Denne artikkelen vart skriven den 10. juni. Då kom den einaste tilgjengelege informasjonen frå Russland og allierte hovudkvarter. Ukraina hadde vedtatt ein total embargo på sin motoffensiv. Vi burde derfor ha venta med å publisere denne teksten. Men vi tenkte at dersom Ukraina hadde greidd å bryte gjennom Russlands første forsvarslinje, sjølv om dei ikkje hadde greidd å ta seg inn der, så hadde dei latt oss få vite det. Vi publiserer derfor denne analysen.

Under seks dagar, frå den 4. juni til den 10., 2023, starta Ukraina sin motoffensiv og leid eit forferdeleg nederlag.
Gjennom sommaren bygde russiske styrkar to forsvarslinjer i den delen av Novorossia dei hadde frigjort og i Donbass. Dei hindra alle pansra fartøy å passere.

Ukrainske styrkar har vald seg ut eit dusin angrepspunkt for gjenerobringa av «fiendeokkupert» territorium. Deira panserkøyretøy greidde ikkje kome gjennom det russiske førstelinjeforsvaret, og hopa seg opp framfor den, der den eine etter den andre av dei vart øydelagde av russisk artilleri og sjølvmordsdronar.

Samtidig angreip og øydela den russiske arméen kommandosenter og arsenal inne på ukrainsk territorium med missil.

Det ukrainske luftvernsystemet hadde ikkje før blitt installert, før det vart øydelagt av hypersoniske missil. Utan luftvern kunne ikkje ukrainarane utføre manøvrane som NATO hadde planlagt.

Russland brukte ingen av sine nye våpen, bortsett frå jammingssystemet mot NATO-våpen og nokre av dei hypersoniske missila.

Grensa er no ein langstrekt kyrkjegard av stridsvogner og menn. Flyplassar er fulle av rykande Mig-29 og F-16-vrak.

Stabane i USA, Atlanterhavsalliansen og Ukraina gir kvarandre skulda for denne historiske katastrofen. Fleire hundre tusen menneskeliv og 500 milliardar dollar vart kasta bort til inga nytte. Vestlege våpen, som rysta verda på 90-talet, er verdilause mot dagens russiske arsenal. Krafta har skifta side.

To konklusjonar kan allereie trekkast:

DEN UKRAINSKE ARMEEN MÅ IKKJE FORVEKSLAST MED DEI «INTEGRERTE NASJONALISTANE»

Sjølv om det ikkje lenger finst ein ukrainsk armé som er i stand til høgintensiv krigføring, så finst framleis styrkane til «dei integrerte nasjonalistane» (iblant kalla «Banderistar» eller «Ukro-nazistar»). Men dei er berre trente for lågintensiv krigføring. Leiarane deira drog seint på 90-talet til Tsjetsjenia for å slåst på vegner av CIA og NATOs hemmelege tenester, og nokre gongar i Syria på 2020-talet. Dei er trente i målretta drap, sabotasje og massakrar på sivile. Ingenting anna.

Dei greidde å
1. sabotere den russisk/tysk/fransk/nederlandske Nord Stream gassrøyrleidninga for å styrte Tyskland og deretter Den europeiske unionen ut i resesjon den 26. september, 2022.
2. sabotere Kertsj-brua (kjend som «Krim-brua») den 8. oktober, 2022.
3. angripe Kreml med dronar den 3. mai, 2023
4. bruke dronar til å angripe Ivan Kurs, etterretningsfartøyet som forsvarte gassrøyrleidninga Turkish Stream i Svartehavet den 26. mai, 2023.
5. sabotere Kakhovka-demninga for å splitte Novorossia i to den 6. juni, 2023.
6. sabotere ammoniakk-røyrleidninga Togliatti-Odessa for å øydelegge russisk mineral-gjødselindustri den 7. juni, 2023.

Nett som under dei to Verdskrigane og Den kalde krigen, har dei bevist sin terrorkapasitet, men på slagmarka har dei ikkje spelt noka avgjerande rolle.

Det er no viktigare enn nokon gong å skille mellom ukrainarar som trudde dei forsvarte folket sitt og dei «integrerte nasjonalistane» [1], som ikkje bryr seg om landsmennene sine, og som i hundre år har å utrydde russarar og kulturen deira.

DET UKRAINA VI KJENDE, ER BORTE

Hittil har Ukraina framfor alt vore ei kommunikasjonsmakt. Kiev greidde å få folk til å tru at statskuppet i 2014, som styrta ein folkevald president til fordel for integrerte nasjonalistar, var ein revolusjon. På liknande vis greidde dei å få folk til å gløyme korleis dei knuste sine innbyggarar i Donbass: nekta dei tilgang til offentlege tenester, nekta å betale ut løn til offentleg tilsette og pensjonar til dei gamle, og bomba byane deira. Til sist greidde Kiev å overbevise Vesten om at Ukraina var eit homogent land med eitt einaste folk som levde i ei felles historie.

Som i dei fleste krigar, er det også i denne eit «borgarkrig»-aspekt [2]. I dag kan alle sjå at Vladimir Putin sin analyse, tvert imot det dei påstod, ikkje var nokon rekonstruksjon av historia, men derimot sanninga. Donbass-folket er djupast sett russarar. Folket i Novorossia (inkludert Krim) er av russisk kultur, sjølv om dei har ei forskjellig historie (dei har aldri opplevd liveigenskap). Ukraina har aldri eksistert som uavhengig stat, bortsett frå under eit tiår i periodane 1917-22 og 1941-45, og tre andre tiår etter 1991.
Under desse tre eksperimanta slutta Kiev aldri med å reinske ut blant folket sitt og massakrere eigne innbyggarar medan dei integrerte nasjonalistane sat med makta (1917-22 med Simon Petliura, 1941-45 med Stepan Bandera, og 2014-22 med Petro Poroshenko og Volodymyr Zelensky). Totalt har dei «integrerte nasjonalistane», som dei kallar seg, over eit hundreår myrda over 3 millionar av sine landsmenn.

Under Første verdskrig hadde folket i Novorossia allereie reist seg rundt anarkisten Nestor Makhno; under Andre verdskrig reiste folket i Donbass og Novorossia seg som sovjetarar; og denne gongen kjempar dei mot dei «integrerte nasjonalistane» i Kiev med russiske styrkar.

Den einaste måten å stoppe desse massakrane på, er å separere dei «integrerte nasjonalistane» frå befolkninga av russisk kultur som dei ønsker å avlive [3]. Sidan NATO iscenesette eit kupp i 2014, og sette dei til makta, finst det ikkje annan måte enn å anerkjenne den noverande oppdelinga av landet og la dei behalde makta i Kiev. Det er ukrainarane sjølve – og berre dei – som lyt styrte dei.

Den noverande konflikten har starta den prosessen. Den delen av landet som er frigjort av russarane bestemde i eit referendum å slå seg ihop med Føderasjonen. Men fjorårets russiske framsteg vart stagga av president Vladimir Putin som del av forhandlingane med Ukraina, først i Kviterussland og deretter i Tyrkia. Odessa er framleis ukrainsk etter lova, sjølv om det kulturelt sett er russisk. Transnistria er enno moldavisk, sjølv om det kulturelt sett er russisk.

Krigen er teknisk sett over. Ingen offensiv kan endre på dei noverande grensene. Kampane kan rett nok halast ut, og ein fredsavtale er langt unna, men terningen er kasta. Det er framleis eit problem i Ukraina og Moldavia: Odessa og Transnistria er enno ikkje russiske. Framfor alt er det framleis eit fundamentalt problem: NATO-medlemmane har, i brot på muntlege og skriftlege avtalar, lagra opp med US-amerikanske våpen på Russland sine grenser, og set med det sikkerheita deira på spel.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Who are the Ukrainian integral nationalists ?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 15 November 2022.

[2Is the conflict in Ukraine a civil war?”, Voltaire Network, 15 November 2022.

[3Ukraine : the Second World War continues”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 26 April 2022.