I 2017 fordømde den dåverande riksadvokaten av Venezuela, Luisa Ortega Díaz, den nye lovgivande nasjonalforsamlinga og anklaga president Nicolás Maduro for å ha mottatt 35 millionar dollar i muter i samanheng med Odebrecht-skandalen, der fleire latin-amerikanske leiarar var involverte. Ho hevda vidare at landets eminente leiar Diosdado Cabello hadde håva inn 100 millionar dollar i ein annan korrupsjonsskandale.

Luisa Ortega Díaz hadde lenge vore chavist, og gift med den chavistiske parlamentsmedlemmen Germán Ferrer, og fekk såleis brei resonans for innspelet sitt både i Venezuela og utanlands. Ho gav truverde til biletet av eit chavistisk regime som velta seg i korrupsjon.

Etter ulike vendingar flykta Luisa Ortega Díaz og Germán Ferrer frå Venezuela turnerte i Latin-Amerika med stadig meir sensasjonelle påstandar.

Men den 19. april 2021, midt i ei rettssak for skattesvik i Miami (Florida), innrømte forretningsmannen Carlos Urbano Fermin at han hadde betalt riksadvokat Luisa Ortega Díaz 1 million dollar for å sleppe rettsforfølging for sine ulovlege affærar i Venezuela [1].

Dette stadfestar teorien til Maduro-regjeringa om at Luisa Ortega Díaz sine påstandar var grunnlause, og at hensikten med dei var å dekke over hennar eigne tarvelege ugjerningar nett då politiet starta å etterforske ho.

Sjølv om det er sant at mange latinamerikanske statar er plaga med korrupsjon, så er det også viktig å peike på at den eine etter den andre, praktisk talt alle leiarane av den venezuelanske ekstremistiske opposisjonen, inkludert den sjølvutnemnde «interim-presidenten» Juan Guaidó, har vist seg å vere korrupte. Samstundes har alle dei venezuelanske regjeringsleiarane som har vist seg å vere korrupte, blitt fjerna frå stillingane sine og stilte for retten.

«Exclusive: U.S. troops increasingly vulnerable to directed-energy attacks, Pentagon tells lawmakers», Lara Seligman & Andrew Desiderio & Betsy Woodruff, Politico & South China Morning Post, April 22, 2021.

Oversettelse
Monica Sortland