For Thukydid hadde Sparta og Athens same ambisjonar, og det kunne berre føre til krig. Dei russiske og kinesiske leiarane, derimot, ser føre seg ei multipolar verd der kvar og ein kan ha ulike ambisjonar. Ingenting ville presse dei til å gå til krig.

Denne artikkelen er ein oppfølgar til:
 1. "Russland vil tvinge USA til å respektere FN-pakta," January 4, 2022.
 2. "Washington pursues RAND plan in Kazakhstan, then Transnistria," January 11, 2022.
 3. "Washington refuses to hear Russia and China," January 18, 2022.
 4. "Washington and London, deafened", February 1, 2022.
 5. "Washington and London try to preserve their domination over Europe", February 8, 2022.
 6. “Two interpretations of the Ukrainian affair”, 16 February 2022.
 7. “Washington sounds the alarm, while its allies withdraw”, 22 February 2022.
 8. “Russia declares war on the Straussians”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 5 March 2022.
 9. "A gang of drug addicts and neo-nazis”, 5 March 2022.
 10 “Israel stunned by Ukrainian neo-Nazis”, 8 March 2022.
 11. “Ukraina: den store manipulasjonen”, 31 March 2022
 12. "The New World Order being prepared under the pretext of war in Ukraine", 29 march 2022.
 13. “The war propaganda changes its shape”, 5 April 2022.
 14. "The alliance of MI6, the CIA and the banditry", 12 April 2022.

USA, som kom seint inn i Verdskrigane og ikkje leid tap på eige territorium, kom sigrande ut av verdskonfliktane. Som arving av dei europeiske imperia, utvikla landet eit dominans-system som gjorde det til «verdspoliti». Men overherredømmet var skjørt og kunne ikkje stå imot utviklinga til store nasjonar. Så tidleg som i 2012 byrja politikk-vitskapsfolk å tale om «Thykidids felle», i analogi med den greske strategens forklaring på krigane mellom Sparta og Aten. Ifølge dei har Kina si oppstigning til makt også gjort ein konfrontasjon med USA uunngåeleg. Med Kina som verdsleiande økonomisk makt og Russland som den nye verdsleiande militærmakta, bestemde Washington seg for å gå til kamp mot dei, ein etter ein.

Det var i denne konteksten at krigen i Ukraina fann stad. Washington presenterer det som «russisk aggresjon», innfører sanksjonar og tvingar sine allierte til å innføre dei og. Det første som slår meg, er at USA – medviten om sitt militære mindreverd, men økonomisk overlegen – valde si slagmark. Men ein analyse av dei involverte kreftene og tiltaka som er sette i verk, motbeviser ei slik tolking av hendingane.

Washington myrda Iraks president Saddam Hussein og Libyas leiar Muamar Gaddafi fordi dei våga å stille spørsmål ved dollarens dominans. Deretter plyndra dei sentralbankane deira.

DET VERDSØKONOMISKE SYSTEMET

Det globale økonomiske systemet vart til gjennom Bretton Woods-avtalen i 1944. Målet var å etablere eit rammeverk for kapitalismen etter krisa i 1928, som nazismen ikkje hadde vore løysinga på. USA tvang fram sin valuta som gull-konvertibel referanse. Verken Sovjetunionen eller Folkerepublikken Kina deltok på konferansen.

I 1971 tok president Richard Nixon avgjerda om å uoffisielt ende dollarens paritet med gull. Det gjorde at han kunne finansiere krigen i Vietnam. I praksis fanst det ikkje lenger nokon fast omsetningskurs. Tiltaket vart ikkje gjort formelt før etter krigen, i 1976. Det var også på denne tida at Kina forma ein allianse med dei anglo-saksiske multinasjonale selskapa. Dei europeiske fellesskapa (EF, forgjengaren til Den europeiske unionen, EU) tilpassa seg ved å regulere dei no flytande omsetningskursane i 1972 («valutaslangen»), og deretter ved å opprette euroen.

Frå 1981 og framover byrja USA å la gjelda si gli av garde. Den gjekk frå 40% av BNP til 130% i dag. Dei prøvde å globalisere verdsøkonomien, dvs. tvinge sine reglar på dei solvente landa og øydelegge statsstrukturane til dei andre (Rumsfeld/Cebrowski-strategien). For å betale gjelda si, trykte dei opp dollar, spionerte på selskapa til dei allierte og stal alle reservane til to store oljestatar, Irak og Libya. Ingen våga å seie noko, men frå 2003 og framover var ikkje det økonomiske systemet til USA lenger det det gjorde krav på å vere. Offisielt var dei framleis liberale, men alle kunne sjå at dei ikkje lenger produserte sin eigen mat eller andre nødvendige varer, og at dei levde av røvartokt.

USA sin økonomi, som utgjorde ein tredel av verdsøkonomien då Sovjetunionen gjekk i oppløysing, utgjer no berre ein tidel.

Mange statar spådde slutten på Bretton Woods-styret og tenkte ut eit nytt system. I 2009 oppretta Brasil, Russland, India og Kina BRICS, snart med tilslutning av Sør-Afrika, for Afrika. Desse landa har danna finansinstitusjonar som, i motsetning til IMF og Verdsbanken, ikkje gir lån på vilkår av strukturelle reformar eller politiske lovnadar om å rette seg etter Washington. Dei investerer heller på leasing-basis, der vertslandet blir eigaren av investeringa når den blir profitabel.

I 2010 danna Kviterussland, Kazakhstan og Russland Den eurasiatiske økonomiske unionen, og fekk snart følge med Armenia. Desse grenselanda etablerte ei frihandelssone med Egypt, Kina, Iran, Serbia, Singapore og Vietnam. Døra står også opa for Sør-Korea, India, Tyrkia og Syria.

I 2013 starta Kina på sitt gigantiske prosjekt «Den nye silkvegen». Året etter, då landets BNP oversteig USA sitt på kjøpekraftsparitet, oppretta Kina Den asiatiske infrastrukturinvesteringsbanken (AIIB), og i 2020 regulerte den utlandsk kapital.

I 2021 utvikla EU sitt «Global Gateway», som skulle konkurrere med Kina og sette igjennom EU sin politiske modell. Men dette kravet vart oppfatta som kolonialistisk narreri og avvist en masse.

Gradvis har dei russiske og kinesiske blokkene kome kvarandre nærare, takka vere fellesprosjektet «Great Eurasian Global Partnership» (2016) innanfor rammeverket til Shanghai Cooperation Organization. Målet er å utvikle heile området ved å skape balanserte kommunikasjonskanalar på det ideologiske grunnlaget definert av kazakhiske Nursultan Nazerbayev: inklusivitet, suverent likeverd, respekt for kulturell og sosio-politisk identitet, openheit og å vere budd på å integrere andre ensemble.

Washington sitt forsøk på å øydelegge denne framveksande eininga har ikkje ein sjanse. Det er slåande at:
 det økonomiske angrepet starta ikkje med invasjonen av Ukraina, men to dagar før;
 angrepet er primært retta mot russiske bankar, russiske milliardærar og den russiske gassindustrien, og ikkje i det heile tatt mot det nye eurasiatiske kommunikasjonssystemet;
 det har som mål å ekskludere Russland frå internasjonale organisasjonar, men omfattar ikkje statane som nektar å fordømme Russland. Derfor vil det dytte dei inn i armane på Beijing.

Med andre ord: USA isolerer ikkje Russland, men dei isolerer Vesten (10% av menneskeslekta) frå resten av verda (90% av menneskeslekta).

USAs president Joe Biden var i praksis den som styrte møtet den 24. mars i Europarådet, der USA ikkje er medlem. Ifølge dei europeiske avtalane, er det NATO som sikrar tryggleiken til EU.

PROSESSEN SOM SEPARERER VESTEN FRÅ RESTEN AV VERDA

 0. Allereie dagen etter at Moskva anerkjende uavhengigheita til folkerepublikkane Donetsk og Lugansk (21. februar, 2022), starta USA eit økonomisk angrep på Russland (22. februar). EU følgde opp dagen etter (23. februar). Vnesheconombank og Promsvyazbank vart ekskluderte frå det globale finanssystemet.

Vnesheconombank (VEB.RF) er ein regional utviklingsbank. Den kunne ha hjelpt Donbas. Promsvyazbank (PSB) investerer hovudsakleg i forsvarssektoren. Den kunne ha spelt ei rolle for avtalen om gjensidig assistanse, Mutual Assistance Treaty.

 1. Då Russland starta ein militær spesialoperasjon i Ukraina (24. februar), utvida USA ekskluderinga av dei første to bankane frå det globale finanssystemet til alle russiske bankar (25. februar). EU følgde opp (25. februar).

 2. For å hindre så mange statar som mogleg i å slutte seg til Russland, utvida Washington handelsembargoen til også å gjelde Kviterussland. EU byrja å nekte russiske bankar tilgang til SWIFT-systemet – slik USA tidlegare hadde instruert dei i – og dei utvida sanksjonane mot Kviterussland og sensurerte dei russiske statsmedia Russia Today og Sputnik (2. mars).

 3. Washington retta skytset mot rike russiske borgarar (feilaktig kalla «oligarkar») med dårlege relasjonar til Kreml (3. mars) og mot import frå russiske energikjelder (8. mars). EU følgde opp, men motsette seg eit forbod mot import av den sårt tiltrengde russiske gassen (9. mars).

 4. Washington utvida finansielle sanksjonar i regi av IMF og Verdsbanken, utvida lista over oligarkar og forbaud eksport av luksusvarer til Russland (11. mars). EU følgde opp (15. mars).

 5. Washington slo fast at medlemmar av det russiske parlamentet Dumaen og oligarkar ikkje lenger har nokre rettar i Vesten; at Russland ikkje lenger ville greie å bruke sine tilgangar i USA til å betale ned gjeld til USA; og at dei ikkje lenger ville greie å bruke gullet sitt til å betale ned utlandsgjeld (24. mars). EU følgde opp desse forboda. Dei erklærte eit forbod mot import av russisk kol og olje, men enno ikkje mot gass.

Tabellen under summerer opp kommunikasjonen frå Det kvite hus og Brussel:

United StatesEuropean Union
«United States Imposes First Tranche of Swift and Severe Costs on Russia» (Feb. 22) EU innfører ein sanksjonspakke som svar på anerkjenninga av dei ukrainske områda Donetsk og Lugansk, utanfor regjeringskontroll (Feb. 23)
«United States and Allies and Partners Impose Additional Costs on Russia» (Feb. 24) Første sett med EU-sanksjonar (February 25)
«The United States Continues to Impose Costs on Russia and Belarus for Putin’s War of Choice» (March 2) Andre sett med EU-sanksjonar (March 2)
«The United States Continues to Target Russian Oligarchs Enabling Putin’s War of Choice» (March 3)

«United States Bans Imports of Russian Oil, Liquefied Natural Gas, and Coal» (March 8)

Tredje sett med EU-sanksjonar (March 9)
«United States, European Union, and G7 to Announce Further Economic Costs on Russia» (March 11) Fjerde sett med EU-sanksjonar (March 15)
«United States and Allies and Partners Impose Additional Costs on Russia» (Mar. 24)

«United States, G7 and EU Impose Severe and Immediate Costs on Russia» (Apr 6)

Femte runde med EU-sanksjonar (April 8)
Den 4. februar 2022 signerte presidentane for Russland og Kina, Vladimir Putin og Xi Jinping ei sams erklæring om visjonen dei har for berekraftig økonomisk utvikling. Dagen etter at den russiske arméen gjekk inn i Ukraina, den 25. februar, stadfesta dei i telefonsamtale at USA sin reaksjon ikkje ville endre noko på avtalen deira.

RESPONSEN TIL RESTEN AV VERDA

Det er eit ekstremt overraskande fenomen å observere: USA har greidd å svinge ein majoritet av statane i verda over til si side, men desse statane er dei minst befolka i verda. Det er som om landet manglar metodar for å legge press på land som har kapasitet til sjølvstyre.

På grunn av dei unilaterale tiltaka til anglo-saksarane og EU, blir verda no delt opp i to heterogene sfærer. Æraen med økonomisk globalisering er no over. Dei økonomiske og finansielle bruene blir brende, den eine etter den andre.

Med rask reaksjon har Russland overtydd sine BRICS-partnarar om å slutte å handle med dollar og arbeide for å skape ein felles virtuell valuta til bruk i transaksjonane sine. Før det kjem på plass vil dei halde fram med gull. Denne valutaen bør baserast på BRICS-valutaene, vekta etter kvart medlemsland sitt BNP, og på ei gruppe varer lista opp på børsen. Eit slikt system bør bli meir stabilt enn det ein no har.

Framfor alt verkar Russland og Kina vise partnarane sine mykje meir respekt enn Vesten gjer med sine. Dei krev aldri strukturelle reformar, verken økonomiske eller politiske. Ukraina-affæren viser at Moskva ikkje prøver å ta makta i Kiev og okkupere Ukraina, men å presse tilbake NATO og slå ned banderittane («nynazistane» ifølge Kreml-terminologi). Ingenting som ikkje er legitimt, sjølv om metoden er brutal.

I praksis er vi no vitne til enden på fire hundreår med dominansen til vestlege og imperia deira. Det er ein konfrontasjon mellom ulike sett å tenke på:

 Vesten tenker no berre veker framover. Med denne kortsyntheita kan dei få inntrykket av at USA har rett og russarane feil. Resten av verda, derimot, tenker i tiår eller til og med hundreår. Då er det liten tvil om at russarane har rett og Vesten generelt tar feil.
 Vidare avviser Vesten internasjonal folkerett. Dei angreip Jugoslavia og Libya utan løyve frå Tryggingsrådet, og dei laug for å angripe Afghanistan og Irak. Dei aksepterer berre reglane dei sjølve lagar. Dei andre statane, derimot, traktar etter ei multipolar verd der kvar aktør får tenke i samsvar med sin eigen kultur. Dei er klare over at berre internasjonal folkerett kan gjere det mogleg å bevare verdsfreden som dei drøymer om.

Heller enn å konfrontere Russland og Kina, har USA vald å trekke seg tilbake inn i imperiet sitt: å isolere Vesten for å oppretthalde overherredømmet sitt.

Sidan 2001 har alle verdsleiarane sett på Vesten, og særleg USA, som eit såra rovdyr. Dei tør ikkje konfrontere dei, og dei ser etter måtar å følge dei roleg til kyrkjegarden på. Ingen trudde nokon gong at dei skulle isolere seg sjølve for å døy.

Oversettelse
Monica Hostettler