I 2001 definerte Donald Rumsfeld og admiral Arthur Cebrowski Pentagon sine mål under æraen av finanskapitalisme. Staben teikna då opp dette kartet over Større Midtausten. Men i 2017 gjekk Donald Trump imot [1] grenseendringane [2], danninga av statar styrt av jihadistar [3] og NATO sitt nærvære i regionen. Frå då av grunna Pentagon på korleis dei skulle halde fram med destruksjonen av statsstrukturar utan å vekke tvil, og slik at Det kvite hus skulle vere nøgde.

I to tiår har Washington prøvd å «omforme» «Større Midtausten», ein tilfeldig definert region som strekk seg frå Afghanistan til Marokko. Men dei siste tre åra har to strategiar krasja: på den eine sida Pentagon, som gjerne vil øydelegge statsstrukturane til alle landa i regionen, enten dei er vener eller fiendar, og på den andre sida Donald Trump, som har til hensikt å dominere regionen kommersielt, utan militær okkupasjon.

Då dei erklærte nedstenging for å hindre Covid-19-utbrotet, åtvara vi om at inngåande endringar var på gang i regionen, og at ting ikkje kom til å sjå ut som før der. Vi starta utifrå observasjonen av at Washington hadde gitt opp å øydelegge staten i Syria, no under Russlands venger. Så hovudspørsmålet var, på den eine sida, kven i regionen ville Pentagon angripe neste gong? Det fanst to moglege svar: Tyrkia eller Saudi-Arabia, som begge er allierte med USA. Og, på den andre sida, kva for marknadar prøvde Det kvite hus å opne?

Denne analysen har vore delt av alle som tolkar dei siste tjue åra som ei implementering av Rumsfeld/Cebrowski-strategien for destruksjon av statsstrukturar i Større Midtausten. Den blir, tvert imot, avvist av dei som, med det at dei nektar å ta omsyn til internasjonale faktorar, naivt tolkar hendingar som ein følge av borgarkrigar (Tunisia, Egypt, Libya, Syria, Jemen og kanskje snart Libanon) utan koplingar til kvarandre.

Men tre månadar seinare har Tyrkia militær støtte av Iran i Libya, medan Saudi-Arabia har fordufta frå radaren, særleg i Jemen, og Emirata er i ferd med å bli ein pol for regional stabilitet. Det regionale skiftet har byrja gagne Ankara og Abu Dhabi, og blitt til skade for Riyadh. Dei mest radikale endringane er Iran si heilomvending i høve til NATO, dei betra relasjonane mellom USA og Tyrkia, og framgangen til Dei sameinte arabiske emirata. Så vi hadde rett, og dei som hyllar borgarkrigsmyten er blitt drukne på seg sjølve. Sjølvsagt vil dei ikkje innsjå det, og dei vil trenge mange månadar på å tilpasse sin feilaktige diskurs til realitetane.

Det trengst ikkje seiast høgt at kvar aktør vil måtte justere sin posisjon, så observasjonane våre er berre gyldige for i dag. Men regionen endrar seg svært raskt, og dei som tenker for lenge før dei reagerer vil automatisk tape – eit poeng som særleg gjeld for europearane. Denne nye situasjonen er svært ustabil, og den vil bli sett spørsmålsteikn ved – av Washington dersom Trump ikkje vinn ein ny presidentperiode, av Moskva om ikkje Putin greier å halde på makta, eller av Beijing om president Xi held fram med å bygge seksjonar av Silkevegen i Vesten.

Under største medietystnad trekte Dei sameinte arabiske emirata seg unna Saudi-Arabia på den jemenittiske slagmarka. Dei støtta stammar som ekskluderte saudi-arabiske troppar frå landet sitt. Saman med britane okkuperte dei øya Sokotra og tok kontroll over sundet Bab el-Mandeb ved utløpet til Raudehavet. Dei delte Jemen og gjenoppretta grensene mellom nord-Jemen og sør-Jemen som var under Den kalde krigen [1].

Iran har, trass grensedisputtane med Emirata og krigen dei nett har ført gjennom jemenittiske mellommenn, vore tilfreds med denne løysinga, som lar sjiitt-houtiane få noko som liknar fred, men utan å enno ha nedkjempa hungersnauden. Etter å endeleg ha godtatt at Donald Trump hadde blitt vald til president i USA, fornya Teheran kontakten med Washington tre år på seinare. På spektakulært vis erklærte regjeringa til Hasan Rohani militær støtte til el-Sarraj-regjeringa i Libya [2]. I praksis betyr det at dei støttar Den muslimske brorskapen (som på 1990-talet i Bosnia-Herzegovina), Tyrkia og NATO (som under regimet til shah Reza Pahlevi). Under slike forhold skjøner vi ikkje kva Iran gjer i Syria, der dei liksom skal kjempe imot sine nye allierte, jihadistane, Tyrkia og NATO.

Sjølvsagt må vi bere i minne at Iran, som det nye Israel, har to hovud. Utsegnene til Rohani-regjeringa forpliktar ikkje nødvendigvis revolusjonsføraren ayatollah Ali Khamenei.

I alle fall set denne endra bordoppsatsen libanesiske Hizbollah i ei dårleg stilling. Det kjem no fram at det var USA som med vilje framprovoserte det libanesiske pundet sin kollaps, med hjelp frå sentralbanksguvernøren, Riad Salamé. Washington prøver no å tvinge på Beirut ei US-amerikansk lov (Caesar Syria Civilian Protection Act) som vil tvinge Libanon til å stenge grensa til Syria. For å overleve ville Libanon bli tvinga til å danne allianse med den einaste andre makta som dei deler landgrense med: den makta som tidlegare koloniserte dei, Israel [3].

Visseleg vil ein slik tohoda koalisjon, som kombinerer støttespelarane til det tidlegare britiske koloniprosjektet og dei til nasjonalismen til den tredje generasjonen israelittar, ikkje lenger la det skje ein invasjon av Libanon. Men denne koalisjonen er ekstremt skjør, og ein retur til fortida er framleis mogleg, om ikkje sannsynleg. Den einaste løysinga for Libanon er derfor å ikkje bruke USA-lova og å søke støtte, ikkje frå USA, men frå Russland og Kina. Det var dette Hizbollahs generalsekretær Hasan Nasrallah våga seie offentleg. Han meiner Iran – trass tilnærminga deira til Tyrkia (som er til stades i nord-Libanon med Den muslimske brorskapen [4]) og til NATO (som er til stades bak Israel) – framleis er, kulturelt sett, mellommannen mellom Kina og Vesten. Gjennom Antikken og Middelalderen snakka dei ikkje dei mangfaldige lokale språka langs Silkevegen, men persisk.

Historisk sett vart Hizbollah skapt etter modellen til Bassij av den iranske revolusjonen, som dei også deler flagg med. Men før Syria trekte seg ut av Libanon i 2005, kom våpna deira frå Damaskus, og ikkje frå Teheran. Dei lyt derfor velje mellom sine to sponsorar, enten av ideologiske grunnar eller av materielle grunnar. Sayyed Hassan Nasrallah støttar den syriske sekulære modellen, medan nestleiaren, sjeik Naïm Qassem, ubetinga støttar den iranske teokratiske modellen. Men pengane er i Teheran, ikkje i Damaskus.

Uansett kan det hende libanesarane er på feil spor. Dei forstår ikkje korfor Washington overveldar dei, for dei tenker ikkje på at USA og Russland har bestemt seg for å implementere det regionale Jalta som dei forhandla seg fra til i 2012, og at Hillary Clinton og François Hollande er borte. I så fall kan Beirut ha vore inkludert i den russiske påverknadssona utan deira kjennskap.

Atter ein gong, og slik det har vore oppigjennom hundreåra, har interessene til Vest-maktene rørt seg i retning sekularisme. Men strategien deira, å dominere regionen, fører dei heile tida til å stole på dei religiøse – mot nasjonalistane (med USA i 1953 som einaste, og kortvarige, unntak).

Syria, omringa av USA-allierte, har ikkje anna val enn å skaffe sine forsyningar frå Russland, noko den herskande klassen der har vore tilbakehaldande med å gjere dei siste seks åra. Dette blir berre mogleg dersom ein løyser konflikten mellom president Basjar al-Assad og den fjerne slektningen hans, milliardæren Rami Makluf, og, vidare, med alle dei syriske oligarkane. Denne krangelen har ingenting å gjere med familiefeiden som media skildrar. Den må samanliknast med president Vladimir Putin si overtaking av dei russiske oligarkane under 2000-talet, som gjorde han i stand til å slette feila som vart gjort under Jeltsin-perioden. Sytten år med embargo mot Damaskus har berre seinka denne uunngåelege endinga. Det er berre når denne konflikten har blitt løyst at Damaskus vil kunne tenke på å ta tilbake sine tapte territorium: Golanhøgdene, som Israel har okkupert, og Idlib, som Tyrkia har okkupert [5].

Irak var det andre landet – etter Emirata – som har forstått den iranske endringa. Dei fekk straks i stand ein avtale med Washington og det nye Teheran om å utnemne sjefen for dei hemmelege tenestene, Mustafa al-Kadhimi, til statsminister, trass i at han under dei siste seks månadane har blitt heftig anklaga for medverknad til drapet på den sjiittiske helten Qassem Soleimani i Bagdad [6]. Irak burde derfor ikkje lenger kjempe mot sine gjenoppståtte jihadistgrupper (anglo-saksarane sine leigesoldat-organisasjonar, og no støtta av Iran), men i staden forhandle med leiarane deira.

Israel, den einaste staten i verda som no er styrt av to statsministrar, vil ikkje lenger klare å spele rolla som ei forlenging av dei anglo-saksiske maktene. Dei vil heller ikkje klare å bli ein nasjon lik dei andre. Heile utanrikspolitikken deira er paralysert, akkurat no når Libanon er svekka og eit lett bytte for dei. For støttespelarane av koloniprosjektet, sameinte bak statsminister Benjamin Netanjahu og no i nedgang, er Irans endring allereie synleg i Irak og Libya. Dei har eit påtrengande behov etter å finne opp ein ny ikonisk fiende for å halde seg sjølve oppe. På den andre sida, med dei israelske nasjonalistane, sameinte bak andre-statsminister Benny Ganz, er det tilrådeleg å ikkje kaste steinar på nokon og å forsiktig forhandle med Hamas (d.v.s. med Den muslimske brorskapen) [7].

Egypt held framleis fokuset på sitt eige matproblem. Dei greier berre forsyne folket sitt med mat med Saudi-Arabia si hjelp, og planlegger utviklinga si med kinesisk hjelp. For augneblinken er dei paralyserte av saudiane si tilbaketrekking og den anti-kinesiske offensiven til USA. Men dei held fram med gjenopprustinga.

Til sist: Libya eksisterer ikkje lenger som stat. Landet er delt i to, som Jemen. På grunn av NATO sin siger 2011 og fråveret av US-amerikanske bakketroppar, er det den einaste plassen i regionen der Pentagon kan følge opp sin Rumsfeld/Cebrowski-strategi utan problem [8]. Den nylege militære suksessen til regjeringa el-Sarraj (d.v.s. Den muslimske brorskapen) – støtta av Tyrkia, og no også av Iran – bør ikkje vere eit narrespel.

Regjeringa til marskalk Haftar – støtta av Emirata og Egypt – står imot. Pentagon har til hensikt å forlenge konflikten så lenge som mogleg, på bekostning av heile folket. Dei støttar begge sider samtidig, slik dei gjorde under Iran/Irak-krigen (1980-88), og vil alltid kome taparen til unnsetning, berre for å overgi han dagen etter.

Dei to største taparane i denne situasjonen er Kina og Saudi-Arabia.

Den kinesiske påverknaden stoppar i Iran. Den har nett blitt stoppa av utanriksminister Mike Pompeo i Israel. Beijing vil ikkje bygge sitt verdas største avsaltingsverk, og prosjekta deira for hamnene i Haifa og Asjdod er dømde til å mislykkast trass i at gigantiske investeringar allerie er gjort. Ingen vil våge å eliminere dei 18 000 kinesiske jihadistane på den syrisk/tyrkiske grensa [9] så der vil alltid vere ustabilt, og det stenger for ein mogleg nordpassasje der for Silkevegen. Alt som blir att blir difor den planlagde sørpassasjen gjennom den egyptiske Suezkanalen, men denne vil framleis vere under vestleg kontroll.

Ingen veit kor Saudi-Arabia står. På under tre år har prins Mohamed Ben Salmane (MBS) greidd å vekke vilt håp i Vesten og støyte ifrå seg alle maktene i regionen ved å henge og stykke opp opponentane sine, følgd av oppløysing av kroppane deira i syre. Landet hans måtte trekke seg tilbake frå Jemen etter sitt omsynslause vågestykke der, og gi opp sine store prosjekt, medrekna konstruksjonen av frisona som skulle huse verdas milliardærar, Neom [10]. Dei gigantiske oljereservane i landet er ikkje lenger spekulasjonsobjekt og har tapt det meste av verdien sin. Den største militærmakta i regionen er berre ein koloss på leirføter, i ferd med å døy i ørkensanden, der den vart fødd.

Til sist når no president Donald Trump målet sitt: han har slått Pentagon sin plan om å gi ein stat til ein terroristorganisasjon, ISIS, og deretter greidd å få alle statane i regionen tilbake i USAs økonomiske sone, unntatt Syria som har vore tapt sidan 2014 allereie. Men samtidig har også Pentagon hatt sine delsigrar: dei greidde å øydelegge statsstrukturane i Afghanistan, Irak, Libya og Jemen. Det var berre i Syria dei tapte, utan tvil på grunn av den russiske militære intervensjonen, men framfor alt fordi syrarane sidan første byrjing har lekamleggjort statskonseptet.

Øydelegginga av afghanske statsstrukturar etter Pentagons plan og tilbaketrekkinga av USAs troppar, som vil tre i kraft same dag som presidentvalet i USA, etter Trumps vilje, kunne ha kjennemerka alliansen mellom desse to kreftene. Men det er ikkje tilfellet. Pentagon prøvde forgjeves å innføre unntakstilstand i USA i møte med Covid-19-epidemien [11], deretter gav dei løynd støtte til «Antifa»-medlemmar som dei allereie hadde leidd i Syria [12] for å koordinere såkalla «raseopptøyer». Russland, som aldri har vakla i posisjonen sin, ventar klokeleg på å hauste laurbera etter sitt engasjement i Syria.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Den første NATO-krigen i Midt-Østen gjør om på regional orden”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Bjørn Thorsønn, Voltaire Network, 2 avril 2020.

[2Iran støtter NATO åpent i Libya”, Oversettelse Ingunn Kvil Gamst, Voltaire Network, 19 juin 2020.

[3Hassan Nasrallah says US wants to cause famine in Lebanon”, Voltaire Network, 17 June 2020.

[4Turkey and demonstrations in Lebanon”, Voltaire Network, 13 February 2020.

[5Turkey’s de facto annexation of Syria”, Voltaire Network, 18 June 2020.

[6Washington og Teheran plasserer en av Soleimanis mordere ved makten i Irak”, Oversettelse Ingunn Kvil Gamst, Voltaire Network, 19 mai 2020.

[7The Decolonization of Israel has Begun”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 26 May 2020.

[8Preparing for a new war”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 7 January 2020.

[9De 18 000 al-Qaeda-uigurene i Syria”, Oversettelse Jostein Bjørkemo, Voltaire Network, 22 août 2018.

[10Egypt contributes part of its own territory for Plan Neom”, Translation Anoosha Boralessa, Voltaire Network, 8 March 2018.

[11Putchists in the Shadow of the Coronavirus”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 31 March 2020. “The Pentagon against President Trump”, Voltaire Network, 12 June 2020.

[12NATOs anarkistiske brigadar”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Monica Sortland, Voltaire Network, 18 septembre 2017.