Då President Trump viste til «gisselkrisa» mellom president Carter og Iran i 1979, vekte han USA si stoltheit. Men historia er ein partisk presentasjon framført av journalist Walter Cronkite. Ved å vise til den sende han ei melding til Iran, som med suksess hadde framforhandla ei vellykka løysing med president Reagan.

To splitta land

Å skjøne relasjonane mellom USA og Iran blir vanskeleggjort av at dei to statane er djupt splitta:

 USA er styrt av president Donald Trump, men alle ekspertar ser at den føderale administrasjonen er sterkt imot han, unnlet å følge instruksane hans og er involvert i dei parlamentariske prosessane som er i gang for å få han fjerna.

• Dette er ikkje ei politisk splitting mellom Republikanarar og Demokratar, for president Trump kjem ikkje frå dei, sjølv om han vart nominert for førstnemnde. Det er ei kulturell kløft: den som stammar får dei tre anglosaksiske borgarkrigane (den britiske borgarkrigen og USAs uavhengigheitskrig og borgarkrig). I dag er opponentane kulturen til bondestanden – arvingar etter «erobringa av Vesten» – og kulturen til Puritanarane – arvingar etter «pilegrimsfedrene» på Mayflower [1].

 I Iran er det to konkurrerande makter: på den eine sida regjeringa til sjeik Hassan Rohani og på den andre sida revolusjonsleiaren ayatollah Ali Khamenei. I motsetning til det dei vestlege media hevdar, er det ikkje den eine eller den andre gruppa som paralyserer landet, men dødskampen som desse to gruppene fører mot kvarandre.

• President Rohani representerer interessene til Teherans og Esfahans bursjoasi, handelsmenn som er orienterte mot internasjonal handel og hardt råka av USA sine sanksjonar. Sjeik Rohani er ein gamal ven av djupstaten i USA: han var den første iranske kontakten mellom Reagan-administrasjonen og Israel under Iran–Contras-affæren i 1985. Det var han som introduserte Hashem Rafsanjani for Oliver North sine menn og lot han kjøpe våpen, bli sjef for hæren og den rikaste mannen i landet, og deretter president for den islamske republikken. Sjeik Rohani vart utvald av Obama-administrasjonen og Ali-Akbar Velayati, under hemmelege forhandlingar i Oman i 2013, til å få ein slutt på den sekulære nasjonalismen til president Mahmoud Ahmadinejad og gjenopprette relasjonane mellom dei to landa.

• På den andre sida er det revolusjonsføraren, ein funksjon skapt av imam Rouhollah Khomeini etter modell av vismannen i Platons Staten – ei rolle som ikkje er muslimsk. Ayatollah Khamenei er meint å sikre at politiske vedtak ikkje strir imot prinsippa i islam eller den anti-imperialistiske revolusjonen i 1978. Han er leiaren av Revolusjonsgarden, som general Qassem Soleimani var medlem av. Budsjettet hans er ekstremt variabelt på grunn av uføreseielege svingingar i oljeinntektene. Det er derfor han, og ikkje Rohani-administrasjonen, som mest får merke USA sine sanksjonar. Dei siste åra har han prøvd å etablere seg som eit referansepunkt innan islam generelt, og har invitert til Teheran alle dei religiøse og politiske leiarane av den muslimske verda, inkludert dei argaste motstandarane.

Dei fleste avgjerdene som blir tatt, både i USA og Iran, blir straks motsagt av konkurrenten.

Ein annan vanske når ein vil prøve forstå kva som skjer kjem frå løgnene som dei to maktene har akkumulert oppigjennom åra, og som i stor grad framleis sirkulerer. Vi skal berre nemne dei som har blitt nemnde dei siste dagane:

 Det var aldri noka gisselkrise i 1979. Personale ved USAs ambassade som blei tatt til fange blei arresterte in flagrante delicto (tatt på fersken, mrk.) for spionasje. Ambassaden i Teheran var CIA sitt hovudkvarter for heile Midtausten. Det var ikkje iranarane, men USA, som braut reglane for diplomatisk framferd. To marinesoldatar i vaktpersonalet fordømde CIA sine aksjonar, spionasjeutstyret finst framleis til skode i lokala til ambassaden og dei topphemmelege dokumenta som blei kverrsette der har blitt publiserte i over 80 bind.

 Den islamske republikken Iran har aldri anerkjent staten Israel, men har aldri hatt som målsetning å utrydde den jødiske befolkninga. Dei forsvarte prinsippet om «éin mann, éi stemme», og meinte samstundes at dette også skulle gjelde for alle palestinarar som hadde emigrert og skaffa seg utlandsk statsborgarskap. I 2019 leverte dei inn eit forslag om folkeavstemning om sjølvråderett i det geografiske Palestina (dvs. Både Israel og det politiske Palestina) til Tryggingsrådet i FN.

 Iran og Israel sitt fiendskap kunne ha vore større, for dei driftar trass alt i fellesskap røyrleidninga Eilat-Ashkelon, som er i dei to statane sitt sameige. [2].

 Iran stoppa all forsking på atomvåpen i 1988 då imam Khomeini erklærte at masseøydeleggingsvåpen var inkompatibelt med hans visjon av islam. Dokument stolne av Israel og avslørte av statsminister Benjamin Netanyahu i 2018, viser at forskninga etter 1988 har fokusert på berre ein sjokkbølgegenerator (del av ein atombombe-detonator) [3]. Det er ikkje ein kjernefysisk del, men ein mekanisk del som kan brukast til andre føremål.

Sett frå Vesten sin synsvinkel har president Trump nett lagt Qassem Soleimani til lista si over myrda terroristar. Men sett frå Midtausten sin synsvinkel har han berre skifta side: etter å ha skote kalif Abu Bakr al-Baghdadi, har han drepe IS sin hovudfiende, Qassem Soleimani.

Mordet på helten

Med dette grunnlaget på plass, lat oss no sjå på mordet på general Qassem Soleimani og den krisa det framprovoserte..

General Soleimani var ein eksepsjonell soldat. Han starta militærkarrieren sin under krigen som Irak påla Iran (1980–88). Spesialstyrkane hans, Al-Quod (det betyr Jerusalem på arabisk og persisk), redda alle folka i Midtausten som var offer for imperialisme. Han var til dømes til stades ved sida til libanesiske Sayyed Hassan Nasrallah og den syriske generalen Hassan Turkmani i Beirut då Israel angreip i 2006. Han skilde mellom imperialisme og USA og forhandla mange gongar med Washington, t.d. i 2001 med president George Bush Jr. Mot afghanske Taliban. Men frå mai 2018 fekk han berre lov til å kjempe side om side med sjiittiske samfunnsgrupper. Med eit brot på våpenkvila i 1973-krigen, då han gjekk til angrep på Israel frå syrisk territorium, sette han Damaskus i ei knipe.

Sjølv om president Trump forstod den militære rolla han spelte under ayatollah Khamenei, forstod han ikkje kva for eit symbol han hadde blitt og kor beundra han var på bortimot kvart einaste militærakademi i heile verda. Han tok ein gigantisk risiko då han gav klarsignal til mordet, og han skada sitt eige omdøme i Midtausten. Medan han som president for USA heile tida hadde gått imot landet si støtte til al-Qaida og IS, bar han faktisk ansvaret for døden til ein mann som med sitt blod var sjølve kroppsleggjeringa av kampen på mange slagmarker. Ein treng ikkje dvele ved illegaliteten til dette mordet. Der har lite endra seg; USA har heilt sidan grunnlegginga tedd seg på slikt vis.

Mordet på Qassem Suleimani følgde etter at Washington avgjorde at Revolusjongarden skulle kallast ein «terroristorganisasjon» (sic). Iranarar deler ei sterk kjensle for å vere eit folk, ein sivilisasjon. Døden hans har difor temporært gjenforeint dei to politiske maktene i ei sams kjensle. Millionar av menneske tok til gatene då han skulle gravleggast.

Storbrannen kjem ikkje

Alle vestlege media har rapportert om Iran sine responsplanar i mange år no. Men det er ikkje desse planane president Rohani og leiar Khamenei har tenkt på. Iranarane er ikkje barn som slåst i skulegarden. Dei er ein nasjon. Så begge leiarane har reagert i samsvar med landet sitt sine beste interesser, slik dei ser det. Derfor bør ikkje tordnande ytringar om hemn bli tatt seriøst. Det vil ikkje kome nokon iransk hemn, sameleis som det ikkje kom nokon hemn frå Hezbollah etter det illegale israelske mordet på Imad Moughniyah i Damaskus i 2008.

For Sjeik Rohani, utan omsyn til general Soleimanis død, er det essensielt å fornye kontakten med Washington. Fram til no har han meint at det var Obama-administrasjonen som lot han kome til makta. Donald Trump var berre ei hindring på karrierestigen hans som sikkert raskt ville bli fjerna frå presidentstillinga (Russiagate og no Ukrainegate). Rohani har derfor avslått hans mange oppmodingar om forhandling. Men president Trump er framleis der, og han er venta å bli der dei neste fire åra. Påverka av hans illegale sanksjonar, er Irans økonomi nede i ein bølgedal. Den internasjonale empatien etter det illegale drapet på general Soleimani, lar han derfor møte desse forhandlingane med styrke, heller enn frå ein underordna posisjon.

For ayatollah Khamenei er det ikkje berre slik at USA har vore som eit rovdyr etter Iran i eit hundreår, men også det at Donald Trump ikkje er ein mann som held ord. Ikkje fordi han ikkje heldt løfta sine, men fordi han ikkje heldt løfta til den han tok over for. Avtalen 5+1 hadde blitt godkjent av FNs tryggingsråd. Iran såg på den som ei lov rissa i stein. Donald Trump reiv den bort, noko han hadde all rett til å gjere. I tillegg til denne offisielle avtalen var der også ein hemmeleg avtale om maktfordeling i Midtausten. Denne andre teksten blei også vraka av president Trump, og det er han som ønsker å reforhandle den bilateralt.

Iran annonserte raskt at dei ikkje lenger respekterte avtalen 5+1, medan pro-iranske irakiske parlamentarikarar kravde at US-amerikanske troppar skulle trekke seg ut av landet deira. I motsetning til kva dei vestlege media vart leidde til å tru, var ikkje desse to avgjerdene rivaliserande bod, men tilbod om fred. 5+1 eksisterer ikkje lenger sidan USA trekte seg ut. Iran godtok det etter å forgjeves ha prøvd å redde avtalen. Tilbaketrekking av USA sine troppar, ikkje berre frå Irak, men frå heile Midtausten, var ei av Trump sine valkampsaker. På grunn av opposisjon frå administrasjonen sin, greidde han ikkje få det til. Iran stod på hans side.

Den mektige US-amerikanske oljelobbyen har gitt si støtte til president Trump ved å reise tvil om «Carter-doktrinen». I 1980 hadde president Jimmy Carter erklært at olje frå Golfen var uunnverleg for USA sin økonomi. Som resultat av det vart CentCom danna av hans etterfølgar og Pentagon garanterte at US-amerikanske selskap skulle få tilgang til Golf-oljen. Men i dag er USA uavhengig med omsyn til energi. Dei treng ikkje lenger oljen, og derfor treng dei ikkje lenger å ha troppane sine utplasserte i regionen. For dei har interessene endra seg. Det er ikkje lenger eit spørsmål om å tileigne seg arabisk-persisk olje, men om å kontrollere oljehandelen i verda.

Dei politiske leiarane har ikkje greidd å tilpasse seg til utviklinga av kommunikasjonsmidla. Dei snakkar for mykje og for raskt. Dei held positurar og greier ikkje lenger gå tilbake. Etter å ha ytra bisarre oppmodingar om hemn var Revolusjonsgarden nøydd til å reagere. Men dei måtte vere ansvarsmedvitne og ikkje gjere ting endå verre. Så dei valde å bombe to US-amerikanske militærbasar i Irak utan å forårsake dødsfall. Akkurat slik Frankrike, USA og Storbritannia dømde Syria då det vart påstått at dei hadde brukt kjemiske våpen. Så, til slutt, bomba dei ein militærbase utan at liv gjekk tapt (men dei forårsaka ein brann som førte til tap av liv i området kring basen).

Djupstaten til USA , som hadde gitt Trump dårlege råd, fekk i stand ei sending på Irans største fjernsynskanal der det vart ropt ut om å drepe president Trump. Det blei lova dusør på 80 millionar dollar. Dersom presidenten no vart drepen, ville det ikkje bli nødvendig med ei gransking, for Iran ville a priori blitt kjend skuldig. Då imamen Khomeini oppmoda til å drepe Salman Rushdie, vart det imidlertid ikkje utlova noka løn. Denne måten å gå fram på er meir som Ville Vesten.

I denne vanskelege tida skaut Revolusjonsgarden ved eit mistak ned eit ukrainsk passasjerfly som hadde tatt av frå Teheran. Den britiske ambassadøren arrangerte då ein demonstrasjon i Teheran, som kravde at ayatollah Khamenei skulle gå av. Denne episoden stokka om på korta og tok ifrå militsen deira fordel som offer.

Det seier seg sjølv at USA ikkje kjem til å gi opp utan å få noko i kompensasjon. Deira militære tilbaketrekking vil berre skje i koordinasjon med ei tilbaketrekking av Irans militære styrkar. General Qassem Soleimani var personifiseringa av den iranske militærinnsatsen. Det er denne doble tilbaketrekkinga som det no blir forhandla om. Vi ser allereie ei US-amerikansk tilbaketrekking frå Syria og Irak til Kuwait. Episoden med brevet som vart sendt og deretter kansellert av general William Sheely III, som annonserte at USA-troppar skulle forlate Irak, vitnar om at desse forhandlingane er godt i gang.

Prinsippa for fred kan settast no, men freden sjølv kan ikkje inntre med det same.

 Under sørgetida for general Soleimani er det ikkje mogleg for Iran å inngå nokon avtale med mordaren hans.
 Ein avtale vil ikkje vere gyldig utan at den også er godkjent av Irak, Libanon, Syria, Tyrkia og naturlegvis Russland (Storbritannia greier ikkje, trass all sin agitasjon, å få den til å mislykkast). Det bør difor iscenesettast på ein regional konferanse.

Qassem Soleimani ville heilt sikkert vere stolt av livet sitt om hans død bidrog til å etablere regional fred.

Oversettelse
Monica Sortland

[1United States – reformation or fracture?”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 26 October 2016.

[2Israel and Iran collaborate to exploit the Eilat-Ashkelon pipeline”, Translation Anoosha Boralessa, Voltaire Network, 9 January 2018.

[3"Shock Wave Generator for Iran’sNuclear Weapons Program:More than a Feasibility Study », David Albright and Olli Heinonen, FDD, May 7, 2019. (PDF - 4.3 Mo).