Midt i prosessen med å få inn presidentvalresultata sette president Donsld Trump i gang med å reinske opprørsleiarar ut av Pentagon. Første målet var forsvarsministeren, som stadig laug for å skjule dei verkelege målsetningane til generalstabsoffiserane.
Idet presidentvalet er over, har bebuaren av Det kvite hus kun rett til å styre dei løpande gjeremåla. Men rett før Den føderale valkommisjonen kunngjorde resultatet av valet, starta president Donald Trump ei Pentagon-oppreinsking utan sidestykke.
US-amerikansk presse, alltid travelt opptatt med å portrettere han som ein inkompetent narsissist, verkar ikkje synest at dette er noko viktig. Dei skildrar han som ein som spelar golf.
Men uansett, han har gitt følgande personale avskjed på grått papir:
– Forsvarsminister Mark Esper (erstatta med Christopher Miller);
– stabssjefen sin, Jen Stewart (erstatta med Kash Patel);
– direktør for forsvarspolitikk James Anderson (erstatta med Anthony Tata);
– undersjef for etterretning og sikkerheit Joseph Kernan (erstatta med Ezra Cohen-Watnick); og
– Nato-liaisonoffiser Michael Ryan (erstatta med Andrew Winternitz)
Denne personalombyttinga er lett å tolke: sidan dei store media kunngjorde ein udelt siger for Joe Biden, har tilståingane frå høge embetsmenn om korleis dei i årevis har sabotert den jacksonianske politikken mangedobla seg [1]. Dei utdrivne embetsfolka er mistenkte for å ha gitt dekning for desse eller å sjølve ha planlagt å styrte president Trump. I motsetning til desse, er dei nyforfremma seniorane lojale mot den sitande presidenten, og dei deler alle overtydinga om at det finst tette band mellom Clinton- og Obama-administrasjonane og Den muslimske brorskapen.
Det kan verke søkt å snakke om eit utlandsk hemmeleg lag med band til presidentvalet i USA. Men sånn er det ikkje.
Denne omstokkinga skal ha vorte driven fram av Kash Patel. Som tidlegare assistent til Devin Nunes sin representant i etterretningskomiteen hadde han spelt ei viss rolle med å bevise overvakinga som Obama-administrasjonen gjorde på Donald Trump og taktløysa deira i ’Russiagate’ [2]. Han vart så utnemnd til viseassistent for president Trump og direktør for kontraterrorisme ved National Security Council. Med sitt indiske opphav kjenner han godt til Den muslimske brorskapen si rolle i organisering av islamistiske angrep.
Den nye forsvarsministeren var tidlegare direktør for Kontraterrorisme-senteret, oberst Christopher Miller. Ein kan derfor gå ut ifrå at han har grundig kjennskap til den løyndomsfulle Muslimske brorskapen.
Den nye direktøren for forsvarspolitikk er brigadesjef Anthony Tata. Som tidlegare kommentator i Fox News har han mange gongar anklaga president Obama og familien Clinton for sjølve å vere sjefsterroristane av jihadistiske nettverk. Riven med av si eiga kraft, anklaga han også tidlegare CIA-direktør John O. Brennan for å ha klekka ut eit mordforsøk på president Trump. Det viste seg å vere baksnakking (men ikkje den første påstanden). Han vil bli assistert av Thomas Williams, ein tidlegare medlem av National Security Council, som vart opplært av Zbigniew Brzezinski.
Den nye understatssekretæren for etterretning og sikkerheit er Ezra Cohen-Watnick. Han er ein tidlegare medlem av general Michael Flynn sitt militære etterretningsteam, som kjempa mot Den muslimske brorskapen ute i felten.
Den nye ansvarlege for Europa og NATO er Andrew Winternitz. Denne japanske politikk-vitskapsmannen har allereie hatt ansvaret for Frankrike i Pentagon i mange år. Han er den einaste medlemmen av det nye teamet som ikkje har måtta slåst mot Brorskapen.
Denne omveltninga kom svært seint. I fire år gjorde Pentagon-embetsmenn alt dei kunne for å unngå å følge Trump sine instruksar og hale ut konfliktane. Trump hadde gitt dei stort spelerom, noko som let han vere verksam på andre område utan frykt for militært statskupp. Men under dei siste månadane har generalstabsoffiserane i aukande grad vist sin vilje til å bruke helsekrisa til å halde alle politikarar, inkludert president Trump, borte frå den politiske scena, ei haldning totalt i motsetning til troppane si støtte til den jacksonianske presidenten.
Det er tydeleg at dei ulike partane si haldning til Den muslimske Brorskapen var eit kriterium for denne omstokkinga. Med tanke på dei tette koplingane mellom Obama- (president Barack og halvbroren Abon ’go Malik) og Clinton (president Bill og utanriksminister Hillary)-familiane og Brorskapen [3], så tyder alt på at desse hendingane heng saman med den institusjonelle krisa dei no har i USA ...
Om Muslim Brotherhood, les særleg :
– “The Muslim Brotherhood as auxiliaries of the Pentagon”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 13 July 2019.
– “The Muslim Brotherhood as members of the National Security Council of the White House”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 19 July 2019.
[1] “James Jeffrey lied to President Trump for two years”, Voltaire Network, 15 November 2020.
[2] “The Devin Nunes Memo”, by Devin Nunes, Voltaire Network, 2 February 2018.
[3] “Links between Muslim Brotherhood and Obama administration”, Translation Alizée Ville, Voltaire Network, 10 November 2013. “Muslim Brotherhood member sits at U.S. National Security Council”, Voltaire Network, 26 June 2014.