Medan media i Vesten ignorerer den militære realiteten, speler Kreml med opne kort. Spesialiserte spaltistar får lov å sirkulere og publisere kva dei tenker, sjølv når dei er kritiske til korleis militæret opererer og resultata av operasjonen. President Putin tok imot dei og svarte på deira tøffaste spørsmål på direktesendt tv

Ifølge styresmaktene i Kiev, starta den ukrainske arméen «ein enorm motoffensiv mot den russiske aggressoren» den 8. juni.

MOTOFFENSIVEN FINST IKKJE

Militær litteratur snakker heller om eit motangrep enn ein motoffensiv. Eit motangrep består i å utnytte fiendens svake punkt til ei kvar tid for å gå til angrep. Vi tenker på Napoleon ved Austerlitz, som fekk nokre av troppane sine til å trekke seg tilbake, for å få motstandarane til å falle i ei felle som han kom sigrande ut av.

Å velge omgrepet «motoffensiv», er ikkje nøytralt. Det er eit retorisk knep som implisitt seier at russarane har starta ein «offensiv» for å okkupere Ukraina. Eigentleg kjempa dei på hovudstadens nordre flyplass før dei trekte seg attende.

I realiteten har russarane aldri prøvd å ta Kiev, og dei har ikkje til hensikt å invadere Ukraina. Det sa presidenten deira, Vladimir Putin, den første veka av «spesialoperasjonen». Å ta ein militær flyplass, sjølv ein som ligg nord for Kiev, er berre eit slag for å gi russarane overtaket i lufta. Det tyder ikkje på at dei hadde tenkt å ta hovudstaden.

Omgrepet «spesialoperasjon» er heller ikkje nøytralt. Moskva understrekar at dei ikkje driv ein invasjonskrig, men derimot implementerer si «plikt til å forsvare» folket i fylka Donetsk og Lugansk, som sidan 2014 offisielt var mål for Kievs straffeoperasjon. Å stille spørsmål ved gyldigheita til den russiske spesialoperasjonen, blir som å stille spørsmål ved den franske arméens operasjon for å stoppe massakrane i Rwanda. Begge spesialoperasjonane var autoriserte ved resolusjonar frå FNs Sikkerheitsråd (resolusjon 929 av 22. juni, 1994 og resolusjon 2202 av 17. februar, 2015). Bortsett frå at resolusjonen som støttar Moskva, ikkje vart vedtatt overilt. Det er den som godkjenner Minsk-avtalane og gir Tyskland, Frankrike og Russland løyve til å intervenere for å sørge for at avtalane blir overhaldne.

Utifrå eit kommunikasjonssynspunkt, har omgrepet «motoffensiv» den fordelen at det får oss til å gløyme at Kiev i åtte år førte krig mot sine eigne innbyggarar og drap mellom 14 000 og 22 000 menneske, avhengig av korleis ein tel.

I fleire månadar tigga Kiev om, og fekk, ei svær mengd Vestlege våpen. Dei trente også soldatane sine til å bruke dei. I mellomtida fall Moskva tilbake til linjene dei hadde akseptert under fredsforhandlingane som vart førte i Kviterussland og deretter Tyrkia, før dei vart fordømde av Verkhovna Rada (Kiev-parlamentet der Washington har installert eit kontor for permanente rådgivarar frå USAs utanriksdepartement og USAID). Moskva gjekk vidare, gav opp den høgre breidda av Kherson (men ikkje den venstre), og gjorde dermed elva Dnepr til ei naturleg grense mellom Ukraina og Novorossia. Etter at innbyggarane i denne regionen hadde slutta seg til Den russiske føderasjonen via referendum, bygde Moskva to forsvarslinjer som strekte seg frå Dnepr-munningen til Donbass (Lugansk og Donetsk). Dette er to draketann-linjer (forsvarsverk som hindrar panserkøyretøy å passere) og skyttargraver.

Atlanterhavsalliansen, som leverer våpena og strategiane, har gitt ordren om å starte motoffensiven på eit tidspunkt når Kiev har null kontroll over luftrommet og lit ammunisjon. Under året som gjekk, kunne den ukrainske arméen bruke dronar til å overvake rørslene til motstandaren sin. I dag kan dei ikkje lenger det, ettersom sistnemnde jammar all kommunikasjon på «sitt» territorium og litt lenger. I teorien har Kiev ei imponerande mengd land-baserte våpen; ingen land har nokon gong hatt liknande. Men i praksis har mange av dei leverte våpena forsvunne til andre himmelstrøk, med eller utan samtykke frå dei generøse donorane.Og når det gjeld ammunisjon, så kan den ikkje lagrast i Ukraina utan å bli øydelagd av russiske hypersoniske missil. Dei ligg også lagra i Polen og Moldavia, og kryssar grensa berre for å nå fram til frontlinja.

I to veker har ukrainske styrkar prøvd å bryte gjennom russiske forsvarslinjer, men utan suksess. Troppane samlar seg framfor desse linjene og blir skotne på av russisk artilleri. Når dei bestemmer seg for å trekke seg tilbake, sender russarane dronar som strør miner på heimvegen deira.

Det einaste styrkane til Kiev kan gjere, er å ta landsbyane som ligg nokre kilometer unna forsvarslinjene. I mellomtida bombar fienden arsenala deira frå lufta, i blant djupt inne i Ukraina. Det mest effektive anti-luftfartøy-forsvarssystemet deira, Patriot’ane, vart øydelagde så snart dei var installerte. Det er ikkje mykje att, berre nok til å nå gamle missil. Den ukrainske generalstaben påstår dei har skote ned seks Kinzhal-missil, noko som med deira fart på 10 mak er umogleg. Borgarmeisteren av Kiev, Vitali Klitschko, sleppte eit fotografi av seg sjølv poserande framfor eit Kinzhal-vrak. Diverre samsvarer ikkje vrakrestane med dette våpenet i det heile tatt.

Moralen blant ukrainske troppar er lågare enn nokon gong. Forsvarsdepartemetet forsikrar oss om at det er plenty av menn i bakhand. Men fylket Ivano-Frankivsk har gitt ordre om mobilisering av alle menn i alderen 18 til 60. Unntaka er sjeldne. Verkelegheita ser derfor ut til å vere at der ikkje er fleire stridande att som er klare for innsats.

Atlanterhavsalliansen har utplassert alle sine AWACS for å fjernovervake slagmarka. Dei kan ikkje ignorere omfanget av tapet. Merkeleg nok held dei fram med å presse ukrainarane inn i kamp, eller rettare sagt, inn i døden.

Utsendingane frå Den afrikanske unionen og Fondation Brazavillevart høfleg mottatt, men ukrainarane hadde ikkje bruk for deira velmeinte tenester. Dei prøvde berre å vinne dei over til si side.

KIEV VIL IKKJE HA NOKON meklingsMISJON

Washington håpar framleis at Kiev vil vinne og gi president Joe Biden eit ljomande gjenval. Dei kunne ha trekt seg og sett sin lit til dei to forhandlingsdelegasjonane til Kina og Den afrikanske unionen. Men etter press frå Washington, har Verkhovna Rada forbode nokon å forhandle med «invaderaren».

Kina har publisert 12 prinsipp som dei meiner bør understøtte ein eventuell fredsavtale. Beijing sin spesialutsending, Li Hui, nektar å diskutere implementering av dei før dei har fått begge partane si godkjenning. Det er no gjort. Men Vesten lar seg ikkje lure. Vi kan berre late som om vi deler desse prinsippa ved å fortsette løgnene vi har utvikla i tre tiår. Viss det ikkje lykkast, vil dei føre til ei anerkjenning av gyldigheita til den russiske posisjonen og med det til eit ønske om Kievs nederlag.

Den afrikanske unionen og Fondation Brazaville har sendt fire statsleiarar. Azali Assoumani (Komorane og noverande president for Den afrikanske unionen), Macky Sall (Senegal), Cyril Ramaphosa (South Africa) og Hakainde Hichilema (Zambia). Alle dei andre vegra seg for å bli med. Egypts president sende statsministeren sin, Mostafa Madbouly. Ugandas Yoweri Museveni fekk Covid og sende sin tidlegare utanriksminister, Ruhakana Rugunda. Kongos Denis Sassou-Nguesso var representert av Florent Ntsiba, statsminister for presidentskapet.

Då dei kom, vart heile delegasjonen invitert til å besøke Butsja, der vertskapet deira forklarte at dei russiske okkupantane hadde begått uhyrlege ugjerningar. Afrikanarane fekk ikkje treffe dei internasjonale etterforskarane som, tvert imot, slo fast at massakrane var utførte med piler (ammunisjon som vart mykje brukt under Første verdskrig). Framfor alt forlet russarane Butsja den 30. mars, 2022. Den lokale borgarmeisteren såg ikkje noko uvanleg. Så, den neste dagen, inntok nasjonalistane frå Azov-bataljonen byen, men lika vart ikkje funne før den 4. april. Dette var tydeleg ei borgarkrigsscene der dei integrerte nasjonalistane avretta medborgarar dei trudde hadde samarbeidd med russarane. Uansett er slike situasjonar slett ikkje ukjende for afrikanarane, og dei lar seg ikkje så lett lure.

Då dei kom til Kiev starta sirenane. Men desse leiarane vart ikkje imponerte. Dei såg at hovudstaden ikkje hadde blitt bomba, men berre nokre få militærmål.

Under den siste pressekonferansen erklærte Komorane sin president Azali Assoumani: «Vegen til fred må involvere respekt for FN-pakta, og Afrika er klar for å halde fram eit samarbeid med dykk om søket etter varig fred (...) Sjølv om vegen til fred kan bli lang, finst det håp om at forhandlingar er mogleg.» Til dette svarte Ukrainas president Volodymyr Zelensky: «I dag sa eg tydeleg ifrå på møtet med dykk at å tillate forhandlingar med Russland no, når okkupanten er på vårt land, betyr å fryse krigen, fryse smerten og lidinga.»

Den 17. juni 2023 presenterer Vladimir Putin for den afrikanske delegasjonen utkastet til fredsavtale som vart signert i mars 2022 av formannen for den ukrainske delegasjonen under fredsforhandlingane i Tyrkia.

Etter dette avslaget reiste afrikanarane til Sankt Petersburgfor å møte Russlands president Vladimir Putin. Sjølvsagt var Putin langt meir imøtekomande. Ikkje berre hadde han ingenting å tape, men han har eit massivt argument. Han presenterte for delegasjonen (sjå video) teksten til fredsavtale og tillegget som vart forhandla fram av ukrainarane i mars 2022, og signert av sjefen for delegasjonen deira. Han forklarte til og med at dei russiske styrkane på grunn av dette prosjektet hadde forlate Kiev fylke og Tsjernihiv fylke, og at ukrainarane ikkje berre hadde nekta å ratifisere desse tekstane, men også hadde vedtatt ei lov som forbaud framhald eller gjenopptaking av fredsforhandlingar.

Det gjenstår å sjå, under det afrikansk/russiske toppmøtet som skal gå av stabelen 26.-29. juli, kven av dei to statsleiarane som har verka mest oppriktig i auga til delegasjonen frå Den afrikanske unionen. Kiev si interesse av velmeinte forhandlingsdelegasjonar er like falsk som motoffensiven deira.

Oversettelse
Monica Sortland