Donald Trump vart innsett som president den 20. januar 2017. Sjølv om han nett hadde sverga eden, og difor ikkje hatt tid til å gjere noko som helst, verken av godt eller vondt, så organiserte Hillary Clinton sine sponsorar allereie dagen etter ein gigantisk demonstrasjon mot han i Washington.

Som bevis for at det som her står på spel ikkje berre er ei sak for USA, sette ein i scene identiske demonstrasjonar i i talrike land, spesielt i Storbritannia. Sjølvsagt var ikkje demonstrasjonane ein reaksjon på noka bestemt gjerning, dei uttrykte rett og slett frykta si. Utanfor USA var det mange av dei som bar plakatar med teksten «eg er vettskremt».

Donald Trump, som motstandarane karakteriserer som ein person utan klare retningslinjer og som ein aldri kan vite kor ein har, har i lengre tid indikert kva han har planar om å gjere. Først av alt demonstrerte han det, deretter forklarte han, først ved hint og deretter heilt tydeleg – han har til hensikt å gi det amerikanske folket tilbake makta som vart konfiskert den 11. september 2001.

Sjølv før han formelt tok del som kandidat i valkampen, hadde Donald Trump forsøkt opne saka om dette Maktranet, ved å sponse rørsla for sanninga om kor president Barack Obama vart fødd. Basert på vitneutsegnet til presidenten si bestemor, deretter på fråveret av registrering i Hawaïs offentlege arkiv, og vidare på uregelmessigheiter i fødselsattesten hans, viste Trump at Obama var fødd som statsborgar under Den britiske krona (the British Crown) i Kenya.

Men likevel, i løpet av valkampen, då det gjekk opp for han at han hadde ein reell sjanse til å vinne, lukka han saka og avstod frå å på nokon måte provosere presidenten. Han slutta å hinte om diarki [dobbeltregjering, tomannsvelde, oms.]. Men han konsentrerte bodskapen sin om tilrøvinga av den reelle makta, gjort av ei lita eksklusiv gruppe som Hillary Clinton var den synlege talskvinna for.

Standpunkta hans, som verkar meiningslause sett i lyset av tradisjonelle politiske motsetningar, anten det gjeld utanrikspolitikk – er han ein intervensjonist eller ein isolasjonist? – eller økonomien – er han for frihandel eller proteksjonisme? – er i motsetning fullstendig tydeleg for dei som lir under Maktranet.

Han har aldri slutta å gjenta, tydeleg nok til å behalde støtta frå medpatriotane sine, men utydeleg nok til å unngå konfrontasjon front mot front, at alle avgjerder tatt sidan 9/11 er illegitime. Dette har ingenting å gjere med antagonismen mellom Republikanarane og Demokratane, sidan desse avgjerdene vart godkjende av Republikanaren Bush Jr. og Demokraten Obama. Tvert imot har det å gjere med ei eldgamal sivilisasjonskløft mellom kasten som lukka augo for 9/11 og dei som vart knuste av hendinga, mellom tilhengarane av Mayflower-puritanismen og tilhengarane av Fridom.

I motsetning til forgjengarane sine, skreiv han innsettingstalen sin sjølv, og sentrerte den kring dette – «Dagens seremoni betyr noko heilt spesielt, for den er ikkje berre overføring av makt frå ein administrasjon til ein annan. (...) Det som verkeleg betyr noko, er ikkje kven som har regjeringsmakta, men det faktum at regjeringa er i hendene på det amerikanske folket.»

Frå dag ein av, tvert imot US-amerikanske tradisjonar, sette han ned ei Nasjonal Tryggleiksgruppe med tung vekt av soldatar – generalane James Mattis, John Kelly og Michael Flynn. Til trass for at Pressa presenterer sei som ei tilfeldig samanraska gruppe våsete karakterar utvalde uavhengig av kvarandre, har han i røynda vald dei for å ta tilbake Makta som vart konfiskert av ein fraksjon av det militær-industrielle komplekset.

Den nye forsvarsministeren, general James Mattis, vart godkjend av Senatet og har blitt tatt i eid. Han er blant likemenn rekna for å vere ein lærd mann og ein av dei beste strategane av sin generasjon. Under valkampen fekk han førespurnad om å stille som motkandidat til Trump, som representant for Det republikanske partiet. Han kom i tvil etter å ha oppdaga Washington-politikken si mørke side, og trakk seg deretter frå konkurransen utan noka forklaring. Tilbakekomsten hans vart tatt varmt imot av hæren, særleg ettersom to tredelar av militæret hadde stemt på Donald Trump. Dei siste to åra har Mattis drive med research ved Hoover Institution (ein Republikansk tenketank med base ved Standford University). Han sysla med studier av relasjonane mellom sivile og militæret, noko som vitnar om ein vilje til å plassere dei væpna styrkane tilbake i Folkets teneste.

Då han kom til Pentagon, distribuerte Mattis eit kort Memorandum der han bekrefta at «militæret og etterretningsbyråa skal stå vakt over og verne om Nasjonen» – ei formulering som har til hensikt å dempe konflikten om Russland som opponerer mot Trump og den avtroppande CIA-direktøren John O. Brennan – og å på ny orientere arbeidet til tryggingsstyrkane mot vernet om Nasjonen, heller enn å følge ein imperiumsfantasi eller vernet om interessene til multinasjonale selskap.

Ettersom CIA-direktør Mike Pompeo framleis ventar på godkjenning frå Kongressen, drog president Trump sjølv til CIA. Medan dei snakka om både det eine og det andre, sette han klart kursen framover – «å utrydde islamsk terrorisme frå jorda si overflate». Han verkar vere klar over debattane som dei siste fire åra har sendt skjelvingar gjennom Byrået , om galskapen i å støtte ISIS – debattar som gjorde rådgjevaren hans på Nasjonal Tryggleik, Michael Flynn, fortent til posten som direktør for militæretterretninga Military Intelligence. Trump nemnde ikkje kontroversen om den påståtte russiske innblandinga i USA sin valkamp, endå mindre vart sagt om rolla til «russiske agentar» som Pressa hadde gitt til den tidlegare kampanjedirektøren hans, Paul Manafort, og to andre av rådgjevarane hans, Carter Page og Roger Stone.

Med Pompeo fråverande, rørte ikkje Trump ved spørsmålet om ein strukturell reform for CIA. General Mattis sitt Memorandum, general Flynn ved Trumps side, og måten han har hylla Pompeo på – ein brilliant student ved militærakademiet West Point – gir inntrykk av at det nye laget hans har til hensikt å plassere CIA i omløpsbana til Pentagon heller enn til utanriksministeren – eit alternativ som har som målsetning å redusere sannsynet for intervensjon frå Hillary Clinton, som framleis har stor påverknadskraft i sitt eks-departement.

Donald Trump har bede kring femti medlemmar av Obama-administrasjonen bli i postane sine. Blant dei:
 Brett McGurk, spesialutsending til anti-ISIS-koalisjonen;
 Adam Szubin, visefinansminister [under-Secretary of the Treasury] med oppgåva å bekjempe finansieringa av terrorisme;
 Nicholas J. Rasmussen, direktør for the National Counter-Terrorism Centre [nasjonalt antiterrorisme-senter];
 Dab Kern, spesial-stabssjef for Det kvite hus.

Det verkar difor som om Det kvite hus ønsker å disponere eit lag til bekjemping av ISIS.

Ein stabssjef for koordinering av tenester, general Joe Dunford, har gitt til kjenne at han er klar for å presentere for president Trump ulike alternativ for å angripe ISIS. Eitt av dei går ut på å ta al-Raqqah med 23 000 arabiske leigesoldatar som allereie er trente av Pentagon. Dunford var i Paris den 16. januar, der han var møteleiar for Koalisjonen sine stabssjefar.

Kva for avgjerd Donald Trump enn måtte velge, så vil han måtte ta omsyn til det faktum at Kalifatet har blitt tungt væpna av Obama-administrasjonen. Ved sidan av dette har ISIS ei kamperfaring som Pentagon sine nye leigesoldatar ikkje har. I tillegg vil han måtte ta ei avgjerd om kva for framtid han vil støtte i Irak og i Syria.

President Trump har utnemnt sin rådgjevar for nasjonal tryggleik, general John Kelly, som har blitt godkjent av Senatet og tatt på seg vervet. Ifølge den US-amerikanske Pressa – vanlegvis ei upåliteleg kjelde til informasjon, bør brukast med stor varsemd – var denne tidlegare daglege leiaren for SouthCom vald for sin kunnskap om den meksikanske grensa og farane som er involvert. Kan så vere.

Men der kan finnast andre grunnar for dette valet – Kelly var assistenten til Mattis i Irak. I 2003 kom dei begge i konflikt med Paul Bremer III, sjefen for the Coalition Provisional Authority – som, i motsetning til kva tittelen kunne tyde på, ikkje var avhengig av Koalisjonen, men av mennene som organiserte 9/11. Dei opponerte også imot borgarkrigen som John Negroponte hadde bestemt seg for å organisere for å orientere den irakiske resistansen bort ifrå okkupanten, ved å skape Det islamske emiratet (framtidige Daesh) i Irak. Mattis & Kelly prøvde tvert imot å hedre stammehøvdingane i sentrale Irak, slik at dei ikkje lenger skulle oppfattast som okkupantar. Dei søkte støtte hos sjefen for US-amerikansk militærinterretning i Irak, Michael Flynn. Men dei tre mennene underkasta seg til slutt ordrane til Det kvite hus.

General Michael Flynn vart nominert til Donald Trumps rådgjevar for nasjonal tryggleik. Sidan posten ikkje trengde godkjenning frå Senatet, starta han i jobben med det same. Vi har allereie presentert denne mannen som forsvararen av USA som Nasjon, og med dette den leiande motstandaren til CIA sin bruk av islamistisk terrorisme.

På jakt etter måtar å redusere autoriteten hans, starta Hillary og kampanje-direktøren hennar, John Podesta, eit rykte om at han eller sonen hans, Michaël Flynn Jr., ikkje greidde halde munn, og hadde hjelpt oss å skrive ein artikkel om etterretningsreformen. I tilfelle denne anklagen ikkje skulle vere nok, så brukte dei ein av Michaël Jr. sine Twitter-meldingar som hadde lenke til ein av våre artiklar, for å anklage dei to mennene for «konspirasjonisme – med andre ord, søkande sanninga om hendingane 9/11.

I motsetning til kva US-amerikansk Presse latar som, så har generalane Flynn, Mattis & Kelly kjent kvarandre i lang tid, og tener same sak – noko som ikkje betyr at relasjonane dei imellom alltid er enkle. Berre senior-offiserar med slik status er i stand til å hjelpe president Donald Trump med å ta tilbake Makta som usurpert sidan 11. september 2001.

For å lykkast med dette, må dei reinske opp i Pentagon, CIA og dei internasjonale institusjonane som har blitt korrumperte – NATO, EU og UNO.

Millionane som demonstrerte mot president Donald Trump hadde rett i å rope ut si otte. Ikkje at han som no bur Det kvite hus er ein misogynist, ein rasist og ein homofob – noko han ikkje er – men fordi vi nærmar oss eit punkt der knutane skal løysast opp. Det er meir enn sannsynleg at den usurperte maktstrukturen ikkje vil la seg gå i oppløysing utan reaksjon.

Denne konfrontasjonen vil ikkje ta stad i Midt-Austen denne gongen, men i Vesten, og spesielt i USA.

Oversettelse
Monica Sortland