Eitt av grunnprinsippa til FN er at alle statar og alle folk er frie, likeverdige og uavhengige. Dette er den store skilnaden mellom dei og Folkeforbundet som var før dei. Folkeforbundet nekta alltid å anerkjenne likeverdet til folka slik at kolonialismen skulle få halde fram.

Kvar stat har éi røyst, på lik linje med alle dei andre. Dermed kunne ikkje USA få registrert medlemskap for kvar av sine 50 statar, heller ikkje Sovjetunionen for sine 15 sameinte republikkar – berre dei to føderale statane var gyldige. Det hadde vore urettvist om USA hadde hatt 50 røyster og Sovjetunionen 15 når dei andre medlemmane berre hadde éi.

Så Frankrike og Tyskland, som skal presidere Tryggingsrådet i FN respektive i mars og april, har nyleg annonsert at dei har tenkt å utøve mandata sine saman. Sjølv om det ikkje er klart vil det nok medføre at dei to delegasjonane vil ta same standpunkt på alle emne dei blir presenterte for. Utanrikspolitikken til kvar av dei to statane vil ikkje lenger vere fri og uavhengig av kvarandre.

Ingen organisasjon som er basert på likeverd mellom medlemmane sine kan overleve denne typen koalisjon.

Dette emnet vart aktuelt allereie i 1949 med danninga av NATO. Medlemsstatane kom overeins om å reagere kollektivt på angrep mot ein av dei. Men ved å gjere det, har dei akseptert ein form for organisasjon som er plassert under autoriteten til USA, som systematisk okkuperer dei viktige rollene, som t.d. øvstkommanderande (av stabssjefen).

På den tida tok Sovjetunionen kraftig avstand frå danninga av ei blokk med medlemsstatar som ikkje lenger var frie og uavhengige. Likevel var det nett det Sovjet gjorde i 1968 då dei invaderte Tsjekkoslovakia med grunngiving at medlemmar av Warszawa-pakta ikkje skulle distansere seg frå kommunismens felles doktrine. I dag eksisterer ikkje lenger sovjetisk totalitarisme, men den til USA er framleis til stades.

Det var nettopp fordi han tok avstand frå ideen om at franske styrkar skulle bli underlagt US-amerikansk dominans, at president Charles De Gaulle forlét NATOs integrerte kommando, men utan å forlate Nord-Atlanter-traktaten. Denne kloke avgjerda vart oppheva av president Nicolas Sarkozy som gjeninnlemma den integrerte kommandoen i 2009.

Frankrike hevdar at deira felles utøving av Tryggingsrådspresidentskapen med Tyskland ikkje betyr at dei to landa planlegg å sameine seta sine i FN. Men det var etter Nicolas Sarkozys mandat at Quai d’Orsay og Wilhelmstrasse (det vil seie det franske og det tyske utanriksdepartementet) starta med å nedbemanne og pålegge ambassadane sine å dele ulike funksjonar.

Denne tilnærminga vart forstyrra av president François Hollande og Emmanuel Macron, som hadde vyer om ein militærallianse med Storbritannia, slik Jacques Chirac hadde. Men ho vart aktivert på ny då det vart klart at London ville realisere Brexit og førebudde nye alliansar.

Ein eventuell fusjon mellom fransk og tysk utanrikspolitikk byr på fleire problem: først av alt er det berre mogleg dersom dei to armeane også slår seg saman, elles vil fusjonen mangle truverd, noko Alain Juppé sa allereie i 1995. I så fall ville Tyskland få med-råderett over dei franske beredskapsstyrkane. Dette vart vurdert av Bundestag [det tyske parlamentet] i 2017 og det er posisjonen til direktøren for München Sikkerheitskonferanse, Wolfgang Ischinger [1]. Dette forklarer korfor Emmanuel Macron snakka om ein europeisk hær i vendingar ulik dei til Det europeiske forsvarssamfunnet (1954), så han til slutt kan få i stand ei samanslutting mellom den franske og den tyske hæren. For det andre føreset lik utanriks- og forsvarspolitikk at dei involverte partane har sams interesser. Det var dette Paris og Berlin forsøkte då dei sette inn felles styrkar, legalt i Sahel og illegalt i Syria.

I staden for å skape ein ny stat, vil den fransk-tyske tilnærminga forsegle avhengnaden til Washington – i dag er dei to hærane medlemmar av den integrerte kommandoen til NATO, og tar kommando frå den same øvstkommanderande, vald av presidenten til USA. I røynda er det nettopp denne krigsherren som fekk i stand fred mellom Frankrike og Tyskland. For ikkje lenge sidan kjempa dei to landa sine spesialstyrkar i løynd mot kvarandre i eks-Jugoslavia, der den eine sida støtta serbarane og den andre kroatane. Kampen enda først då Washington sette igjennom sitt synspunkt.

Med vona om ei samansmelting av Tyskland og Frankrike i framtida, ignorerer leiarane deira dei menneskelege realitetane i sine respektive land. Ved å blande saman den forsoninga mellom folka som kom til under forgjengarane, med ei tilnærming av interessene og verdssyna, har dei til hensikt å skape eit nytt politisk system som ikkje lyt følge dei demokratiske spelereglane. For kvifor skal ein bry seg med desse prosedyrane dersom ingen har ansvaret?

Oversettelse
Monica Sortland

[1Ischinger sieht bei Bundeswehr „krassen Nachholbedarf“”, Michael Backfisch, Neue Ruhr Zeitung, 9 février 2019.