Stats- og regjeringssjefane som var til stades ved Minsk II-avtalen.

Dei siste sju åra har det vore garant-maktene for Minsk II-avtalen (Tyskland, Frankrike, Ukraina og Russland) sitt ansvar å sjå til at avtalen blir overhalden. Avtalen vart godtatt og legalisert av FNs Sikkerheitsråd den 17. februar, 2015. Men ingen av desse statane har gjort jobben sin, trass retorikken om behovet for å forsvare innbyggarar trua av sine eigne regjeringar.

Medan dei den 31. januar, 2022 debatterte om det kunne kome ein russisk militær intervensjon, utfordra sekretæren for det ukrainske Nasjonale sikkerheits- og forsvarsrådet, Oleksiy Danilov, Tyskland, Frankrike, Russland og FNs Sikkerheitsråd, og sa: «Å respektere Minsk-avtalane betyr å ødelegge landet. Då dei vart signerte under væpna trussel frå russarane – og framfor auga på tyskarane og franskmennene – var det allereie tydeleg for alle rasjonelle folk at det var umogleg å implementere desse dokumenta» [1].

Då, etter sju år, talet på ukrainarar drepne av Kiev-regjeringa var kome opp i over 12 000, ifølge Kiev-regjeringa, og over 20 000 ifølge den russiske Granskingskomitéen, då først starta Moskva ein «spesiell militæroperasjon» mot dei ukrainske «integrerte nasjonalistane» (som dei kallar seg), som vart skildra som «nynazistar».

Russland erklærte frå starten av operasjonen sin at dei ville halde seg til å berge folket og «de-nazifisere» Ukraina, ikkje okkupere landet. Men Vesten skulda dei for å prøve å ta Kiev, styrte president Zelensky og annektere Ukraina, noko dei openbert aldri gjorde. Det var først etter at ein av dei ukrainske forhandlarane, Denis Kirejev, vart avretta av sitt eige lands sikkerheitstenester (SBU) og president Volodymyr Zelensky suspenderte forhandlingane, at hans russiske motpart, Vladimir Putin, kunngjorde at han ville skjerpe krava. Frå og med no gjorde Føderasjonen krav på Novorussia, det vil seie heile sør-Ukraina, som historisk har vore russisk sidan tsarina Katarina II, med unntak av ein periode på trettitre år.

Ein må forstå at viss Russland ikkje gjorde noko på sju år, så var det ikkje fordi dei var kjenslekalde overfor massakren på den russiskspråklege befolkninga i Donbas, men fordi dei førebudde seg på å møte den føreseielege Vestlege responsen. Eit klassisk sitat frå utanriksministeren til tsar Aleksander II, prins Aleksander Gortsjakov, lyder slik: «Keisaren er fast bestemt på å fortrinnsvis vie omsorga si til sine undersåttar, og konsentrere seg om utviklinga av dei interne ressursane til landet, ein aktivitet som vil strekke seg utanfor landegrensene utelukkande viss det skulle vere til absolutt gagn for Russland. Ein klagar på Russland for at dei isolerer seg og teier i nærvær av fakta som ikkje samsvarer med verken lov eller rettvise. Russland surmular, seier dei. Russland surmular ikkje. Russland samlar seg i sitt indre.»

Denne politioperasjonen vart kalla «aggresjon» av Vesten. Det eine følgde det andre, og Russland vart snart portrettert som eit «diktatur» og utanrikspolitikken deira som «imperialisme». Ingen ser ut til å ha lese Minsk II-avtalen som FNs Sikkerheitsråd godkjende. I ein telefonsamtale mellom presidents Putin og Macron, offentleggjort av Élysée-palasset, viste sistnemnde til og med mangel på interesse for lagnaden til folket i Donbas, det vil seie: forakt for Minsk II-avtalen.

I dag kjem Vestens hemmelege tenester dei ukrainske «integrerte nasjonalistane» («nynazistane i russisk terminologi) til hjelp, og heller enn å søke fredelege løysingar, prøver dei å øydelegge Russland innanifrå [2].

Den ukrainske presidenten vende seg til Sikkerheitsrådet for tredje gong via video link den 24. august, 2022. Sjølv om Rådets prosedyrereglar krev at talaren er fysisk til stades, med mindre talaren er ein FN-tenestemann på oppdrag. Generalsekretariatet og fleirtalet av rådsmedlemmane godtok denne uregelmessigheita, til tross for russisk motstand.

Etter folkeretten har Moskva berre implementert Sikkerheitsrådets resolusjon frå 2015. Dei kan klandrast for brutaliteten sin, men ikkje for å ha forhasta seg (etter sju år), og heller ikkje for å ha handla urettmessig (Resolusjon 2202). Presidentane Petro Porosjenko, Francois Hollande, Vladimir Putin og kanslar Angela Merkel har forplikta seg, i ei felleserklæring vedlagt resolusjonen, til å overhalde Minsk II-avtalen. Viss nokre av desse maktene hadde gripe inn tidlegare, kunne dei ha vald andre verkemiddel. Men det var det ingen som gjorde.

Logisk sett burde FNs generalsekretær ha kalt medlemmane av Rådet til orden slik at dei ikkje fordømde den russiske operasjonen, som dei i prinsippet hadde akseptert sju år tidlegare, men at dei i staden bestemde seg for kva verkemiddel som burde brukast. Det gjorde dei ikkje. Tvert imot, så har generalsekretariatet, som med dét trer ut av rolla si og tar parti med det unipolare systemet, nett gitt muntlege instruksjonar til alle sine høgtståande embetsmenn i krigsteatera om å ikkje møte fleire russiske diplomatar.

Det er ikkje første gong Generalsekretariatet bryt FN-statuttane. Under krigen mot Syria skissa dei opp ein femti-siders plan for den syriske regjeringa si abdisering, som involverte inndragning av syrisk folkesuverenitet og de-Baathifisering av landet. Denne teksten har aldri blitt publisert, men vi har med gru analysert den i desse spaltene. Til slutt vart generalsekretærens spesialutsending i Damaskus, Staffan De Mistura, tvinga til å signere ei erklæring om at teksten var juridisk ugyldig. Men instruksen frå generalsekretariatet som forbyr FN-tenestemenn å delta i gjenoppbygginga av Syria [3] står framleis ved lag. Det er den som hindrar at syriske flyktningar kan returnere til heimlandet sitt, til stor sorg for ikkje berre Syria, men også for Libanon, Jordan og Tyrkia.

Under Korea-krigen utnytta USA Sovjet sin tom-stol-politikk til å føre krigen sin under FN-flagg (på den tida sat ikkje Folkerepublikken Kina i Rådet). For ti år sidan brukte dei FN-personale til å føre ein total krig mot Syria. I dag går dei eit steg vidare når dei stiller seg opp imot ein permanent medlem av Sikkerheitsrådet.

Etter at dei under Kofi Annan var ein multinasjonalt sponsa organisasjon, har FN under Ban Ki-moon og António Guterres blitt til eit haleheng for USAs utanriksdepartement.

Russland og Kina veit, som dei andre statane, at FN ikkje lenger fyller sin funksjon i det heile tatt. Tvert imot skjerpar organisasjonen spenningane og deltar sjølv i krigar (i alle fall i Syria og på Afrikas horn). Moskva og Beijing utviklar av den grunn andre, alternative, institusjonar.

Russland fokuserer ikkje lenger innsatsen sin på strukturane som er arva frå Sovjetunionen, slike som Samveldet av uavhengige statar, det eurasiske økonomiske fellesskapet eller til og med den kollektive sikkerhetspaktorganisasjonen; heller ikkje fokuserer dei på strukturar som er arva frå den kalde krigen, som til dømes Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europa. Nei, Russland konsentrerer seg no om det som kan definere konturane til ei multilateral verd.

Framfor alt fokuserer Russland på dei økonomiske tiltaka til BRICS (Brasil, Russland, India, Kina, Sør-Afrika). Dei gjer ikkje krav på tiltaka som sine eigne prestasjonar, men i staden som ein felles innsats dei deltar i. Tretten statar håpar allereie på å bli med i BRICS, sjølv om gruppa ikkje har erklært seg open for medlemskap. Allereie har BRICS ei mykje større makt enn G7; dei tar grep, mens G7 i årevis berre har kome med erklæringar alle dei store tinga dei har tenkt å gjere, men som ikkje har blitt realiserte, mens dei deler ut gode og dårlege poeng til dei som ikkje er til stades for å forsvare seg.

Framfor alt pressar Russland på for større openheit og ein djuptgripande transformasjona av Shanghai Cooperation Organization (SCO). Til no har det berre vore ein kontaktstruktur for landa i sentral-Asia, rundt Russland og Kina, for å motverke og hindre problema som dei anglo-saksiske hemmelege tenestene prøver å stelle i stand der. Litt etter litt har strukturen late medlemmane sine bli betre kjende med kvarandre, og dei har utvida samarbeidet til andre felles saker. I tillegg har SCO ekspandert til å inkludere India og Pakistan, og seinare Iran. I praksis har dei innarbeidd Bandung-prinsippa, som er baserte på forhandlingar og suverenitet for statane, i motsetning til Vestens prinsipp, som er baserte på konformitet innanfor den anglo-saksiske ideologien.

SCO representserer to tredelar av alle verdas folk, d.v.s. fire gongar fleire enn G7, inkludert Den europeiske unionen, EU. Det er her dei internasjonale avgjerdene som tel blir tatt.

Vesten skravlar medan Russland og Kina rykkar fram. Eg seier «skravlar» fordi Vest-maktene framleis trur at dei pompøse gestane deira på ein eller annan måte fungerer. Forblinda av denne trua vedtok USA, Storbritannia og senere EU og Japan svært harde økonomiske tiltak mot Russland. De våga ikkje å seie at dette var ein krig med hensikt å oppretthalde Vestens autoritet over verda, og kalla derfor tiltaka for "sanksjonar", sjølv om der ikkje var nokon domstol, ingen forsvararbenk og ingen dom. Sjølvsagt var det i røynda ulovlege sanksjoner sidan dei vart vedtatte utanfor FNs organ. Men Vest-maktene, som utropar seg sjølve til forsvararar av «internasjonale reglar», er eigentleg ikkje interesserte i å respektere folkeretten.

Naturlegvis hindrar vetoretten til dei fem permanente medlemmane av Sikkerheitsrådet at det blir fatta sankjsonar mot nokon av dei, men det er nettopp fordi føremålet med FN ikkje er å innordne seg under anglo-saksisk ideologi, men å bevare verdsfreden.

Tilbake til poenget: Russland og Kina er på frammarsj, men i eit heilt anna tempo enn Vesten. Det gjekk to år frå Russland forplikta seg til å intervenere i Syria til dei utplasserte soldatar der; to år som vart brukte til å ferdigstille våpena som skulle sikre overmakta på slagmarka. Det tok sju år frå Russland forplikta seg til Minsk II til den militære intervensjonen i Donbas; sju år som vart brukte til å førebu seg på korleis dei skulle omgå dei økonomiske sanksjonane frå Vesten.

Dét er grunnen til at desse «sanksjonane» ikkje greidde å tvinge den russiske økonomien i kne, men i staden slo kraftig tilbake på Vestmaktene sjølve. Regjeringane i Tyskland og Frankrike ventar svært alvorlege energiproblem, som allereie tvingar nokre av fabrikkane deira til redusert produksjon og snart nedstenging. Til samanlikning går det russiske økonomien så det susar. Etter to månadars tæring på lagera, har tida kome for overflod. Den russiske statskassa har auka inntektene med gedigne 32% i første halvår [4]. Ikkje berre dreiv Vesten si avvisning av russisk gass opp prisane til fordel for den leiande eksportøren, Russland, men dette avviket frå den liberale diskursen førte også til at andre gassimporterande statar vart skremde og vende seg til Russland for å sikre tilførselen til sine land.

Kina, som blir framstilt av Vesten som ein søppelselgar som sender byttet sitt ut i ein gjeldsspiral, har nett sletta mesteparten av gjelda som 13 afrikanske statar skulda dei.

Kvar dag får vi høyre dei noble Vestlege talane og skuldingane mot Russland og Kina. Men kvar dag ser vi óg, viss vi ser på fakta, at realiteten er tvert motsett. Til dømes fortel Vesten oss, utan å legge fram bevis, at Kina er eit «diktatur» og at dei «har fengsla ein million iugurar». Sjølv om vi ikkje har blodferske statistiske data, veit vi alle at det er færre fangar i Kina enn i USA, sjølv om USA berre har ein fjerdedel så mange innbyggarar som Kina. Eller vi blir fortalde at homoseksuelle blir forfølgde i Russland, medan vi ser større skeive diskotek i Moskva enn i New York.

Blindskapen til Vesten fører til latterleg absurde situasjonar der vestlige ledere ikkje lenger oppfattar verknaden av sine eigne motsetningar.

Møte mellom presidentane Emmanuel Macron og Abdelmadjid Tebboune i El Mouradia Palace om kampen mot jihadistar i Sahel, 26. august, 2022. Til stades var også generalane med ansvaret for indre og ytre sikkerheit. Etter krigane i Libya, Syria og Mali, kan ikkje Frankrike lenger skjule støtta si til jihadistane.

Til dømes har president Emmanuel Macron nett besøkt Algeria. Han prøver å skape forsoning mellom dei to landa og å kjøpe gass for å motverke mangelen han har hjelpt til med å skape. Han er klar over at han er litt seint ute, etter at hans allierte (Italia og Tyskland) har gjort unna shoppinga si. På den andre sida er han falskt overbevist om at hovudproblemet mellom Frankrike og Algerie er koloniseringa. Han innser ikkje at tillit er umogleg fordi Frankrike støttar Algerie sine verste fiendar, jihadistane i Syria og Sahel. Han ser ikkje koplinga mellom hans manglande diplomatiske forhold til Syria, den nylege utvisninga av troppane som Frankrike hadde utplassert i Mali [5] og den kalde skuldra han møter i Algerie.

Det stemmer at franskmennene ikkje veit kva jihadistar er. Dei har nett avslutta hundreårets mest berykta rettssak – om angrepa på Saint-Denis, terasse-caféane i Paris og Bataclan (den 13. november, 2015) – utan at dei greidde ta opp spørsmålet om statsstøtte til jihadistane. Med dét viste dei ikkje rettferdssans, men feigskap. Dei har blitt terroriserte av ei handfull jihadistar, medan Algerie har kjempa mot titusentals under borgarkrigen og framleis må konfrontere dei no i Sahel.

Russland og Kina er i framgang; Vesten står ikkje stille, men er i tilbakegang. Dei vil halde fram med å falle så lenge dei ikkje klarar opp politikken sin, sluttar med dobbeltmoralen sin og sluttar med dobbeltspelet sitt.

Oversettelse
Monica Sortland

[1"Ukraine security chief: Minsk peace deal may create chaos, Yuras Karmanau, Associated Press, January 31, 2022.

[2Den vestlige strategien for å demontere den russiske føderasjonen”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Ingunn Kvil Gamst, Voltaire Network, 23 août 2022.

[3Parameters and Principles of UN assistance in Syria”, by Jeffrey D. Feltman, Voltaire Network, 15 October 2017.

[5« Le Mali face aux contradictions françaises », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 23 août 2022.