Diana Ivanovici Soșoacă, senator i Romania, talte den 8. februar i det rumenske parlamentet om følgande (oppsiktsvekkande) observasjonar:
 Eitt minutt før seismografane detekterte jordskjelvet, vart tyrkiske gass- og olje-røyrleidningar stengde (NB! Dette er den einaste påstanden vi ikkje har greidd å stadfeste).
 24 timar før jordskjelvet tilbakekalte 10 Vestlege land sine ambassadørar frå Ankara.
 5 dagar før jordskjelvet gjekk mange Vestlege land, inkludert Romania,ut med ei åtvaring om å reise til Tyrkia, utan å oppgi motiv.

Jordskjelvet som rysta Tyrkia og Syria vart følgd av fleire enn 150 etterskjelv, der det kraftigaste var skjelv nummer to, ikkje det første. Skjelvet hadde heller ikkje noko episenter; utbrota skjedde langs ei forkastningslinje over fleire hundre kilometer. Det er venta fleire skjelv, også i Istanbul.

Vidare :

Rundt 15 tyrkiske selskap som importerer utstyr for 18,5 millionar dollar frå USA, har vidareeksportert utstyret til eit dusin russiske firma som er råka av tvangstiltaka som Washington unilateralt har påført dei [1].

Tyrkia avviste Brian Nelson, U.S. Treasury Under Secretary for terrorism and financial intelligence, som drog til Ankara for å kreve stopp av den tyrkiske militæreksporten til Russland og Tyrkias opposisjon mot eit svensk NATO-medlemskap [2].

Sabotasjen av røyrleidningane Nord Stream den 26. september 2022, vart offentleg annonsert av USAs president Joe Biden på ein felles pressekonferanse med Tysklands kanslar Olaf Scholz, då han sa det var ein operasjon han godt kunne førestille seg dersom Russland skulle intervenere i Ukraina. Kort tid etter kom Victoria Nuland, Assistant Secretary of State, med ei liknande utsegn under ei Kongress-høyring [3].

 Under Andre verdskrig gjorde USA vellykka eksperiment med måtar å provosere fram tsunamiar på, har nedgraderte dokument frå New Zealand avslørt [4].
 På slutten av Vietnam-krigen vart USA og Sovjetunionen samde om å avstå frå krigshandlingar relaterte til bruk av miljøet, og dei signerte «Konvensjonen om forbod mot å bruke miljømodifiserande metodar til militære føremål eller andre fiendtlege føremål» (1976) [5]. Denne traktaten (som ikkje er signert av Frankrike, men tredde i kraft 2. februar 1979 i Noreg) forbyr «alle metodar for endring – ved hjelp av medviten manipulasjon av naturprosessar – av dynamikken, samansetninga eller strukturen på jorda (artikkel II)», noko som heilt klart inkluderer jordskjelv.
 Med oppløysinga av Sovjetunionen rekrutterte USA dei vitskapsfolka som hadde vore med på Pamir-programmet, som hadde greidd å provosere fram jordskjelv NATO har utført mange studiar på jordskjelv, men berre publisert dei som handlar om verknadar av skjelv, og ikkje om dei kan bli provosert fram..

Voltaire Network mistenkte allereie i 2010 at det kunne vere mogleg, då jordskjelvet som råka Haiti hardt i tid fell presis saman med starten på ei Pentagon-øving som skal ha hatt til mål å koordinere og utplassere privat hjelp til katastrofeområde [6]. Senator Diana Ivanovici Soșoacă tolkar desse elementa som indikasjonar på at jordskjelvet i Tyrkia og Syria vart utløyst av USA med vilje.

Det som er svært tydeleg, er at Biden-administrasjonen ikkje kjenner medynk med offera, sidan dei har forbode all Vestleg hjelp til Syria, unntatt til Idlib-regionen som framleis er kontrollert av Vestleg-støtta jihadistar. Utanriksminister Antony Blinken skraut av at USA forsyner Tyrkia med mesteparten av hjelpa dei får. Men det er ikkje det inntrykket dei har fått, dei vi kontakta på staden.

Oversettelse
Monica Sortland

[1«Russia’s Ukraine War Effort Fueled by Turkish Exports», Jared Malsin, The Wall Street Journal, February 3, 2023.

[2«U.S. warns Turkey on exports seen to boost Russia’s war effort», Jonathan Spicer, Reuters, February 5, 2023.

[3« How America Took Out The Nord Stream Pipeline », Seymour Hersh, Substrack, February 8, 2023.

[4« Tsunami bomb NZ’s devastating war secret » et « Devastating tsunami bomb viable, say experts », par Eugene Bingham, New Zealand Herald, 25 et 28 septembre 1999. « Experimental bomb to create huge tidal wave was tested in 1944 » par Kathy Marks, The Independent, 27 septembre 1999.

[5Denne traktaten har blitt signert av 48 av dei 195 medlemslanda til FN. Sjå United Nations Treaty Collection.

[6Haiti and the seismic weapon”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 26 January 2010.