Elliott Abrams, ein av dei historiske Straussianarane, sit i førarsetet for regimeendringa i Israel.

Under dei to siste åra har israelarane vore splitta og ute av stand til å velge ei regjering. Etter fem parlamentsvalrundar bestemde dei seg for å kaste Lapid/Gantz-teamet og sette den nye koalisjonen rundt Benjamin Netanyahu til makta. Men to månadar etter danninga av den nye regjeringa har dei skifta meining att. Eit fleirtal av israelarane vil allereie ikkje lenger ha dei folka dei valde.

Faktisk har Benjamin Netanyahu, til alles overrasking, danna ein koalisjon med små, jødisk-supremati-parti. Han har lova dei å:
• stryke frå grunnlova paragraf 7a, som forbyr ope rasistiske parti å stille til val.
• endre anti-diskrimineringslova til å tillate finansiering av kjønns-segregerte arrangement eller strukturar og å tillate tenesteytingsnekt på grunnlag av religiøs tru.
• tvinge lokale styresmakter til å finansiere ultra-ortodokse skular, sjølv om dei ikkje er under sentraladministrativ kontroll, ikkje følger læreplanen og nektar å undervise i grunnleggande sekulære fag som matte og engelsk.
• flytte ansvaret for utdeling av matkupongar frå departementet for sosial velferd til innanriksdepartementet. Det blir lagt som vilkår for slik stønad at ein ikkje betaler skatt, velvitande om at dei ultra-ortodokse har skattefritak same kor mykje dei tener og eig.

Men statsministeren har og distansert seg frå sine allierte. Han erklærte at han aldri ville tillate nokon å bruke trua si til å nekte ein israelsk statborgar tilgang til tenester. «Det blir elektrisitet på sabbaten. Det blir [blanda] badestrender. Vi vil oppretthalde status quo. Det vil ikkje vere noko land [styrt] av halakha [jødisk lov]» «Retur-lova skal ikkje endrast» (Statsministerens allierte krev at alle som vil returnere må bevise at han eller ho har ein jødisk forelder, i streng forstand). Han tok også avstand frå det sonen Yair Netanyahu hadde sagt om at dei som stilte faren for retten for korrupsjon og anna då han var statsminister, sjølve burde stillast for retten for forræderi og straffast deretter. Til slutt sørga han for at den einaste ope homofile parlamentsmedlemmen, Amir Ohana, vart utnemnd til president for Knesset.

Så sjokkerande dette programmet enn er, så er det ikkje det som er poenget. Benjamin Netanyahu har kunngjort ei overhaling av rettssystemet som utfordrar maktbalansen som det konstitusjonslause landet hittil har vore basert på, i ein slik grad at opponentane hans kallar det eit «kupp».

Demonstrasjonane har kome på rekke og rad, fleire og fleire. I starten berre frå sentrum og venstresida. Deretter slutta tidlegare allierte av Benjamin Netanyahu seg til dei, og no også høgregrupper og einskilde arabarar.

Ein tidlegare generalstabssjef, Moshe Ya’alon, drog parallellar mellom den sittande Netanyahu-regjeringa og nazi-regimet: «Det jødiske folket betalte ein høg pris då det via demokratiske val i Tyskland kom til makta ei regjering som eliminerte demokratiet, og det første som vart eliminert var det grunnleggande demokratiske prinsippet om eit uavhengig rettsvesen.»

Moshe Ya’alon har lenge vore ein motstandar av Benjamin Netanyahu, men på få veker har eks-allierte av statsministeren også slutta seg til motstanden.

Tidlegare Likud-justisminister og visestatsminister under Netanyahu, Dan Meridor, heldt ein tale ved hovuddemonstrasjonen utanfor Knesset den 20. februar. Han sa: «Kven skulle trudd at vi skulle måtte forsvare demokratiet i Israel, men det er under angrep!»

Tidlegare Mossad-direktør Tamir Pardo, den gong vald av Benjamin Netanyahu, er no ein av dei som koordinerer protestane. I eit intervju med radiokanalen Kan, skulda han statsministeren for å reformere rettssystemet berre for å redde seg sjølv. I tillegg skulda han ei rekke medlemmar av regjeringskoalisjonen for å ville bygge «ein rasistisk og valdeleg stat som ikkje kan overleve.»

Tidlegare Shin Bet-direktør Yoram Cohen, som også var vald av Benjamin Netanyahu på den tida, sa under ein høgre-demonstrasjon: «Den føreslåtte reformen vil endre regjeringsstrukturen i Israel, sidan den utøvande greina – leia av statsministeren – vil få uavgrensa makt. Kontrollmekanismane som er nødvendige for eit demokratisk samfunn vil forsvinne. Kvar innbyggar må bekymre seg over ein slik situasjon, uavhengig av politisk tilknytning. Reformen i sin noverande tilstand, [innført] med brutalitet og [utvikla] utan dialog med alle komponentar av nasjonen, kan føre til katastrofe.»

Avi Moaz, viseminister for jødisk identitet, har sett ihop éi liste over homofile som arbeider i media og ei anna over tilsette i justisdepartementet som har gått på kurs med grupper som kjempar for integrering av arabiske israelarar.

Fleire opprop frå økonomar og high-tech-entreprenørar har slått alarm om at dei annonserte reformane vil skremme bort utlandske investorar. 56 verdskjende økonomar, inkludert 11 Nobelprisvinnarar, publiserte eit ope brev. Dei skreiv: «Israels regjerande koalisjon vurderer ei rekke lover som ville svekke uavhengigheita til rettsvesenet og desses makt til å innskrenke regjeringstiltak. Mange israelske økonomar har i eit ope brev, som nokre av oss har slutta oss til, uttrykt uro for at ein slik reform kan skade den israelske økonomien ved at den svekkar rettsstaten og såleis skyv Israel i retning Ungarn og Polen.

Rettsreform-planen vil gjennomførast i fire fasar. Berre den første har så langt blitt presentert offentleg.
• Denne fasen (fase I) inkluderer
(1) ein klausul om at parlamentet (Knesset) med simpelt fleirtal kan overstyre Høgsterett og vedta på ny ei lov som Høgsterett tidlegare har kjend ugyldig;
(2) eliminering av standarden om rimeleg grunnlag for juridiske avgjerder;
(3) styrking av makta til den rådande koalisjonen i Dommarutnemningskomitéen;
og (4) svekking av statusen til juridiske rådgivarar i statlege departement.
• I fase II vil den grunnleggande lova om menneskeverd og fridom bli til berre ein tekst med lite meir verdi enn noka anna lov. Den kan difor lett erstattast.
• I fase III vil ein avgrense retten til å anke til Høgsterett.
• I fase IV vil ein dele opp makta til riksadvokaten. Ei ny stilling, «sjefsanklagar», vil bli den einaste autoriteten som kan stille politikarar for retten.

Denne reformen vil totalt endre Israels vesen. Den får opa støtte frå to tankesmier, Kohelet Policy Forum og Law and Liberty Forum. Sistnemnde er inspirert av ei av gruppene som dannar Federalist Society i USA, samanslutninga som i løynd laga utkastet til lova USA Patriot Act og innførte den i samband med angrepa 11. september, 2001 («9/11») [1]. Law and Liberty Forum blir finansiert av fondet Tikvah Fund, som er leia av den nykonservative amerikansk-israelaren Elliott Abrams (berykta for si rolle i Iran-Contra-skandalen og i talrike kupp i Latin-Amerika) [2].

Til høgre Simcha Rothman, presidenten for konstitusjons-, lov- og parlamentskommisjonen, under vedtaket av første del av reformen. Simcha Rothman leier også Law and Liberty Forum, ei israelsk tankesmie finansiert av amerikanske Straussianarar.
Reserverte rettar

Strategien til Federalist Society og Law and Liberty Forum er å endre rettargangen ved utskifting av dommarar strategy is to change jurisprudence by changing judges [3]. I tretti år har Federalist Society klart å rettferdiggjere nyliberalismen juridisk, avgrense retten til å anke i saker mot storbedrifter, øydelegge taktikken som Det demokratiske partiet hadde tenkt å bruke under kampen mot diskriminering og for retten til abort, hindre USA i å slutte seg til ei rekke internasjonale traktatar og til slutt endre maktbalansen i USA slik at presidenten skal kunne utløyse krigar og praktisere tortur [4].

Originaliteten til tilnærminga til Federalist Society bestod i å nytolke prinsippa i angelsaksisk lov. Basert på skriftene til filosofen Leo Strauss, bytta dei ut «naturleg lov» med «positiv lov». Til dømes ville president Ronald Reagan under 1980-talet deregulere økonomien, men han var bunden av lova, og kunne ikkje. Ein av teoretikarane til Federalist Society, professor Richard Epstein, argumenterte for at eigedom ikkje var ei sak for positiv lov, dvs. konvensjonar laga av lovgivarar, men for naturleg lov, dvs. at den var innført av Gud. All regulering av økonomisk aktivitet består i å innskrenke handlemåten til visse eigarar. Derfor er alle reguleringstiltak ei ekspropriering som krev kompensasjon.

Så om ei lov, i samfunnets interesse, krev at ein industrialist berre produserer varer av ein bestemd kvalitet, så avgrensar det eigedomsretten, og han må derfor kompenserast. Denne tolkinga av lova lèt president Ronald Reagan dekonstruere all økonomisk regulasjon landet før hadde hatt.

Dei fleste medlemmane av Federalist Society er berre konservative eller libertarianske advokatar. Dei hadde berre med familielov og økonomisk lov å gjere. Men ei lita gruppe vart involvert i internasjonal politikk. Det er denne gruppa som påverkar Israel i dag. I USA hadde dei sin første suksess med «amerikansk eksepsjonalisme»-triumfen. [5].

Denne retninga nektar å bruke internasjonale traktatar i eige lovverk; dømmer andre si åtferd hardt, men frifinn som regel US-amerikanarar som gjer det same; og nektar internasjonale domstolar innsyn i indre forhold. Kort sagt trur dei at USA, av religiøse grunnar, ikkje kan samanliknast med andre statar, og derfor ikkje skal underkaste seg internasjonal lov. Denne US-amerikanske ideologien passar perfekt ihop med den politiske tolkninga i den teologiske teorien til «det utvalde folket». Viss dette frå eit religiøst standpunkt betyr at folk som vender seg til Gud har blitt utvalde av han, bokstaveleg tolka, så betyr det at folk ikkje er like, og at jødane står over heidningane (på hebraisk: «goyim»).

Itamar Ben-Gvir, Minister for Nasjonal Sikkerheit, har starta om att provokasjonane til Ariel Sharon. Han drog til den jordanske delen av Tempelhøgda og gjorde hevd på den.

Den andre store kampen til denne Federalist Society-gruppa, var å vrake «ikkje-delegasjon»-doktrinen. US-amerikanske juristar meinte at maktfordelinga hindra den utøvande greina i å blande seg inn i privilegia til den lovgivande greina og sjølve definere kriteria for bruk av lova. No skjer det motsette: maktfordelinga forbyr den lovgivande greina å motsette seg aktivitetane til den utøvande. Kongressen mistar såleis makta si til å kontrollere Det kvite huset. På grunnlag av dette taskenspelarknepet kunne president George W. Bush starte ei rekke krigar og generalisere tortur.

Lenka mellom denne Federalist Society-gruppa og israelske Likud er ikkje noko nytt. I 2003 organiserte Elliott Abrams Jerusalem-toppmøtet der nesten alle israelske politiske grupper deltok. Han sa der at det ikkje vil bli fred i verda før Israel knuser dei palestinske krava [6]

I denne logikkens ande distribuerte general Avi Bluth, kommandant for dei israelske styrkane på Vestbanken, straks Netanyahu-regjeringa var danna, ei bok til sine offiserar: Ours in Tabu: The Secrets of Land Redeemers From Our Father Abraham to the Young Settlements. Der blir okkupasjonen av Palestina presentert som frukta av guddommeleg vilje, frå Abrahams tid til tida for dei ulovlege koloniane og uavhengig av midla som vart brukt – enten det galdt landkjøp eller vald.

Den første synlege konsekvensen av dette skiftet og propaganda, skjedde på Vestbanken då 400 busettarar frå Har Bracha angreip landsbyen Huwara. Dei ville ta hemn for drapet på to av sine, og hevda det var palestinarar frå denne landsbyen som stod bak. I fem timar steina dei israelske busettarane innbyggarane, brende fleire hundre bilar og 36 hus. Framfor auga på den israelske arméen, som stengde vegane ut av landsbyen for å hindre at nokon skulle kunne flykte, angreip dei, skadde 400 palestinarar og drap ein. Finansminister Bezalel Smotrich fordømde ikkje valden. Tvert imot sa han det var synd at enkeltindivid hadde gjort det som etter hans meining var staten sitt ansvar: å «utrydde» landsbyen.

I ytringar frå leiarane sine kunngjer den herskande koalisjonen, allereie medskuldige i desse overgrepa, at dei vil bruke statlege middel til å angripe heile den arabiske befolkninga, ikkje berre palestinarar, men også israelske arabarar.

Finansminister Bezalel Smotrich erklærte nyleg på radioen at han er stolt over å vere homofob, og skraut av at givarane hans ikkje bryr seg om det.

Etter kvart som massedemonstrasjonane blir meir hyppige og massive, kjem pro-israelske utlandske politikarar med ei rekke åtvaringar til den nye koalisjonen. Men ingenting skjer. Bezalel Smotrich ser på arabarane som beist som må temmast med makt. Men ministeren for nasjonal sikkerheit, Itamar Ben-Gvir, nærmar seg saka frå eit anna synspunkt. Han ser det slik at Gud gav landet til jødane, som må fordrive arabarane. Same korleis dei ser det, er alle koalisjonsmedlemmane samde om eitt: regjeringa er suveren, og bør ikkje hindrast av lova. Dette passar godt for statsminister Benjamin Netanyahu, som er under rettsleg etterforskning.

Det som skjer i Israel handlar ikkje berre om israelittar og palestinarar. Elliott Abrams er ein historisk Straussianar, i endå større grad enn USAs utanriksminister Antony Blinken og hans viseminister Victoria Nuland er det. Ein kan difor føreseie at viss «reformen» for det isrealske rettssystemet held fram, så vil det nye regimet kome heilt på linje med standpunkta til Straussianarane. Førebels har Israel nekta å sende våpen til Ukraina. Dei har følgd prinsippet til general Benny Gantz: «Ingen israelske våpen til massemordarar av jødar». Risikoen for ein allianse mellom Ukrainas «integrerte nasjonalistar», US-amerikanske «Straussianarar» og israelske «revisjonistiske Sionistar» har aldri vore høgare [7]. USA har nett forbode finansminister Bezalel Smotrich innreise på territoriet sitt. Dei sanksjonerer enno hans rasistiske ytringar, men kor lenge vil dét vare?

Oversettelse
Knut Lindtner
Derimot.no

[1«The U.S. Right-wing Group Behind a Conservative Legal Revolution in Israel», Nettanel Slyomovics, Ha’arets, January 30, 2023.

[2« Elliott Abrams, le "gladiateur" converti à la "théopolitique" », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 14 février 2005.

[3« La Federalist Society investit la Cour suprême des États-Unis », Réseau Voltaire, 2 février 2006.

[4The Federalist Society: How Conservatives Took the Law Back From Liberals, Michael Avery & Danielle McLaughli, Vanderbilt University Press

[5Samling av førelesningar ved symposiet til Carr Center for Human Rights Policy: American Exceptionalism and Human Rights, Michael Ignatieff, Princeton University Press (2005).

[6«Sommet historique pour sceller l’Alliance des guerriers de Dieu», Réseau Voltaire, 17 octobre 2003.

[7Capable of the worst, the union of certain rulers makes World War possible”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 7 December 2022.