Frå venstre til høgre: ayatolla Ahmad Jannati (president av Assembly of Experts, dei 86 religiøse vismennene som presiderer over Iran) ; ayatolla Sadeq Larijani (sjef for Islamic Judiciary) ; ayatolla Ali Khamenei (øvste leiar av Iran) ; sjeik Hassan Rohani (president for Den islamske republikken) ; Ali Larijani (bror til sjefen for Islamic Judiciary og president i nasjonalforsamlinga).

Medan Pentagon trekk seg ut av "større Midt-Austen" for å investere i "det karibiske bassenget", gjer Det kvite hus seg klare til å omorganisere sine allierte i regionen. Til dette føremålet vil dei den 14. og 15. februar halde eit møte mellom ministrar – "Ministeriell [sic] til fremjing av ei fredeleg og trygg framtid i Midt-Austen" («Ministerial to Promote a Future of Peace and Security in the Middle East») i Warszawa. Alle USA sine allierte vil delta, men ikkje partnarane deira: verken Russland eller Kina.

Den 10. januar, under ein konferanse ved det amerikanske universitetet i Kairo, la utanriksminister Mike Pompeo fram måla til "Ministeriellet":
 å opponere mot "det iranske regimet" og "deira representantar";
 å danne ein strategisk jødisk-sunnimuslimsk allianse imot sjiittiske Iran [1].

Elliott Abrams’ retur

Vi kan ikkje anna enn å bli nedtrykte av US-amerikansk utanrikspolitikks konfesjonalisering [tiltakande oppbygging av kyrkjesamfunn, mrk.]. Det må settast i samanheng med Elliott Abrams [2] sin retur til utanriksdepartementet etter 30 år utanfor. Denne trotskisten, som dreiv valkamp i 1980 for Republikanaren president Reagan, er ein av grunnleggarane av den neokonservative rørsla. Han er også ein av dei som starta teopolitikken, den retninga som allierer sionistiske jødar med kristne, og som meiner at fred på jord berre kan kome den dagen vi får ei verdsregjering med base i Jerusalem [3].

I motsetning til kva folk flest trur, er det ikkje dei neokonservative som er Iran sine fiendar, men dei er heller ikkje venane deira. Dei har alltid meint at det er nødvendig å oppretthalde ein balanse mellom arabarar og persarar. Dette var grunnen til at Elliott Abrams deltok i "Iran-Contras-operasjonen", som gjekk ut på å selje israelske våpen via sjeik Hassan Rohani (den noverande presidenten til Iran) til ayatolla Hachemi Rafsandjani (som dermed blei landets rikaste mann) slik at dei skulle kunne stå i mot angrepet frå Irak (som også var styrt frå Washington). Denne operasjonen vart gjennomført utan at Kongressen visste om det, deretter fordømt, og seinare offisielt frikjent av president Bush Sr.

Under denne perioden var Abrams innblanda i fleire massakrar i Guatemala, El Salvador og Nicaragua.

Trotskistane frå magasinet til Den amerikanske jødiske komiteen (American Jewish Committee), Commentary, som også dreiv valkamp for Reagan, hadde til hensikt å både kjempe mot Sovjetunionen for å følge opp Leon Trotskis kamp mot Josef Stalin, og samtidig å sette i verk eit verdsomfemnande coup d’état, om denne ideen i det heile gir noka meining. Elliott Abrams deltok såleis i grunnlegginga av USAs Fredsinstitutt (US Institute of Peace (som brukte den humanitære plattformen til å fremje imperialisme)) og Nasjonal stifting for demokrati (National Endowment for Democracy (som arrangerte fargerevolusjonane)), som han framleis sit i styret til. Det er på denne måten vi skal forstå teopolitikk: som ei religiøs rettferdiggjering av ei global maktovertaking.

Grunnleggingskongressen til teopolitikken vart finansiert av Izmaïlovskaya, ein russisk kriminell organisasjon som, i følge det spanske rettsvesenet, hadde medlemmar som Michael Cherney, Oleg Deripaska og Iskander Makhmudov.

Under presidentskapen til Bush Jr. returnerte Abrams diskret til Det kvite hus saman med Liz Cheney (dottera til visepresident Dick Cheney). Ved National Security Council hadde han overoppsyn med statskuppet mot Venezuela sin president, Hugo Chavez [4]. Han sette seg i mot – men litt seint – den ubalansen som Washington skapte då dei eliminerte både Taliban og president Saddam Hussein, og med det let Teheran posisjonere seg regionalt. Han arbeidde for «Iran Syria Policy and Operations Group», og hadde der ansvaret for "strategi for globalt demokrati" ("Global Democracy Strategy") [5]. Han var hovudeksperten til nasjonale tryggleiksrådgivar Condoleezza Rice under den israelske krigen mot Libanon i 2006.

Warszawa-konferansen

Ministermøtet «Ministerial to Promote a Future of Peace and Security in the Middle East» skal leiast av USAs utanriksminister Mike Pompeo og visepresidenten i den polske regjeringa, Beata Szydło, som ikkje har nokon kompetanse på emnet.

Med tanke på at statane som var involverte i krigen mot Syria får ein privilegert status, har Israel no kravd ansvaret for fleire anti-syriske operasjonar som dei før har nekta å kommentere. Stabssjef for hæren, general Gadi Eisenkot, har erklært at den hebraiske staten støtta jihadistane heilt frå starten, forsynte dei med våpen, og har støtta dei militært ved å bombe syriske styrkar. Allslags saker som vi har avslørt dei siste åtte åra er no offiselle sanningar.

Bekymra for kva som kan kome ut av Warszawa-møtet, har Moskva sendt ein delegasjon på høgt nivå til Tel Aviv for å lodde stemninga blant israelittane.

Dei iranske feila

Det er viktig å halde i mente at USA aldri har kjempa mot Iran generelt, men nesten alltid bestemt kven som skal styre landet. Såleis hjelpte USA i 1941 britane med å styrte Reza Sjah for å installere Mohammad Reza Pahlavi ved makta. Det var USA som i 1953 tvinga sjahen til å ta avstand frå nasjonalisten Mohammad Mossadegh for å sette inn nazi-generalen Fazlollah Zahedi. Det var USA som i 1979 tvinga sjahen til å trekke seg, og organiserte returen til ayatolla Rouhollah Khomeini. Og så bortetter.

Dagens Iran er fange av sine eigne motsetningar, først av alt det manglande samsvaret mellom det dei offentleg erklærer og realitetane. Den islamske republikken framstiller utan stans Israel og Saudi-Arabia som sine absolutte fiendar. Men fakta motseier retorikken frå Teheran, like mykje som den frå Tel Aviv og Riyadh. Til dømes kjempa dei tre landa på same side i 1992 - 1995, saman med NATO og muslimane i Bosnia-Herzegovina. Eller og: selskapet EAPC, som for tida styrer Eilat-Ashkelon-røyrleidninga, er eigd av Iran og Israel i fellesskap [6].

For det andre er guvernørane av Iran, sjølv om dei står saman i mot utlendingar, ekstremt splitta mellom den øvste leiaren (ayatolla Ali Khamenei), presidenten av republikken (sjeik Hassan Rohani), og sjefen for opposisjonen (eks-president Mahmoud Ahmadinejad, som har sete i husarrest i eit år. Dei viktigaste samarbeidspartnarane hans vart fengsla etter ei rekke hemmelege rettssaker) [7].

Ved slutten på Ahmadinejad sin andre periode deltok president Barack Obama i hemmelege forhandlingar i Oman med Rafsandjani-Rohani-laget. Prinsippa for atomavtalen vart då godkjende. Ayatolla Khamenei sette kandidaturet til Ahmadinejad i presidentvalet på sidelinja ved å bruke ayatolla Ahmad Jannati, og favoriserte valet av sjeik Rohani; sannsynlegvis ignorerte han visse aspekt ved avtalen han hadde slutta med Obama. Sjeik Rohani sette sin lit til dei hemmelege avtalane han hadde med Demokratane i USA. Han rekna med ei kansellering av USA sine sanksjonar, og lova velgarane sine eit betre liv. Straks han var vald ramponerte han systemet som hadde latt Iran unngå sanksjonane. Deretter let han som han forhandla i Sveits med dei store maktene, om den avtalen som allereie hadde blitt gjort med USA aleine. Men signaturen på 5+1 avtalen vart ikkje følgd av noka oppheving av sanksjonane. Sidan den iranske økonomien ikkje lenger kunne unngå dei, kollapsa han. Då Donald Trump entra Det kvite hus skrota han avtalen med Iran, og gav Rohani-laget panikk. Rohani hadde gjort feilen å tru at presidenten raskt ville bli fjerna, og at Demokratane snart ville kome til makta igjen. Iran avslo Donald Trump sitt tilbod om forhandlingar, og er per dags dato strypte.

Sjeik Hassan Rohani, som i 2013 dreiv valkamp der han endelaust repeterte at landet hans ikkje lenger skulle bruke ein rial på å frigjere Palestina og støtte Hizbollah og Syria, har ikkje fått gjennomført noko med sine allierte sidan valet. I stigande grad har Vaktarane av den islamske revolusjonen slutta å forsvare Syria, og har tilbydd si støtte til Damaskus kun for å hjelpe sjiitt-minoriteten. I nesten to år hadde ikkje Teheran nokon ambassadør i Damaskus. Det var først i 2018 at Iran sende høgare sivile tenestemenn frå regjeringa si til Syria. Dei signerte økonomiske avtalar som vart skisserte for fem år sidan, og som ikkje lenger samsvarar med behova til folket i Syria.

I eit forsøk på å overtyde ayatolla Ali Khamenei om å trekke Vaktarane av den islamske revolusjonen ut av Syria, vende president sjeik Hassan Rohani seg til Tyrkia (som venane hans hadde utmerkte relasjonar med) og Russland. Men sjeik Rohani hadde allereie forhandla med USA og Austerrike om levering av iransk olje i staden for russiske hydrokarbonar til europearane. Uansett har dei tre landa effektivt uttrykt sine standpunkt. Men det siste møtet i Teheran med presidentane Vladimir Putin og Recep Tayyip Erdoğan var mislykka. Det vart sporenstreks følgd av eit møte mellom Russland og Tyrkia, der dei gjorde opp seg i mellom, utan Iran.

Samtidig hindrar Irans økonomiske og finansielle kollaps den øvste leiaren i å støtte landets milits i Irak og Hizbollah, som ikkje lenger klarar betale løn til sine krigarar. Berre 60% av lønene deira vart utbetalte i januar.

I mange månadar har Israel bomba iranske mål i Syria utan Russland sitt forsvarsvern. Dei siste vekene har Moskva tilbydd Damaskus S-300-rakettar som kan gjere Syria i stand til å sjølve takle sitt anti-luftskytsforsvar. Men dei israelske bombingane av iranarane har halde fram. Ved enden av januar kjempa, i følge det tyrkiske pressebyrået Anadolu, to divisjonar av den syriske hæren mot kvarandre. Den eine hadde russiske offiserar overoppsyn med, den andre iranske.

Warszawa-konferansen kjem på eit tidspunkt då Demokratane i USA har tatt tilbake majoriteten i Representanthuset, men dei kjem ikkje til å redde sjeik Rohani. Kanskje vil landet hans betale ein høg pris for sin politiske inkonsekvens.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Mike Pompeo’s Remarks at the American University in Cairo”, by Mike Pompeo, Voltaire Network, 10 January 2019.

[2« Elliott Abrams, le "gladiateur" converti à la "théopolitique" », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 14 février 2005.

[3« Sommet historique pour sceller l’Alliance des guerriers de Dieu », Réseau Voltaire, 17 octobre 2003.

[4« Opération manquée au Venezuela », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 18 mai 2002.

[5Sous nos yeux, Du 11-Septembre à Donald Trump, Thierry Meyssan, éditions Demi-Lune, 2017.

[6« Israël et l’Iran exploitent ensemble le pipeline Eilat-Ashkelon », Réseau Voltaire, 2 janvier 2018.