Mens det virkar som om president Trump har ordna opp autoritetsproblema sine heime – meir eller mindre – har no konflikten utvikla seg til å involvere NATO. Washington talar no mot manipuleringa med terrorisme, mens London ikkje har til hensikt å gi opp eit slikt nyttig verkty for påverknad. Bilderberg-gruppa, som i starten vart brukt som klangbotn for alliansen, har nyss vore scene for ein vanskeleg debatt mellom forkjemparar og motstandarar av imerialisme i Midt-Austen.
Bilderberg-gruppa vart oppretta i 1954 av CIA og MI6 for å støtte den atlantiske alliansen. Den var meint å samle personar frå dei økonomiske sektorane og mediesektoren med politiske og militære leiarar, for å sensitivere sivilsamfunnet overfor «den raude faren». Heller enn å vere ein plass for avgjerdstaking, har denne svært eksklusive klubben historisk sett vore eit forum kor seniorane har måtta jonglere med sin truskap til London og Washington, og dei yngre medlemmane var forventa å vise at dei var til å lite på når det galdt opposisjon mot sovjetarane.
Det var ved den årlege samankomsten i 1979 at Bernard Lewis avslørte for dei som var til stades kva for ei rolle Den muslimske brorskapen spelte i motstanden mot den afghanske kommunistiske regjeringa. Denne israelsk-britisk-USamerikanske islamologisten kom så med framlegg om at «Krigen for fridom» (sic) burde utvidast til heile sentral-Asia.
Det var i 2008, med andre ord to og eit halvt år før, at Basma Kodmani (framtidig talsmann for den syriske opposisjonen) og Volker Perthes (framtidig rådgjevar for Jeffrey Feltman for Syrias totale og vilkårslause kapitulasjon) forklarte interessa av å støtte Den muslimske brorskapen for dominans i midt-Austen. Dei la vekt på «moderasjonen» til Den muslimske brorskapen i møte med Vesten, og kontrasten gitt ved den «ekstremistiske suvereniteten» til Iran og Syria.
Og det var i 2013 at styreleiaren for det tyske Grillo-Werke AG Rheinmetall sitt styre, Ulrich Grillo, argumenterte for ei massiv folkeflytting av 800 000 syriske arbeidarar til tyske fabrikkar.
Bilderberg 2017
Bilderberg-gruppa har nyleg halde sitt 2017-møte, frå 1. til 4. juni, i USA. Til skilnad for kva som har vore vanen, forsvarte ikkje alle dei 130 deltakarane same prosjektet. Tvert imot – etter talane til Donald Trump ved det arabisk-islamske-USamerikanske toppmøtet, og ved NATO, organiserte CIA og MI6 ein førstedagsdebatt som gjekk imot dei som deltar i krigen mot islamismen og dei som støttar den.
Poenget var, tydeleg nok, verken å finne eit kompromiss mellom dei to leirane, eller å vedkjenne seg spliden, uten å la den øydelegge den opprinnelege målsetninga til Alliansen – kampen mot Russland.
På anti-islamisme-sida (som ikkje er imot den muslimske religionen, men imot politisk islam ala Sayyid Qutb), noterte vi oss general H.R. McMaster (president Trumps rådgjevar for nasjonal tryggleik) og eksperten hans, Nadia Schadlow. McMaster er ein anerkjent strateg; teoriane hans er blitt verifiserte ute i feltet, på slagmarka. Schadlow har framfor alt arbeidd på måtar for transformasjon av militære sigrar til politiske suksessar. Ho er særleg interessert i omstrukturering av politiske rørsler i nedkjempa land. Ho bør snart publisere ei ny bok om kampen mot islamistisk radikalisme.
På den pro-islamistiske sida noterer vi oss, for USA, John Brennan (eks-direktør for CIA) og hans tidlegare underordna Avril Haines og David Cohen (finansiering av terrorisme). For Storbritannia sir John Sawers (eks-direktør for MI6 og i lang tid forsvarar for Brorskapen) og general Nicholas Houghton (tidlegare stabssjef, som la til rette for bakke-invasjonen av Syria). For Frankrike general Benoît Puga (tidlegare stabssjef for Elysée og kommandant for spesialstyrkane i Syria) og Bruno Tertrais (neokonservativ strateg for forsvarsdepartementet). Til sist, for privat sektor, Henry Kravis (direktør for investeringsfondet KKR og uoffisiell finansminister for IS) og general David Petraeus (med-grunnleggar av IS).
Og, som om ikkje denne ubalansen var nok, hadde organisatorane planlagt deltaking av ekspertar som klarer å rettferdiggjere slikt som ikkje kan rettferdiggjerast, som professor Niall Ferguson (historikar på britisk kolonialisme).
Den potensielle omstøytinga av alliansar
Det vil ta litt tid før vi veit kva som vart sagt på dette møtet, og før vi skjønar kva for konklusjonar dei ulike deltakarane kom til. Men vi veit allereie at London pressar på for eit paradigmeskifte i Midt-Austen. Dersom ein gir opp modellen for «den arabiske våren» (ein reproduksjon av «den arabiske revolten i 1916» som vart organisert av Lawrence of Arabia for å erstatte Det osmanske imperiet med Det britiske imperiet), så håpar MI6 å skape ein ny overeinskomst med politisk islamisme som basis.
Som resultat, medan Washington har fornya sin allianse med Saudi-Arabia og overtydd dei om å bryte med Brorskapen i bytte med ein våpenavtale verd 110 milliardar dollart, så pressar London på for ein avtale mellom Iran, Qatar, Tyrkia og Den Muslimske Brorskapen. Om dette prosjektet skulle bli realisert, ville vi oppleve ei oppgiving av sunni/shia-konflikten, og danninga av «ein croissant av politisk islam» omfatta av Teheran, Doha, Ankara, Idlib, Beirut og Gaza. Ei slik ny gruppering ville la Storbritannia oppretthalde påverknadskrafta si i regionen.
Det einaste dei allierte verkar vere einige om, er nødvendet av å gi slepp på prinsippet om ein jihadistisk stat. Alle erkjenner at djevelen må stappast tilbake i boksen sin, noko som medfører å kvitte seg med IS, sjøl om nokre vil halde fram med å samarbeide med al-Qaida. Det er derfor, uroa for eigen overlevnad, at den sjølutnemnde kaliffen i løyndom har sendt eit ultimatum til Downing Street og Elysée.
Å velge side
I dei komande månadane vil vi få sjå om Saudi-Arabia si heilomvending er ekte. Det hadde vore gode nyhende for syrarane, men dårlege nyhende for jemenittane (som vest-verda då ville ignorere). Det skulle gi kong Salman sjansen til å stimulere ei utvikling av wahhabismen frå ein fanatisk kult til ein normal religion. Allereie no er den brått oppståtte konflikten som set Riyadh opp imot Doha i Iran-spørsmålet, dobla i styrke av ein krangel om ein mulig slektskap mellom grunnleggaren av kulten, Mohammed ben Abdelwahhab, og al-Thani-dynastiet i Qatar – ein påstand som har gjort saudiarane rasande.
Prosjektet «politisk islam» består av ei samanslåing mellom Den muslimske brorskapen og Khomeinistane. Det skulle bety at Iran, og til og med Hizbollah, ville måtte erstatte dette problemet med kampen mot anti-imperialismen. Om dette skulle passere, ville det heilt sikkert føre til at Iran trakk seg frå Syria. Det kvite hus tar dette på største alvor og førebur seg frenetisk til ein slik eventualitet. I talen sin i Riyadh allereie, utpeikte Donald Trump Teheran til sin nye fiende, og han har nett nominert Michaël D’Andrea (som organiserte snikmordet på Imad Mougniyeh i Damaskus i 2008) til representant for den iranske avdelinga til CIA.
Russland hadde allereie førebudd seg på ei ny ordning i midt-Austen. Ved å støtte Syria, følgde dei dermed ambisjonane sine om å skaffe tilgang til «varme farvatn», og, ved å søke tilnærming til sin arvefiende Tyrkia, å bli i stand til å navigere fritt via Dardanellane og Boporos (absolutt nødvendig for å entre Middelhavet). Likevel kunne, på lang sikt, politisk islam berre skaffe dei problem i Kaukasus.
Som alltid, når spelarane stiller opp korta sine, må dei alle definere posisjonane sine. Storbritannia forsvarer sitt Imperium, Frankrike forsvarer sin herskande klasse, og USA forsvarer sitt folk. I midt-Austen vil nokre kjempe for samfunna sina, andre for idéane sine. Men det er ikkje alltid så enkelt. Såleis kan Iran kome til å følge idealet til imam Khomeiny, og rote saman mål med middel. Det som opprinneleg var ein anti-imperialistisk revolusjon leidd av islams makt, kan utvikle seg til å bli ei enkel stadfesting av den politiske bruken av denne religionen.
Konsekvensane for resten av verda
MI6 og CIA took ein enorm sjanse ved å invitere ikkje-atlantistar til Bilderberg-møtet 2017. Den kinesiske ambassadøren Cui Tiankai var sett opp til å tale først på den fjerde dagen av seminaret, og var såleis i stand til å evaluere posisjonane til kvart NATO-medlem frå første dag av.
På den eine sida reknar Beijing med samarbeid frå Donald Trump, opning til USA for sin asiatiske investeringsbank for infrastruktur (Asian Infrastructure Investment Bank, AIIB), og utviklinga av alle sine kommersielle ruter. På den andre sida håpar dei på at Brexit vil føre til ein økonomisk og finansiell allianse med London.
Ambassadør Cui, som var direktør for Senter for politisk forskning ved det kinesiske utanriksdepartement, kan vere nøgd med ei enkel øydelegging av IS. Men han er ikkje umedviten om at dei folka som organiserte Kalifatet for å skjere av Silkevegen i Irak og Syria, og deretter krigen i Ukraina for å skjere av Den nye silkevegen, førebur seg førebyggande på å opne ein tredje front på Filippinane og ein fjerde i Venezuela for å avskjere andre kommunikasjonsprosjekt.
Frå dette synspunktet vil Kina – som likt Russland har ei viss interesse av å støtte Donald Trump, om så berre for å hindre terrorisme i eigne land – spørre seg kva for langtidsverknadar eit britisk overherredøme i «croissanten av politisk islam» kan få.