Men hvorfor har Josep Borrell, Charles Michel og Ursula von der Leyen, som er dømt for korrupsjon og vist seg inkompetente, blitt ledere av EU? For å gjøre det Jens Stoltenberg sier til dem.

But why have Josep Borrell, Charles Michel and Ursula von der Leyen, who have been convicted of corruption and proven incompetent, become the leaders of the European Union? To do what Jens Stoltenberg tells them.

Det har gått nesten eit år sidan den russiske arméen gjekk inn i Ukraina for å implementere Tryggingsrådets resolusjon 2202. NATO, som avviste denne grunnen, meiner Russland invaderte Ukraina for å annektere landet. I fire oblast (tilsvarer fylke) ser det ut som at folkrøystingane om å slå seg i hop med Den russiske føderasjonen stadfester NATO si tolking, men då ser ein bort ifrå historia til Novorossia, som stadfester Russland si forklaring. Dei to narrativa (framstillingane) køyrer parallelt, utan å nokon gong overlappe kvarandre.

Eg for min del, som under Kosovo-krigen var redaktør for eit dagleg nyheitsbrev [1], eg hugsar at NATO-narrativet på den tida vart motsagt av alle nyheitsbyråa på Balkan, utan at eg hadde føresetnad for å vite kven som hadde rett. To dagar etter at konflikten enda, kunne journalistar frå Atlanterhavsalliansens land entre scena og sjå at dei hadde blitt narra. Dei regionale pressebyråa hadde hatt rett. NATO hadde loge heile tida. Seinare, mens eg var medlem av den libyske regjeringa, misbrukte NATO Tryggingsrådsmandatet (til å forsvare befolkninga i Libya) til å styrte Libyas Arab Jamahiriya og drepe 120 000 av folka dei var meint å forsvare. Desse erfaringane viser at Vesten lyg skamlaust for å dekke over gjerningane sine.

I dag forsikrar NATO oss om at dei ikkje er i krig, sidan dei ikkje har utplassert soldatar i Ukraina. Men vi er vitne til gigantiske våpenleveransar til Ukraina, slik at dei ukrainske integrerte nasjonalistane [2], trente av NATO, kan stå imot Moskva, på den eine sida, og på den andre sida ein økonomisk krig, utan presedens, for å øydelegge Russlands økonomi. I påsyn av omfanget til denne krigen som ukrainarane utkjempar på andres vegner, verkar vegen ligge open for ein konfrontasjon mellom NATO og Russland når som helst.

Krigen rullar vidare. Ikkje fordi dei to sidene er likestilte, men fordi NATO ikkje har lyst til å konfrontere Russland. Det såg vi for tre månadar sidan under G20-møtet på Bali. Etter samtykke frå Russland, fekk Ukrainas president Volodymyr Zelensky blande seg inn i debattane via videolink frå Kiev. Han bad om at Russland skulle ekskluderast frå G20, slik dei vart ekskluderte frå G8 etter at Krim gjekk med i Den russiske føderasjonen. Til hans og dei NATO-medlemmane som var til stades si store overrasking, fekk han ikkje støtte for forslaget sitt, verken frå USA eller Storbritannia [3]. Washington og London var einige om at det var ei linje som ikkje skulle kryssast. Og av gode grunnar: moderne russiske våpen er langt overlegne NATO sine, som er baserte på ein teknologi frå 1990-talet. I tilfelle konfrontasjon, ville det ikkje vere tvil om at Russland ville ta skade, men dei ville ha knust Vesten på få dagar.

I lys av denne hendinga må vi revurdere det som skjer framfor auga våre.

Våpenstraumen til Ukraina er eit lokkemiddel for å lure fienden bort frå sin planlagde kurs: storparten av materiellet som er sendt når ikkje fram til slagmarka. Vi kunngjorde at dei skulle sendast til Sahel, for å starte ein ny krig der [4], noko Nigerias president, Muhammadu Buhari, offisielt har stadfesta med vitnemål om at mange av våpena som skulle til Ukraina allereie var i hendene på afrikanske jihadistars [5]. Uansett er det nyttelaust å bygge opp eit arsenal av restedelar, våpen av ulik alder og kaliber. Ingen har logistikken til å forsyne styrkane sine med mange forskjellige typar ammunisjon. Konklusjonen er at desse våpena ikkje blir gitt for at Ukraina skal vinne.

The New York Times slo alarm om at Vestens forsvarsindustri ikkje greidde produsere nok våpen og ammunisjon. Lagera er allereie i ferd med å tømmast, og Vestens arméar blir tvinga til å gi bort materiell dei treng til eige forsvar. Det vart stadfesta av USAs marineminister, Carlos Del Toro, som åtvara om utarminga av USAs militær som no skjer [6]. Han sa at viss USAs miitærindustrielle kompleks ikkje greier å produsere meir våpen enn Russland innan seks månadar, vil ikkje militæret deira greie å fullføre oppdraget sitt.

Første merknad: viss politikarane i USA vil starte Ragnarok, vil dei ikkje ha midla til det dei neste seks månadane, og sannsynlegvis ikkje seinare heller.

La oss sjå nærare på den økonomiske krigen. La oss sjå bort ifrå den forskjønnande kamuflasjen: «sanksjonar». Eg har allereie tatt opp dette spørsmålet og påpeika at dei ikkje er domstolsavgjerder, og ikkje er legale ifølge folkeretten. La oss sjå på valutakursane. Dollaren knuste rubelen i to månadar, så gjekk rubelen tilbake til verdien den hadde mellom 2015 og 2020, utan at Russland hadde lånt massivt. Med andre ord hadde dei såkalla sanksjonane ein ignorerbar effekt på Russland. Under dei første to månadane forstyrra dei landets handel alvorleg, men det er ikkje lenger eit problem. Dei kosta heller ikkje USA noko, og hadde ingen verknad på landet i det heile.

Vi veit at USA samtidig som dei forbyr sine allierte å importere russiske hydrokarbonar, sjølve importerer dei via India, og slik fyller opp lagera dei brukte av under dei første månadane av konflikten [7].

På den andre sida observerer vi ei omveltning i den europeiske økonomien, som er nøydd til å ta opp svære lån for å støtte Kiev-regimet. Vi manglar statistikk over omfanget av desse låna, og vi veit heller ikkje kven kreditorane er. Men det er klart at dei europeiske regjeringane appellerer til Washington under Ukraine Democracy Defense Lend-Lease Act of 2022. Alt som europearane gir til Ukraina kjem med ein pris, men den vil ikkje bli innkravd før etter krigen. Først då vil rekninga leggast fram. Og den vil bli urimeleg høg. Før den tid kjem, er alt berre bra.

Sabotasjen av røyrleidningane Nord Stream 1 og Nord Stream 2 den 26. september, 2022, var det ingen som tok på seg skulda for etter hendinga, men i staden på førehand: USAs president Joe Biden den 7. februar, 2022, i Det kvite hus, i nærvær av Tysklands kanslar Olaf Scholz. Det stemmer at han berre forplikta seg til å øydelegge Nord Stream 2 i fall Russland skulle invadere Ukraina, men det var berre fordi journalisten som intervjua han hadde formulert spørsmålet sitt utan å våge å førestille seg at presidenten også kunne gjere det med Nord Stream 1. Med denne erklæringa, og særleg med denne sabotasjen, har Washington vist fram forakten sin for sin tyske allierte. Ingenting har endra seg sidan sidan NATOs første generalsekretær, Lord Ismay, erklærte at alliansens eigentlege mål var å «halde Sovjetunionen ute, amerikanarane inne og tyskarane nede» [8]. Sovjetunionen forsvann, og Tyskland tok føringa i EU. Om han hadde vore i live i dag, ville Lord Ismay truleg ha sagt at målet til NATO er å halde Russland ute, amerikanarane inne og EU under kontroll.

For Tyskland var sabotasjen mot desse røyrleidningane det alvorlegaste slaget dei har fått sidan slutten på Andre verdskrig, men dei tok det utan å blunke. Samtidig svelgde dei Biden-planen for berging av USAs økonomi på bekostning av den tyske bilindustrien. Responsen deira på alt dette, var å nærme seg Kina og unngå å tirre opp Polen, USAs sye trumfkort i Europa. Dei føreslår no å gjenbygge industrien sin ved å utvikle ammunisjonsfabrikkar for alliansen.

Som resultat har Tysklands godtaking av USAs overherredømme blitt delt av EU, som Tyskland kontrollerer [9].

Andre merknad: tyskarane og medlemmane av EU har merka ein nedgang i levestandarden sin. Dei er, saman med ukrainarane, dei einaste offerra for denne krigen, og dei finn seg i det.

I 1992, då Den russiske føderasjonen nett hadde oppstått av Sovjetunionens ruinar, sette Dick Cheney, den gong Forsvarsminister, Straussianaren [10] Paul Wolfowitz til å skrive ein rapport vi berre har fått tilgang til ei svært redigert utgåve av. Utdrag frå den opprinnelege rapporten, publisert av New York Times og Washington Post viser at Washington ikkje lenger såg på Russland som ein trussel, men på EU som ein potensiell rival [11]. Den slo fast: «Sjølv om USA støttar prosjektet europeisk integrasjon, må vi omhyggeleg hindre at det oppstår eit reint europeisk sikkerheitssystem som ville underminere NATO, særleg NATOs integrerte militære kommandostruktur.» Med andre ord godkjenner Washington eit europeisk forsvar som er underordna NATO, men står klar til å slå ned EU om dei skulle byrje innbille seg at dei skulle kunne bli ei politisk makt sterk nok til å stå imot USA.

USA sin strategi no, som ikkje svekkar Russland, men EU, med påskot om å kjempe mot Russland, er den andre konkrete bruken av Wolfowitz-doktrinen. Den første bruken, i 2003, var då dei straffa Jacques Chiracs Frankrike og Gerhard Schröders Tyskland fordi dei sette seg imot NATO si øydelegging av Irak [12].

Dette er nøyaktig det som leiaren for US Joint Chiefs of Staff, general Mark Milley, sa på ein pressekonferanse etter dei alliertes møte i Ramstein den 20. januar. Sjølv om han hadde kravd at kvar deltakar skulle donere våpen til Kiev, vedgjekk han at «I år vil det bli svært, svært vanskeleg å militært kaste ut dei russiske styrkane frå kvar tomme av russisk-okkupert Ukraina.» Med andre ord: dei allierte må blø, men det finst ikkje håp om å vinne noko over Russland i 2023.

Tredje merknad: Denne krigen blir ikkje ført mot Russland, men for å svekke EU.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Le Journal de la Guerre en Europe.

[2Wie zijn de Oekraïense integraal-nationalisten?”, door Thierry Meyssan, Vertaling openbaararchief.nl, Voltaire Netwerk, 15 november 2022.

[3Zelensky klemgezet door Moskou en Washington”, door Thierry Meyssan, Vertaling openbaararchief.nl, Voltaire Netwerk, 22 november 2022.

[4Een nieuwe oorlog wordt voorbereid na de nederlaag tegen Rusland”, door Thierry Meyssan, Vertaling openbaararchief.nl, Voltaire Netwerk, 24 mei 2022.

[7« India’s breaking all records for buying Russian oil, but who is the surprise buyer ? », Paran Balakrishnan, The Telegraph of India, January 16, 2022.

[8This quote proudly adorns the official website of the Atlantic Alliance.

[9Joint Declaration on EU-NATO Cooperation”, Voltaire Network, 10 January 2023.

[10Rusland verklaart de oorlog aan de Straussianen”, door Thierry Meyssan, Vertaling openbaararchief.nl, Voltaire Netwerk, 8 maart 2022.

[11« US Strategy Plan Calls For Insuring No Rivals Develop », Patrick E. Tyler, and « Excerpts from Pentagon’s Plan : "Prevent the Re-Emergence of a New Rival" », New York Times, March 8, 1992. « Keeping the US First, Pentagon Would preclude a Rival Superpower » Barton Gellman, The Washington Post, March 11, 1992.

[12« Instructions et conclusions sur les marchés de reconstruction et d’aide en Irak », par Paul Wolfowitz, Réseau Voltaire, 10 décembre 2003.