale sikkerheitsmotiv for å skjule sanninga for folk. Seks månadar seinare hadde eg ikkje same kompetanse då eg publiserte den globalt bestseljande boka The Big Lie.

Under denne perioden hugsar eg ein journalist frå eitt av dei store amerikanske tidsskrifta som kom for å intervjue meg i Paris. Då eg påpeika for ho at dersom tårna hadde blitt felte av fly, så ville dei ikkje ha kollapsa i sitt eige fotavrykk, slik det skjer under kontrollert riving, så svarte ho at det hadde ho inga formeining om ettersom ho ikkje var spesialist på området. Eg hugsar og at redaktøren for eit svært stort US-amerikansk tidsskrift ringde meg for å fortelle at han ikkje kunne publisere noko, men at han støtta meg.

Eit blyteppe hadde nett senka seg over Vesten. Åra som følgde med «omforming av det breiare Mitausten» var ei lang rekke løgner. Pentagon-operasjonen vart presentert som ei rekke intervensjonar mot diktatur eller i borgarkrigar. Washington øydela folk for ei god sak. Dei nølte ikkje med å påstå at Irak hadde verdas tredje største militærmakt og masseøydeleggingsvåpen; at Muamar Gaddafi og Bashar al-Assad var diktatorar osb.

Desse hendingane var starten på Fact Checking. Dei media som lydde ordrane støtta dei mest utrulege ting med tyngda av sin autoritet. Dagsavisa Le Monde publiserte absurde kalkulasjonar som skulle forsikre om at alt var klart og logisk. Så kom fornærmingane. Dei som brukte hovudet vart kalla «konspirasjonsteoretikarar» og skulda for å vere ideologiske ekstremistar. To leiande journalistar publiserte ei bok på oppdrag for å forsikre om at viss det ikkje var vrakrestar frå eit Boeing-fly i Pentagon, så var det berre fordi flyet hadde krasja «horisontalt» [2]. Alt dette tøvet vart repetert gong på gong.

2- 2016-KAMPANJEN MOT JACKSONIANARANE

Debatten eg vekka på globalt nivå tok sakte fart i USA. I 2004 tok ein anerkjend åndshøvding, David Ray Griffin, fatt på oppgåva med å skrive ei bok som skulle gjendrive påstandane mine, men han oppdaga til si store overrasking at eg hadde rett.

I 2016 tok Donald Trump overraskande over Det republikanske partiet og vart vald til president for USA. Pressa tolka valet som ein siger for populismen over fornuften. Men korfor følgde folket i USA ein slik mann, om ikkje det var for at han nekta å tru på den dominerande løgna?

En av Donald Trumps advokater på konferansen som ble organisert av Thierry Meyssan i Brussel i 2005.

Donald Trump vart nominert for Det republikanske partiet utan å vere Republikanar, og ein omfattande kampanje vart organisert av begge dei store partia for å øydelegge imaget hans [3]. Det starta til og med før han entra Det kvite hus. Internasjonalt vart den organisert av David Brock og kosta minst 35 millionar dollar.

For første gong skildra Vest-pressa ein vald president av USA for rasist og bad om at han skulle fjernast før han fekk gjort altfor stor skade. Gjennom fire år vart ingen av hans største avgjerder omtalte i pressa, berre rykte om kjekling i staben hans. Har du høyrt om presidentens eksekutivordre om å ekskludere CIA frå Sikkerheitsrådet eller om å stoppe finansieringa av jihadistar?

President Trumps utanrikspolitikk vart portrettert som éin manns inkonsekvente dårskap, mens han eigentleg handla i tråd med tankegangen til president Andew Jackson. Men har du høyrt om han anna enn som rasist?

3- USAS PRESIDENT-VAL 2020

Presidentvalet i 2020 er like viktig som 9/11-angrepa. Historia som vart laga om valet hadde ingenting å gjere med hendinga. Problemet er ikkje kven som juksa eller korleis, men at det ikkje er transparent. Stemmene til over ein halv million velgarar vart telde opp under forhold som ikkje stetta krava til transparens eller demokrati.

Heile verda var vitne til eit ugjennomsiktig val i eit land som kalla seg eit eksemplarisk demokrati. Det som Donald Trump kalla eit «ran», var kanskje ikkje det, for ingen kjenner det reelle resultatet av valet. Ikkje desto mindre førte denne mangelen på transparens til at Capitol vart tatt av fredelege demonstrantar etter at politiet med vilje kasta ein av dei frå mange meters høgd for å drepe han.

4- COVID-19-PANDEMIEN I 2020-21

Under Covid-19-pandemien villeidde administrasjonane til Biden og Van der Leyen velgarane sine med vilje. Dei spreidde med viten og vilje falske tal og hevda at:
 "Anti-Covid-vaksinane" (messenger RNA) gir vern mot overføring av viruset (noko produsentane aldri hadde hevda).
 "Anti-Covid-vaksinane" (messenger RNA) er rekommanderte for gravide kvinner.
 "Anti-Covid-vaksinane" (messenger RNA) beskyttar barn (sjølv om dei berre unntaksvis får sjukdommen).
 "Anti-Covid-vaksinane" (messenger RNA) har ingen viktige biverknadar, uansett alder og pasientens tilstand (sjølv om dei forårsakar alvorlege hjarteatakk hos under 40 år gamle menn).
 Det finst ikkje noko anna effektivt remedium for Covid-19 enn Vestlege vaksinar (sjølv om mange andre statar har brukt medisinar i tidlege fasar av sjukdommen eller utvikla sine eigne vaksinar).

President Joe Biden løy for sine medborger om Covid-19 ved å skjule seg bak sine vitenskapsautoriteter i helsedepartementet.

Somme tolkar desse feilslutningane som inkompetanse, andre som korrupsjon av dei farmasøytiske selskapa. Det speler inga rolle: Vesten har uansett sokke ned i løgner fordi midla for kommunikasjon er sensurerte.

ORGANISERINGA AV STATSSENSUREN

Twitter-filene som vart avslørt av den nye eigaren, Elon Musk, og e-postane frå det føderale folkehelsebyrået i USA (CDC) som vart skaffa til vege av denTrumpistiske foreninga America First Legal Foundation [4] beviser atBiden-administrasjonen i løynd monitorerte og iblant sensurerte alle meldingar utveksla på Facebook, Twitter, YouTube, Instagram, Whatsapp og Hello rundt om i verda. Til å gjere jobben hadde Washington utlandske medarbeidarar. President Biden sjølv sette ned eit sensurbyrå, "Disinformation Governance Board" [5]. Sjølv om han offisielt løyste det opp etter å ha blitt møtt med kritikk, held det fram med å operere under nytt namn.

Som tidligere medarbeider til den ukrainske Presidenten Volodymyr Zelensky, er nå den unge the Nina Jankowicz plassert i Washington hvor hun skal overvåke hele den vestlige krigspropagandaen mot Russland.

Dette byrået er dedikert til å sensurere informasjon om ukrainske"integrerte nasjonalistar" [6] og om brotsverka til Zelensky-regimet [7]. Dei spyr ut gift om alt Russland og Kina gjer, slik at vi ikkje oppfattar korleis resten av verda glir inn i opposisjon til Vesten.

Det er tydeleg at populismens frammarsj framfor alt er eit folkeleg svar på den utvida sensuren, først i USA, deretter i heile Vesten. Ytringsfridommen, og dermed demokratiet, er gått bort, avliva av dei som hadde ansvaret for å verne om det.

Donald Trump sin innsats vil, om han lykkast, gjenopprette den frie tale, men ikkje demokratiet. Det er for seint. Verda har endra seg. Dei siste 20 åra har sjølv den minimale likestillinga som ein gong var mellom medborgarane forsvunne: inntektsgapet har auka meir enn 1000 gongar, og middelklassen har blitt delvis ruinert.

Under slike kår må det finnast opp eit nytt politisk regime som berre kan byggast i alles interesse dersom alle har ytringsfridom.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Alt tyder i dag på at Thierry Meyssan hadde rett”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Monica Sortland, Voltaire Network, 10 septembre 2021.

[2L’effroyable mensonge. Thèse et foutaises sur les attentats du 11 septembre, Guillaume Dasquié et Jean Guisnel, La Découvert ( 2002).

[3Clinton-systemet prøver å diskreditere Donald Trump”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Knut Lindtner, Al-Watan (Syria) , Voltaire Network, 3 mars 2017.

[4Hvordan Covid-19-informasjon ble sensurert over hele verden i sosiale medier”, Oversettelse Ingunn Kvil Gamst, Voltaire Network, 26 décembre 2022.

[5The West renounces freedom of expression”, by Thierry Meyssan, Translation TheAltWorld, Voltaire Network, 10 November 2022.

[6Who are the Ukrainian integral nationalists ?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 15 November 2022.

[7Volodymyr Zelensky and ethnopolitics”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 13 December 2022.