For første gong sidan starten på konflikten i 2011, vart det halde ein konferanse som sameinte 1500 syriske delegatar av alle opphav, religiøse retningar og nesten alle politiske meiningar – Kongressen for syrisk dialog, i Sotsji.

Dette initiativet frå president Vladimir Putin vart plassert under Irans, Russlands og Tyrkias høge vern. Det vart rakka ned på, til og med avvist, utan grunn, av dei andre maktene som var impliserte i krigen. I røynda vart dei ekskluderte frå fredsprosessen av sjølve ideen om ein inter-syrisk konferanse.

Representerer Kongressen minoritetane?

Mykje press vart utøvd av krigsforkjemparane for å sikre at Kongressen ikkje skulle vere representativ for det syriske folket. Slik utlendingar ser det, inkludert russarar, gir Syria ly til minoritetar som ønsker autonomi – sannsynlegvis gjeld det for kurdarane og drusarane. Men dette synet på situasjonen ignorerer kva det syriske prosjektet har vore i fleire tusen år.

Dette asiatiske territoriet som strekk seg frå vest for Eufrat til Sinai, er bustad for eit mangfald minoritetar – kurdarane og drusarane sjølvsagt, men også turkmenarane, tsjetsjenarane, georgarane, beduinane, armenarane osv osv. Desse etniske minoritetane er sjølve samansette av religiøse minoritetar med antikke trusretningar, slike som alawittane (som vart kristna og deretter islamiserte), kristne frå alle slags kyrkjelydar, og sunnimuslimar. Dette territoriet ligg mellom dei fem hav, på ein slik måte at det utgjer eit obligatorisk knutepunkt, ikkje berre for handelsfolk, men også for erobrarar. Opp gjennom historia har alle desse folka halde fast ved eit sams prosjekt – Syria. Dei lærte at dei trong kvarandre om dei skulle kunne stå imot alle slags inntrengande fiendar. Dei blanda seg overalt, til det på byrjinga av 1900-talet var nådd eit punkt då ingen minoritet lenger kunne identifiserast med éin bestemt religion. Det måtte britisk og fransk kolonialisme til for å prøve å gjere Palestina til ein jødisk stat, Libanon kristent og Jordan muslimsk. Over heile dette vidstrekte området var det berre det som no er Den arabiske republikken Syria som framleis, for berre ti år sidan, heldt vedlike dette «innvevde» sosiale mangfaldet.

Då dei førebudde Sotsji-kongressen, trudde dei russiske diplomatane først at det ville vere nok å føderalisere landet etter minoritetane der, for å bringe fred. I sin første versjon var konferansen tenkt å heite «Kongress for Syrias folk». I diskusjonar med ulike deltakarar om emnet fekk dei forståing for at Syria si historie er ulik Russland si, og at det geografisk sett ikkje går å føderalisere dette ueinsarta landet. Men tvert imot stod israelarane på ideen om å separere kurdarane frå arabarane, medan Frankrike ville skilje kristne og muslimar osv. Ved å gjere det slik, innskrenka dei sine handlingar til eit framhald av dei koloniale Sykes-Picot-Sozonov-avtalane.

Kurdarane i PYD boikotta kongressen. Men i motsetning til ein forutfatta ide som er vanleg i Vesten, så er PYD — sjølv om det er det einaste reint kurdiske partiet — ikkje desto mindre ein minoritet blant kurdarane i Syria. I den nasjonale kulturen er alle etniske parti illegale — PYD er eit unntak.

I alle fall var folka som var på kongressen enten valde ved direkte universell stemmerett, leiarar for organisasjonar, eller anerkjente personar. Invitasjonane hadde blitt sende så breitt som mogleg, slik at ingen skulle bli utelatne.

Representerer kongressen politiske meiningar?

Kvar makt som er medverkande i krigen sponsar dei syrarane som representerer deira interesser. I starten organiserte og finansierte Tyrkia og Saudi-Arabia Det syriske nasjonalrådet (Syrian National Council, arabisk: al-Majlis al-Watani al-Souri) i Istanbul. Deretter, då Qatar gjekk inn i konflikten, vart det Nasjonalkoalisjonen av syriske opposisjons- og revolusjonsstyrkar (the National Coalition for Syrian Opposition and Revolution Forces). Med tida dukka fleire grupper opp, kvar og ei designa av ein utanlandsk part.

Ei gruppe nekta på førehand å delta på Sotsji-kongressen – Høgkomiteen for forhandlingar (the High Negotiations Committee), som trass namnet avviser alle forhandlingar. Gruppa har base i Riyadh og representerer saudiske interesser (som innanfor syrisk populasjon er sagt å korrespondere med interessene til beduin-stammane i den syrisk-irakiske-saudisk ørkenen). Sjølv om dei held på sin demokratiske retorikk så lenge kamera går, så promoterer dei ørken-verdiar – tribalisme, ein unik religion, og ei avvising av historia.

Høgkomiteen sitt fråvere illustrerer det umoglege ved å utvide beduinminoriteten sine verdiar til å gjelde for heile Syria. Men på same vis som det ein gong eksisterte ein allianse mellom Kongeriket Saudi-Arabia og Den arabiske republikken Syria, så er sameksistens framleis mogleg. Og det er grunnen til at Baath-mannen Riad Hijab, etter å ha blitt snudd av franske hemmelege tenester, aksepterte å leie Høgkomiteen. Han hadde vore guvernør, minister, deretter president for Ministerrådet (og ikkje statsminister, slik vestlege media hevda i si fåkunne om det syriske president-systemet). Frå same stammen som kongen av Arabia, hadde han allereie prøvd denne løysinga før krigen, og vore heilt nøgd med den.

Ei anna gruppe boikotta kongressen fysisk, men gjorde denne avgjerda kjent først då dei kom til Sotsji – dei vart representerte av ein tredje part. Hovudsakleg samansett av visse Muslimske brør og nokre turkmenarar, var dei sponsa av Tyrkia. Ankara, som nølte med å vise det openlyst, oppmuntra gruppa til å fordømme partiskheita til organisatorane – som dei sjølve var medlem av – slik at gruppa var ute av kongressen, men gav si fullmakt til dei tyrkiske diplomatane.

Medlemmane av denne gruppa påstod at logoen til kongressen inkluderte flagget til Den arabiske republikken Syria og ekskluderte deira eige (flagget til fransk kolonisering, som hadde vore i bruk også i starten etter uavhengigheita). Ved dette handlesettet demonstrerte dei det hjørnet dei hadde måla seg sjølve inn i – ved å assimilere det syriske flagget med Ba’ath-partiet, og ved å promotere koloniseringsflagget, og dei demonstrerte si forakt for heltane under frigjeringskampen og si fylking om utanlandsk okkupasjon. I røynda er dette lite verd, sidan dei underordna seg den makta som betalte dei – Tyrkia – og deretter, utan å ha forlate flyplassen, tok ein flight tilbake til Istanbul.

Representantar for nesten alle dei syriske fraksjonane, med unntak av Høgkomiteen for forhandlingar (pro-saudisk) og PYD (pro-fransk), godkjente Slutterklæringa og Den grunnlovsgivande kommisjonen

Har Kongressen vedtatt dei inter-syriske avtalane?

Nei, visseleg ikkje, men jau. Slutterklæringa på 12 punkt inkluderer ingenting nytt, men har blitt signert av alle dei syriske fraksjonane utanom PYD og Høgkomiteen for forhandlingar, som ikkje var til stades. Delegatar frå den ytre opposisjonen kom med tilrop til den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov under opningstalen hans. Men etter å ha dumma seg ut med si infantile åtferd for opne vestlege kamera, godkjente dei Erklæringa.

Sjølv om ein skulle førestille seg at dei to fråverande gruppene representerte mykje folk, så representerte kongressen minst 90% av syrarar, noko som fullstendig kollkastar den diplomatiske likninga. USA, Storbritannia og Frankrike kan ikkje – sjølv om dei gjorde narr av initiativet – ignorere konsensusen det har etablert.

Dei siste seks åra har dei syriske fraksjonane snakka forgjeves i Geneve, Wien, Astana og Sotsji. At dei har mislukkast er eine og aleine avdi det finst ein skjult plan, suksessivt halden gåande av Obama-administrasjonen og administrasjonen i FN: den totale og ubetinga kapitulasjonen til Den arabiske republikken Syria og Den muslimske brorskapen si NATO-verna maktovertaking.

Hovudpunkta i Feltman-planen

 suvereniteten til det syriske folket skal avskaffast;
 Grunnlova skal opphevast;
 presidenten skal avsettast (men ein vise-president skal halde fram med ansvar for formelle funksjonar);
 parlamentet skal løysast opp;
 minst 120 leiarar vil få status som skuldige, og bli bannlyste frå politiske funksjonar (dette refererer sannsynlegvis til lista med folk som er underlagt sanksjonar av EU);
 direksjonen for militæretterretninga, direksjonen for politisk tryggleik og direksjonen for generell tryggleik vil bli fråtekne sine leiarar eller bli oppløyste;
 «politiske fangar» vil bli sleppt fri og anti-terrorist-domstolar vil avskaffast;
 Hizbollah og Revolusjonsgarden må trekke seg – då, og berre då vil det internasjonale samfunnet bekjempe terrorismen;

I ein periode på 2 til 3 veker skal eit «Organ for regjeringsovergang» konstituerast og ha alle politiske, utøvande, lovgivande og dømmande fullmakter. Det vil inkludere:
 2/5 representantar for Den arabiske republikken Syria, inkludert medlemmar av den lojale opposisjonen;
 2/5 representantar for den ikkje-lojale opposisjonen;
 1/5 personar frå sivilsamfunnet, valde av ein representant for generalsekretæren i FN.

Kjelde : Sous nos yeux. Du 11-Septembre à Donald Trump, éditions Demi-Lune, 2017.

Ingen av punkta som figurerer i denne planen vart godkjente på Sotsji-kongressen.

Dessutan tok kongressen ei avgjerd om å danne ein lovgivande kommisjon samansett av 150 delegatar nominerte av tredjepartar frå Ankara, Moskva og Teheran.

Spesialrepresentanten for FN sin generalsekretær, Stefan De Mistura, får applaus frå delegatane som representerer nesten alle syrarar, når han godkjenner Slutterklæringa og Den lovgivande kommisjonen.

Vil kongressen påverke Geneve-forhandlingane?

I håp om å sabotere fredsprosessen organiserte Frankrike ein konferanse mot president el-Assad den 23. januar i Paris. Den var basert på FN- rapportane om kjemiske våpen, og hadde som mål å gi Bashar el-Assad skulda, og hindre han i å stille til val blant sine medborgarar. Dette kan oppsummerast slik: ja til demokrati, men utan el-Assad. La oss ikkje gløyme at FN-utsendingane hadde nekta å verifisere på staden elementa som var samla ihop, og at Tryggingsrådet hadde avvist rapportane deira.

Ein kan merke seg at Tyrkia returnerte ein delegasjon dei var misnøgde med til Istanbul. Innvigde i kunstane dobbeltkommunikasjon og heilomvendingar, deltok dei både på Paris-konferansen og som medorganisatorar ved Sotsji-kongressen.

For at Sotsji-konsensusen skal få gjennomslag på grunnplanet, er det nødvendig med FN si støtte. Dette forklarer manøvrane som blei implementerte for å halde organisasjonen utanfor Sotsji-kongressen.

Men heilt uventa dukka spesialrepresentanten for FN sin generalsekretær, Staffan de Mistura, opp i Sotsji. Han godkjente legitimiteten til Kongressen, og gav FN si velsigning til Den lovgivande Kommisjonen. Med mindre han endrar meining, er dette eit avgjerande framsteg for iverksettinga av el-Assad-planen av 12. desember 2012, godkjent av det internasjonale samfunnet som Tryggingsrådets resolusjon 2254. Dette er også eit tungt nederlag for FNs Nummer 2, Jeffrey Feltman, som i løynd har arbeidd i seks år (kanskje til og med 13 år i andre posisjonar) for å tvinge Den arabiske republikken Syria til å godta ubetinga kapitulasjon.

Kva for diplomatiske konsekvensar får Sotsji-kongressen?

Dei maktene som bagatelliserte Sotsji-kongressen fordi dei var redde for at den ville vurdere den sentrale rolla til Russland og deira tyrkiske og iranske allierte, har tapt. Til no har ingen greidd å sameine så mange representantar for det syriske folket, og ingen har greidd å tvinge fram ei godkjenning av eit dokument felles for indre og ytre grupperingar. Ja, Russland og deira allierte er no hovudaktørar, og USA, Storbritannia, Frankrike og Saudi-Arabia har ekskludert seg sjølve.

Saudi-Arabia og Frankrike er dei store taparane i denne operasjonen. Høgkomiteen for forhandlingar, som var den einaste instansen av syrisk opposisjon i Geneve, konkurrerer no med oppslutninga til praktisk talt alle syrarar. PYD, som Frankrike har klart å presentere som representant for syriske kurdarar, har blitt avslørte som berre éin formasjon blant mange, som ikkje representerer anna enn våpna dei blir gitt av Pentagon.

Oversettelse
Monica Sortland