Voltaire Network

Rekoloniseringa av Libya

Om det var nokon som trudde at kolonitida var over, så viser det som hender i Irak, Libya og Syria at dette ikkje stemmer. I 2001 bestemte USA ‒ med sin «War on terror» ‒ at dei skulle angripe desse tre landa og nokre til. Sant nok braut ikkje krigen mot Tripoli og Damaskus ut før ti år seinare, den tida det tok å utarme desse statane sine forsvarssystem og til å bygge internasjonale koalisjonar for å maskere dei koloniale motiva som humanitære operasjonar. Lat oss igjen sjå på tilfellet Libya.

| Roma (Italia)
+
JPEG - 18.9 ko
Omar al-Mukhtar

I den dunkle komedien som utspelar seg på den samstemte politiske scenen proklamerte stjerneskodespelar Renzi at i Libya vil «Italia yte sin skjerv». Seinare ‒ då USA gav Italia ei rolle som rådgjevar ‒ deklamerte han at «Italias militære misjon i Libya er ikkje på dagsordenen no», sjølv om den i realiteten allereie har starta, med spesialstyrkar utplassert av parlamentet etter ordre frå statsministeren. Men, før han offisielt gir grønt lys, ventar han på at det i Libya skal dannast ei «super-solid regjering som ikkje vil styre oss i retning av å gjere dei same feila som vi før har gjort». Så lat oss, medan vi ventar på openberringa av ei slik «super-solid regjering» i den libyiske ørkenen, ta eit tilbakeblikk på fortida.

I 1911 okkuperte Italia Libya med ein ekspedisjonsstyrke på 100 000 menn. Kort tid etter invasjonen skaut og hengde den italienske armeen 5000 libyarar og deporterte tusentals fleire. I 1930, etter ordre frå Mussolini, vart halvparten av befolkninga i Cyrenaïca, kring 100 000 menneske, deporterte til omtrent femten konsentrasjonsleirar medan flyvåpenet knuste motstanden ved å bombardere landsbyane med kjemiske våpen, og hæren omringa området med 270 kilometer piggtrådgjerde. Leiaren for motstanden, Omar al-Mukhtar, vart fanga og hengd i 1931. Så byrja den demografiske koloniseringa av Libya ved å skille ut dei mest fruktbare landområda og tvinge populasjonen inn i dei karrige. På starten av 1940-talet vart Italia, no slått, erstatta i Libya av Storbritannia og USA. Emir Idris al-Senussi, plassert på trona av britane i 1951, innvilga løyve for desse maktene til å bruke Libya sine militærbasar, luft, sjø og land. Wheelus Field ved Tripoli vart USA sin hovudbase for fly og atomvåpen i Middelhavsområdet.

I 1956 underteikna kong Idris ein avtale som frifann Italia med omsyn til skade gjort på Libya, og som let det italienske samfunnet oppretthalde sitt patrimoniale system. Dei libyiske oljefelta, oppdaga på 1950-talet, hamna på hendene til det britiske selskapet British Petroleum, det US-amerikanske selskapet Esso og det italienske selskapet Eni. Det brutalt undertrykte nasjonalistiske opprøret førte til eit blodlaust statskupp etter Nasser-modell i 1969, utført av «dei frie offiserane» under leiing av Muammar el-Kadhafi.

Monarkiet vart avskaffa, det libyiske Arab Jamahiriya påla USA og Storbritannia å evakuere militærbasane og utanlandsk eigedom vart nasjonalisert. I løpet av dei komande tiåra vaks Libya til å bli eit land som scora høgt på Verdsbanken sin «human development index», med ein årleg vekst i BNP på 7,5% og ei løn per innbyggar i øvre gjennomsnitts-området. Innbyggarane i Libya naut universell tilgang til grunnleggande utdanning og 46% hadde tilgang til høgare utdanning. Fleire enn 2 millionar afrikanske immigrantar fann jobb der. Denne staten, som utgjorde ein stabilitets- og utviklingsfaktor i Nord-Afrika, støtta med sine investeringar framveksten av organismar som kunne ha skapt finansiell autonomi og ein uavhengig valuta for den Afrikanske Unionen.

USA og Frankrike ‒ som Hillary Clinton sine avslørte e-post-brev beviser ‒ bestemte seg for å blokkere «Kadhafi-planen for oppretting av ein afrikansk valuta» som eit alternativ til dollaren og CFA francen. Av den grunn, og for å tileigne seg libyisk olje og territorium, starta NATO, under US-amerikansk kommando, kampanjen mot Kadhafi, der den italienske «venstre-vings-opposisjonen» spelte ei hovudrolle. Den libyiske staten vart difor gjort ende på gjennom krig og gjennom angrep frå innsida utført av spesialstyrkar og terroristgrupper. Den resulterande sosiale katastrofen, som har skapt fleire offer enn krigen sjølv, spesielt blant immigrantane, opna døra for gjenerobringa og delinga av Libya. Kva marsjerer Italia no inn i, der dei trampar på grunnlova og atter besøker si koloniale fortid?

Oversettelse
Monica Sortland

Kilde
Il Manifesto (Italia)

Godkjente artikler under vanlig journalistisk skjønn

Artikklene på Voltaire Network kan fritt videreformidles såfremt det henvises til kilde, deres integritet respekteres og de ikke brukes til kommersiell virksomhet (lisens CC BY-NC-ND).

Støtt Voltaire Network

Du besøker denne websiden for å søke opp kvalitetsanalyser som gjør deg i stand til å danne deg din egen oppfatning av dagens verden. For at vi skal kunne fortsette arbeidet vårt, trenger vi din støtte.
Hjelp oss med ditt bidrag.

Hvordan delta i Voltaire Network?

Medlemmene i vårt team er alle frivillige.
- Morsmålsoversettere på profesjonelt nivå: du kan hjelpe oss med å oversette artiklene våre.